Odda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei gate i Odda sentrum.
Foto: Leif-Harald Ruud (2024).
Odda sett frå Hjøllo med smelteverket.
Foto: Kraftmuseet/Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (før 1956).

Odda er ein by i Ullensvang kommune i Hardanger. Staden har 4 764 innbyggjarar (2023), og arealet er 2,9 km². Han er administrasjonssenteret i kommunen, eit viktig handelssentrum, og dessutan eksporthamn for industriprodukt. Odda ligg ved sørenden av Sørfjorden, ein arm av Hardangerfjorden. På vestsida av Sørfjorden ligg Tokheim og Eitrheim som ein slags «satelittar» til Odda.

Historie

Hardanger sin største tettstad har lange tradisjonar både som turist- og industrisentrum. Det starta med turisttrafikk sist på 1800-talet, då Odda var blant dei viktigaste turistmåla i landet. Men verkeleg stor vekst fekk staden med vasskraftutbygginga og industrireisninga i kommunen som starta først på 1900-talet. Denne utviklinga gav tilbakegang i turisttrafikken, og først frå 1970-talet og utover har turisttrafikken igjen vist vekst.

Hjørnesteinsbedrifta Odda Smelteverk vart lagd ned i 2003. Industriarven i Odda og Tyssedal vart i 2009 oppført på Noregs tentative liste til UNESCOs verdensarvliste saman med industriarven på Rjukan og Notodden. Sistnemnde vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste i 2015.

Kommunikasjonar

Byen ligg sentralt til, og han har vegsamband både vestover til Haugesund, austover til Telemark og Oslo, og nordover til Bergen og Voss. Då Folgefonntunnelen vart opna i 2001 og Jondalstunnelen i 2012, vart sambandet med Sunnhordland, vestre Hardanger og Bergen enda betre. Riksveg 13 frå Stavanger til Sogndal går gjennom Odda, og 17 kilometer lenger sør ligg knutepunktet Jøsendal, der Riksveg 13 møter Europaveg 134.

Frå Odda går om lag 12 bussruter i ymse retninger. Desse er samla under Skyss, som har det totale ansvaret for tilbodet av buss, båt og bane i Vestland fylke.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 60.06905° N 6.54559° Ø