Tollekniven (foreining i Christiania)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolai Ramm Østgaard, truleg på slutten av 1850-talet. Fotograf ukjent.

Tollekniven var namnet på ei foreining av litteratar og generelt kulturinteresserte menn i Christiania på 1840-talet. Ein av medlemmene, Nikolai Ramm Østgaard, omtalar det som eit slutta selskap av «Mænd i forskjellige Livsstillinger», men som hadde «et fælles Berøringspunkt i den varme Interesse hvormed de omfattede Alt hva der angaaer norsk Natur og Folkeliv».

Østgaard skreiv dette i desember 1851 i føreordet til En Fjeldbygd som kom ut da. Han fortel vidare at selskapet eksisterte der i hovudstaden for «et Par Aars Tid siden», og at han enno, «forsaavidt som det endnu existerer», rekna seg som medlem. Tollekniven hadde såleis truleg preg av å vere ein uformell selskapsklubb meir enn ein fast organisert samskipnad. Det har ikkje hittil late seg gjere å fastslå meir nøyaktig korkje når foreininga kom i gang eller kor lenge den eksisterte.


Verksemda

Ei hovudsak ved samankomstene i Tollekniven var at medlemmene på omgang skulle underhalde dei andre med reiseskildringar og forteljingar, deriblant gjerne anekdoter og skrøner. Det skulle vere til opplysning om folkelivet og andre forhold i ulike delar av landet, der altså vedkomande som foredrog hadde overtydande kjennskap til stad og folk. Østgaard fann på å fortelje eit par historier og framseie regler på tynsetmålet, som han kunne frå sin oppvekst der. Dette vakte begeistring, og dei andre sin entusiasme fekk Østgaard til å setje i gang arbeidet med En Fjeldbygd.

Namnet Tollekniven skulle assosiere til det folkelege og heilnorske ved reiskapen med den nemninga, men skal også ha vore eit ordspel med referanse til at selskapet bestod av 12 personar.


Medlemmene

Vi har ikkje full oversikt over kven dei 12 var. Det er nokså sikkert at desse var medlemmer av klubben i tillegg til Østgaard: Peter Christen Asbjørnsen, Jørgen Moe, Bernt Lund og Paul Botten Hansen. Arne Dag Østigaard framheld at truleg også Aasmund Olavsson Vinje og brørne Mikkel og Anders Trøan frå Dalsbygda i Os , som var fettarar av Østgaard, var med i krinsen. Det same kan ha gjulde brørne Nils og Peder Trønnes frå Stor-Elvdal. Bernt Lund, bondeson frå Våler i Solør, var jamgammal med Østgaard, og hadde gått på skule i Elverum og hjå prost P.V. Deinboll i Løten, noko som også var tilfelle med Østgaard. Dei to har høgst sannsynleg kjent til kvarandre allereie frå den tid.

Dersom namnelista ovanfor er rett, kan ein trygt slå fast at Tollekniven var sterkt prega av bondestudentar og bygdeintellektuelle elles. Ein kan vel også jamføre det med seinare tiders bygdelagssamskipnader og andre innflyttararforeiningar i hovudstaden. Asbjørnsen var den einaste av dei ovannemnde som var fødd og oppvaksen i byen (Christiania). Men mora hans var lensmannsdotter frå Sunnmøre, og faren, som var glasmeister, skal ha hatt slekta si frå Gudbrandsdalen (noko som rett nok er uvisst). Østgaard hadde embetsfamiliebakgrunn (oppfostra hjå bestefaren Nicolai Hersleb Ramm, skoginspektør på Tynset), men faren Michael Østgaard var bondeson. Alle dei andre i Tollekniven var søner av gardbrukarar, eller, for Vinjes vedkomande, av plassfolk. Det kan også påpeikast ei tilknyting til det militærintellektuelle miljøet i samtida. Jørgen Moe underviste ved Krigsskolen nettopp på den tida (1845-1853), Bernt Lund hadde vore kadett der (offiserseksamen 1837), og Østgaard hadde aktså budd fleire barndomsår hjå bestefaren som var offiser. Østgaard hadde også ei rad slektningar på morssida som var offiserar.

Eit litterært program?

Den sosiale bakgrunnen kan gjere sitt til å forklare den meir nøkterne framstillinga av bygdeliv og bygdefolk som blir tilskrive fleire av dei nemnde litteratane. Dette da i kontrast til den svermeriske haldninga ein tidstypisk kunne finne hjå meir urbane nasjonalromantikarar, og som Østgaard i føreordet til En Fjeldbygd omtalar med ein viss sarkasme. Føreordet framstår i lys av dette mest som eit programskrift for Tollekniven. Østgaard skildrar der medlemmene som menn som «havde erhvervet sig et mer end blot overfladisk og flygtig Kjendsskab [til natur og folkeliv på bygdene]», og: «Jeg troer, at man maa være oppvoxet i Folkets Midte og selv saagodtsom have udgjort en indlemmet Bestanddeel deraf, for tilfulde at kunne opfatte dets Eiendommeligheder.»


Kjelder og litteratur