Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland. Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk ( Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986. Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning. Les mer …
Den gamle og den nye kyrkja i Vingelen 1882. Garden i framgrunnen er Ousta (?), der Sara Oust var frå. Vingelen gruve låg tre km nord for denne staden. Foto: Ukjent. Digitalt museum.
Vingelen kopargruve låg i Vingelen sokn i Tolga. Verksemda der var starta av Røros koparverk ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit haugiansk kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten Sara Oust.
Les mer …
Jeg er så glad hver julekveld er ein julesong. Teksta er skrivi av Marie Wexelsen (1832–1911) og kom ut i 1859, i boka Ketil, en Julegave for de Smaa. I Wexelsenfamilien finst det ein melodi denne songen vart sungen på, men melodien som har festa seg til teksta, er det Peder Knudsen som har skrivi. Han var husmannsson frå Vågå og vart organist i Ålesund. Melodien var kjend og brukt i Ålesund så tidleg som i 1862, men så seint som i 1898 står songen oppført med ein annan melodi i Seips visebok. Det har danna seg ein myte om korleis Marie og Peder møtte einannan. Dette er truleg ikkje anna enn ei søt historie. Det er ikkje noko som tyder på at Marie nokon gong var i Ålesund, eller at ho og Peder hadde kontakt. Men teksta til Marie og melodien til Peder har smelta saman til eit heile. Les mer …
Åker i Vang i Hedmark har hatt vært eid av offiserer i lang tid. En av de første av disse var Georg Reichwein. Alle husene på garden har blitt bygd om senere, men deler av de eldste kan føres tilbake til Reichweins tid. Foto: Cato Edvardsen (2006) Georg Reichwein (1593-1667) var en offiser som utmerket seg under Hannibalsfeiden 1643-1645 og Karl Gustav-krigene 1657-1660. Han var født i Hessen i Tyskland, og kom til Norge i 1628. Reichwein eide den adelige setegarden Åker i Vang, nåværende Hamar kommune. Han er også kjent som «Jørgen Reichwein». Georg Reichwein ble født i 1593 i enten Kassel eller Marburg. Disse byene lå i Hessen-Kassel, som var et sjølstendig landgrevskap i det tysk-romerske riket. Han var sønn av en skredder, og var sannsynligvis student, siden han kunne uttrykke seg på latin, gresk, fransk og italiensk. Senere valgte han imidlertid en militær løpebane, og under Trettiårskrigen deltok han på protestantenes side. Bakgrunnen for dette skal ha vært at han var ivrig kalvinist. Les mer …
Pollfoss hotell i september 2012. Fjelltoppen Framrusthovden i bakgrunnen. Foto: Kristian Hosar
Pollfoss hotell og gjestehus ligg i Skjåk kommune, i Billingsdalen ved riksveg 15. Hotellet vart bygt i 1897 rett ved den spektakulære Pollfossen i Ottaelva, i skogterreng ved starten av fjellovergangen til Stryn (Nordfjord) og Geiranger (Sunnmøre). Før hotellet kom, var det skysstasjon der i nokre år.
Marknadsgrunnlaget har gjennomgåande vore turisttrafikken. Behovet og moglegheitene for hotelldrift kom med køyrevegane over fjellet på slutten av 1800-talet, Grotli-Geiranger (opna 1889) og Grotli-Stryn (1894). Særleg i dei fyrste tiåra var hotellet også søkt av helserekonvalesentar. Det tørre klimaet i Skjåk er godt for folk med luftvegsplager, og dessutan meinte ein at det skulle vere helsebot i det høge ozoninnhaldet i lufta ved Pollfoss. Les mer …
Heimane rundt Marlo, synst i grenda Reppen. Marlostrædet lengst oppe til venstre, prestegarden nede til høgre. Midt på biletet Marlo skule. Alle heimane oppunder skogbrynet var husmannsplassar under gardane lenger nede på matjordbeltet. Foto:Hans P. Hosar 2009
Marlostrædet (gnr. 57/5) er eit småbruk i Skjåk. Det var husmannsplass under gnr. 57/1 Nedre Marlo (Skjåk prestegard) til 1924, da brukaren fekk kjøpt det til sjølveige. Plassen er fyrst nemnd i kjende kjelder i 1826. Da vart det inngått kontrakt mellom plassmannen Johannes Olsen og husbonden Kristen Rasmussen Marlo. Ordlyden i kontrakten synest vise at Johannes og kona Anne var dei fyrste plassfolka i Marlostrædet. Det peikar i same retning at Johannes er den fyrste som står oppført under Marlostrædet i Ættebok for Skjåk (band I side 176).Johannes og Anne fekk fire born:
- Ola (fødd 1819) er kjend som Ola Tåro, etter namnet på plassen han bygsla som husmann under Uppistun Vange. Han vart forresten bestefar til LO-formannen Halvard Olsen.
- Anne (fødd 1823), flytta til systersonen i Talvik i Finnmark i 1877 (saman med systera Ågot, sjå nedanfor)
- Eilev (fødd 1828), vart buande saman med foreldra i Marlostrædet og overtok bygsla på plassen (sjå nedanfor).
- Ågot (fødd 1833), vart mor til stortingsmann Johannes Kummeneje. Ho flytta i 1877 til sonen som var blitt lærar og lensmann i Talvik. Det var same året han tok til som lærar der. Les mer …
|