Raulandsvegen (Vinje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Raulandsvegen med gardane Åbø Groven (gnr. 35/1) og Drotning (gnr. 36/1).
Foto: Roy Olsen (2023).

Raulandsvegen i Vinje kommune går nordover frå Vinjevegen (E134) i Åmot til krysset med Totakvegen og Rjukanvegen i Rauland sentrum. Han er 17,6 kilometer lang og er ein delstrekning av fylkesveg 37.

Det er krysset i Rauland sentrum som var opphavet til namnet «Krossen». Det skal ha vore Vegvesenet som fann på å nytte dette namnet kring 1950. Dei fastbuande kallar staden «Krysset».

Vegen har namn etter tidlegare Rauland kommune.

Kilder

  • Norgeskart: Raulandsvegen
  • Vinje kommune: Oppstart av namnesak i Vinje kommune – Rauland sentrum (tettstadnamn) og Rauland (bygdenamn). Vedtak i Plan- og miljøutvalet 20.03.2024


Koordinater: 59.57001° N 7.98916° Ø