Aasmund Olavsson Vinje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870).

Aasmund Olavsson Vinje (født 6. april 1818 i Vinje, død 30. juli 1870 i Gran) var forfattar, diktar og bladmann. For mange er han mest kjent for det han skreiv om norsk natur, særleg om fjellheimen. Dikt som «Blaamann» og «Ved Rundarne» («No ser eg atter slike fjell og dalar») er kjent av eit stort publikum også i dag. Han var også ein samfunnsrefsar og målmann med sterke meiningar, og ein pioner i journalistfaget.

Slekt

Han var son av bygselsmann Olav Aasmundsson Plassen (1786–1864), også kalla Olav Aa. Vinje, og Torbjørg Gjermundsdotter (1787–1828). Han vart fødd på Uppistog Vinje. Faren rydda i 1824 plassen Plassevja under Uppigard, og Aasmund vaks opp der i lag med den eldre systera Margit. Faren var eigentleg husmann der, men han betalte leige utan å ha pliktarbeid, så han blir nemnt både som husmann og bygselsmann. Mora døydde før Aasmund hadde fylt ti år, noko han sleit med seinare i livet - han kjente eit ansvar for at ho gjekk bort så tidleg, noko han sette ord på mellom anna i diktet «Gamle Moder». Faren var ein kjent kulturberar, og vert også hugsa som ein kjempekar. Han skal ha vore den einaste som nokon gong klarte å leggje Hallvard Ånundsson Vå i bakken. Hallvard Vå flytta seinare til Bykle og vart gardbrukar på Hovden Der nede; heller ikkje i Bykle var det nokon annan som greidde å ta han. Aasmund Vinje skreiv rosande om faren, og meinte han var ein betre filosof enn professorane han hadde møtt - så det var ikkje berre musklar, men også eit godt hovud på mannen.

Faren gifta seg opp att kort tid etter at kona hans døydde, som vanleg var når ein mann vart aleine med to små ungar. Ragnhild Herjusdotter Plassen vart ei god stykmor for Aasmund og Margit. Dei fekk ein halvbror, Olav Olavsson Plassen, i 1832.

Tidlege år

Aasmund Olavsson måtte tidleg byrja å arbeide på garden. Gjetarlivet skulle gje mykje stoff til seinare skriving, og han meinte at røynsle frå arbeid- og friluftsliv var vel så viktige som skulegang. Etter konfirmasjonen i 1834 meinte både presten og faren at han burde verta lærar, og han vart send til Kviteseid Seminar. Etter to vintrar der tok han eksamen i 1836, og fekk beste karakter. Han var omgangsskulelærar i to grender i Vinje i åra 1836–1841. Så drog han av stad for å få meir utdanning på Asker Seminar, der han tok eksamen sommaren 1843.

Aasmund Vinje søkte stillinga som klokkar i Vinje kyrkje og lærar ved fastskulen der, og hadde ei halv lovnad frå sokneprest Anton Elias Smitt om at han skulle få jobben. Denne kombinasjonen av klokkar og lærar var vanleg på bygda i denne tida. Han vart skuffa, for sambygdingen Olav Fetveit fekk jobben. Han hadde også gått på seminar, og Aasmund meinte at han hadde fått jobben fordi han var gardmannsson. Dei hadde båe to beste karakter i alle fag frå seminaret, men Vinje hadde betre hovudkarakter, «utdmærket duelig» mot Olav Fetveit sin «meget duelig».[1] Det skal seiast at alt tyder på at Olav Fetveit var ein dugeleg lærar, og det var nok presten, som hadde gått for langt i sine lovnader til Vinje, som er «skurken» i dramaet. Då Rauland sokn ga Aasmund Vinje eit tilbod om jobb som klokkar og omgangslærer tok han ikkje den posten; han var sår over det han såg som ein sosial forbigåing. Det var nær på at han reiste til Amerika, men i 1844 følgde han råd frå familien og søkte og fekk ein lærerpost ved borgarskulen i Mandal.

Ved sidan av undervisinga på skulen las han også fag på eiga hand på ettermiddagane. Han tok også privatundervising i fransk, tysk og latin, og sette seg inn i praktiske fag. I 1847 tok han handelsborgarskap, noko som gav han røysterett. Han vart ven med Søren Jaabæk, som freista å få Aasmund Vinje med i politikken. Venskapen fekk ein knekk då Jaabæk kausjonerte for eit lån til Vinje, og gardhandelen gjekk gale. Jaabæk måtte betala heile lånet.

I 1848 slutta Vinje på borgarskulen og reiste til Christiania. Han kom inn på Heltbergs Studentfabrikk, og tok examen artium i 1850. På Studentfabrikken vart han mellom anna kjent med Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, som begge var unge diktarspirar på den tida. I 1851 tok han «Anden-Examen», svarande til vår tids examen philosophicum, men med eit meir omfattande pensum i ymse fag. Han studerte så jus, og i 1856 vart han cand.jur. I 1857 vart han autorisert som overrettssakførar, og fekk ei stilling hos høgsterettsadvokat J.C. Lous.

Diktaren og bladmannen

Dølen nr. 1/1858.
Foto: Hadeland folkemuseum

Då Aasmund Olavsson Vinje fekk jobben hos advokat Lous kunne historia ha vorte ein heilt annan. Kanskje hadde han vorte kjent for ettertida som ein god jurist, men han ville nok ikkje blitt ein som alle har høyrt om. Samstundes som han hadde tatt si formelle utdanning hadde han også vore ein aktiv skribent i mellom anna Morgenbladet, Andhrimner, Folkets Røst, Tiden, Christiania-Posten og Illustreret Nyhetsblad. I 1851 vart han korrespondent i Christiania for Drammens Tidende, ein jobb han hadde i åtte år. Det kom meir enn 700 artiklar i avisa frå hans hand i denne tida. Interessa for filosofi, litteratur, folkedikting og anna kultur førte også til at han ikkje heilt slo seg til ro med ein borgarleg karriere.

Det var rette tida for å tenke nye tankar. Februarrevolusjonen i Frankrike i 1848 hadde sendt tankestraumar til heile Europa, og her i Noreg starta Marcus Thrane si rørsle for arbeidarar og husmenn. Vinje stødde denne rørsla, og skreiv mellom anna om husmennene i Andhrimner. Der skreiv han også om andre emne, og ein artikkel som var viktig for hans utvikling var den om dansken M.A. Goldschmidt og hans blad Corsaren. Satirikaren Goldschmidt vart kritisert av mange, men Vinje vart inspirert av han.

I 1852 kom også ein språkstrid til overflata i Christiania. Frederik M. Bugge omsette delar av Iliaden med innslag frå Ivar Aasen sitt arbeid, og i teateret sto striden om norsk eller dansk språk på scena. Han byrja i denne tida å utforske både språket og journalistfaget, mellom anna i ein serie artiklar kalla «Journalistiken» i Drammens Tidende.

I 1858 byrja han å gje ut sitt eige blad, Dølen, og her vidareførte han tankane om faget og språket. Aasmund Vinje var ein tilhengar av eit fritt offentleg ordskifte. I dette skulle journalisten ikkje binde seg til ei side, men i staden vera rettleiar og opplysar. For å kunne gjere dette, måtte journalisten ha kunnskap, røynsler og vurderingsevne, meinte han. Han meinte nok sjølv at han hadde dette, men motstandarane var ikkje alltid så sikre på vurderingsevna hans. I denne sida skreiv han om alle slags emne for å informere lesarane. Stilen hans var levande og frisk. Om han følte for det, kunne han bryte opp ein prosatekst med vers, og han kunne ofte vere ironisk. Borgarskapet let seg irritere over dette, og i Christiania-Posten vart hans tekstar ved eit høve omtalt som «Ordgyderi af værste Sort». Men andre hadde meir tiltru til Vinje, og roste stilen og engasjementet hans. Truleg var Vinje med i krinsen Tollekniven i denne tide. Han var også med i krinsen rundt Kristiania norske Theater. Han vart også kjent med Peder Fauchald, ein av dei mest liberale bonderepresentantane på Stortinget.

Språkleg gjekk han gjennom ein prosess i 1850-åra. Han tok ikkje sjølv særleg mykje del i språkstriden i 1852, men merka seg det som vart sagt. Då han byrja å gje ut Dølen i 1858, gjekk han over til landsmål. Språket hans har vore sett som vinglande, men det går ei linje frå eit dansk skriftspråk til landsmålet. Linja tok nokre krumspring då han eksperimenterte med forma - den første landsmålsgrammatikken hadde kome berre ti år før - men den går tydeleg i retning av eit meir stabilt landsmål.

Dølen skulle kome ut som vekeavis. Det første året var det på fire sider i veka, men seinare førte reiser til at han ofte ikkje klarte å ha det ferdig i tide. I 1860 gjekk han til Trondheim for å sjå kroninga av Karl IV, og da vart det eit lengre opphald i utgjevinga. Men lesarane fekk sitt, for han skreiv Ferdaminni fraa Sumaren 1860 og sende den til dei. I 1867 kom bladet ut som del av Vort Land, som vart utgitt av unionskritikarana i Døleringen. Dette varte til september 1867, og så kom Dølen ut som eige blad fram til 24. juli 1870, ei veke før Aasmund Vinje døydde. Økonomisk var Dølen heile tida eit tapsprosjekt. Stoffet i Dølen dekte ei rekkje politiske emne, og ein hadde også dikt og soger. Unionsstriden, og særleg statthaldarstriden, var eit viktig emne. Vinje prøvde der å dempe striden. Han skreiv også om Reformforeningen, der mellom anna Ole Gabriel Ueland og Johan Sverdrup freista å samle venstreliberale. Dette var ein førelaupar for Venstre. Vinje var imot partidanning, mest på grunn av det bundne mandatet Sverdrup ville ha for partimedlemmane på Stortinget, som Vinje meinte var meiningstvang.

Utdanningssaka var også viktig for Vinje. Han samarbeidde ei tid med Ole Vig, drøfta framlegg til ny skulelov og arbeidde for lærarane sine kår. Litteraturmeldingar var også viktig i Dølen. Vinje kritiserte Bjørnson sine bondeforteljingar i 1859; Bjørnson prøvde seg i Arne med eit fornorska bokmål, og gav ei idealisert framstilling av bønder, og dette likte ikkje Vinje. Ibsens Brand fekk heller ikkje god omtale, sjølv om Vinje der finn ein del gode ting også. Ludvig Holberg og Johan Sebastian Welhaven vart framheva som ideal; dei var etter Vinjes meining nasjonale forfattarer.

Vinje sjokkerte nok ein del då han ga ein positiv omtale av pater Christopher Holfeldt-Houen sitt blad Katholsk Intelligentsblad for christelig sindede Læsere. Han meinte at ein kunne lære mykje av bladet - men kritiserte det danske språket, og sa at Holfeldt-Houen burde ha gått i Olav Engelbrektsson sine fotefar, for erkebiskopen hadde skrive norrønt medan motstandarane nytta dansk språk[2].

Friluftsmannen

Aasmund Vinje elska Jotunheimen, og det var han som gav dette namnet til fjellområdet. Teikning av Baltazar Mathias Keilhau, 1821.

Vinje skreiv ofte om reiser, og følgde tradisjonen med reiseskildringar som kom på 1700- og 1800-talet. Det er forteljingar i eg-form om møte med folk i alle slags lag av samfunnet og på alle slags stader. Ein kunne gjerne dramatisere om historia vart betre av det; det var ikkje faktabøker om reisemål dei skreiv i denne tida. Jamføringar, motsetnad og likskap skulle fram og kasta lys over ting frå fleire vinklar. I Ferdaminni fraa Sumaren 1860 er dikt lagt inn i teksten som om dei vart skrevne der og då, og gjennom dikta formidlar Vinje kjenslene som er så mykje vanskelegare å få fram i prosa. Det var nettopp i Ferdaminni at det kjende diktet «No seer eg atter slike Fjøll og Dalar» vart prenta første gongen. Han gav det seinare tittelen «Ved Rundarne» (ved Rondane), men det er nå mest kjent i Olav Midttun sin normaliserte versjon «No ser eg atter slike fjell og dalar».

Friluftslivet var ein del av barndomsrøynsla for Vinje - han hadde som nemnd vore gjetar som ung gut. Seinare likte han å gå i fjell og utmark, mellom anna saman med Johan Ernst Sars. Dei to og nokre andre vener var i fjellet saman i nokre veker kva sommar frå 1863 og så lenge Vinje levde. Det var Vinje som først nytta namnet Jotunheimen på det om for dei fleste var eit ukjent turistområde. Eidsbu ved Bygdin vart bygd som ei lita hytte av Vinje og turkameratane der ein no finn Eidsbugarden hotell. Vinje skreiv diktet «Pantebrev» om si del av finansieringa; det vart skrive til første årgangen av Den Norske Turistforening sin årbok i 1869. Vinje hadde ikkje eigne midler - Dølen tappa han jo for pengar - så han måtte låne av Thomas Heftye. Heftye hadde vore primus motor ved skipinga av Turistforeninga i 1868. Bygging av slike enkle hytter i fjellheimen er framleis ein av hovudoppgåvene til Turistforeninga, og Vinje reknast med som ein av inspiratorane for den tanken.

Det siste tiåret

Motiv frå Aasmund Vinjes vei på Fjellhamar.
Foto: Stig Rune Pedersen (2014).
Aasmund og kona Rosa
Foto: Fra Ljos over Telemark : eit attersyn. Olav Stranna, 1937.
Aasmund Olavsson Vinje døydde på Sjo på Granavollen.
Foto: Halvor Vreim

I 1860-åra vart det stadig meir vanskeleg for Vinje å gje ut Dølen. Som nemnt var det ein del opphald, og ein tid var det ein del av Vort Land. Dagsavisane i Christiania ignorerte han, mest på grunn av målstriden. I 1865 fekk Vinje ein post som ekstraskrivar i Justisdepartementet, og dermed fekk han ein inntekt han kunne leve av. Men i 1868 skreiv han kritisk om regjeringa sin unionspolitikk i Dølen, og mista jobben. Han klarte allikevel å gje ut Dølen meir eller mindre regelmessig, ikkje minst fordi han fekk bidrag frå andre - både artiklar og økonomiske bidrag. Elias Blix var ein av dei som kom inn i kretsen rundt Vinje og Dølen.

Medan det politiske var viktigast i dei første åra Dølen kom ut, vart dikta etter kvart den største innhaldsposten. I 1864 ga Vinje også ut Diktsamling. Her er det med ein del tidlege dikt, skrivne på dansk språkform, og ein del dikt som han i føreordet ymtar om at nok har mindre poetisk kvalitet. Dei beste dikta var dei nyaste, skrevne med omhu på landsmål. Mange av dei mest kjente dikta hans vart skrivne etter at samlinga kom ut.

Vinje ha også ut boka A Norseman's Views of Britain and the British, der seksten brev til filosofiprofessor Johan Sebastian Welhaven er samla. Dei tek særleg føre seg den teknologiske utviklinga og moderniseringa av samfunnet, og vart skrivne under opphald i England og Skottland. Den britiske pressa var positiv til boka, men i Norge vart ho knapt omtala.

Den episke diktforteljinga Storegut kom ut i 1866, og i 1867 kom dikt- og prosasamlinga Blandkorn. Elsk og Giftermaal kom som framhaldssoge i Dølen i tida bladet var ein del av Vort Land. Dette var eit forsøk på å skrive ein roman på landsmål, men den vart aldri avslutta. Det historiske skodespelet Olaf Digre vart heller ikkje avslutta og utgjeve. Storegut er, litterært sett, det viktigaste av desse verka.

I 1869 byrja Vinje å redigere boka Vaar Politik. Her samla han stoff frå spalta han sjølv hadde skrive i då han mista jobben i Justisdepartementet året før. Han skreiv også ein kritisk artikkelserie om Anton Martin Schweigaard, som kom ut posthumt som boka Um Schweigaard i 1870. Også Vaar Politik kom ut posthumt i 1870.

Den 20. juni 1869 gifta han seg i Vestre Aker kyrkje med lærar Rosa Constance Sophie Enevoldsen (1836–1870). Ho var født Kjeldseth, og hadde vore gift med lensmann Abraham T. Enevoldsen. Det ekteskapet vart oppløyst. Ho var dotter av kongelig fullmektig Peter Andreas Kjeldseth (1813–1870) og Jensine Glad (f. 1811). Aasmund og Rosa hadde møtt kvarandre i 1868 - han ein femtiåring som aldri hadde vore gift og ho ei fråskild 32-åring. Dei trudde at Vinje skulle få diktarløn i 1869, men det vart det ikkje noko av, så paret hadde det ikkje greit økonomisk.

Dei skulle heller ikkje få noko langt liv saman. Sonen Olaf vart født våren 1870. Rosa vart sjuk, og dødde berre ei veke etter fødselen. Ho vart gravlagt på Vår Frelsers gravlund.

Aasmund Vinje levde sjølv berre nokre månader til før han døydde av kreft i magen. Han var allereie sjuk då kona døydde, og hadde vore på Rikshospitalet ei lengre tid vinteren 1869/1870. At kona døydde fekk begeret til å renne over, og han klarte ikkje lenger å ligge på sjukehus i byen. Fjella lokka, og han kom seg innover i landet. Vinje reiste med Drammenbanen og Randsfjordbanen opp til Jevnaker, og kom seg så over Randsfjorden med båt. På veg mot fjellheimen ville han innom venen Bang, som var prest på Granavollen. Bang budde på kapellangarden Sjo, og den 28. juli 1870 kom Vinje fram dit og fekk eit rom i andre høgda. Derifrå kunne han sjå nordover til Jotunheimen; nærare fjella skulle han ikkje kome på sin siste reis. Han døydde på Sjo den 30. juli 1870, og vart gravlagt på kyrkjegarden ved systerkyrkjene på Gran 3. august.

Sonen Olav, som hadde fått både foreldra reve bort så kort tid etter at han kom til verda, dukkar i folketeljinga 1885 opp som pleieson hos enka Pauline Augusta Kjeldseth (f. 1852 i Flekkefjord) på adressa Huitfeldts gate 18 i Kristiania. Ho hadde også sine to eigne sonar buande der. Dette var enka etter Carl Johan Kjeldseth, broren til Rosa Constance og såleis tanta til Olav Aasmundsson. Olav døydde på Dikemark sjukehus den 26. oktober 1932. I lensmannsprotokollen står det at han var typograf, og at han ikkje etterlat seg korkje arv eller arvingar.

Ettermæle

Statue av Aasmund Olavsson Vinje på Sogn studentby i Oslo, laga av Dyre Vaa.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013).
Dampskipet D/S «Aasmund Vinje», bygd 1906 i Porsgrunn. Her ved Hjellebrygga i Skien.
Foto: Ragnvald Nyblin

Det var ikkje så mykje merksemd kring dødsfallet og gravferda; Aftenbladet hadde ein kort notis 1. august, og ein lengre omtale 3. august, men noko særleg oppstuss vart det ikkje med det første. Etter ei tid kom arbeidet i gang med å få reist ein minnestein på grava. Mange hadde sett at han var ein stor diktar, og ein folkesubskripsjon samla raskt inn nok pengar til ei byste laga av Brynjulf Bergslien. Den vart sett på ein høg sokkel, og avduka av Bjørnstjerne Bjørnsson den 13. juli 1873. Dei fleste avisene sende korrespondentar til avdukinga, og mange kjente kulturpersonar var der. Til og med i utvandraravisene i USA vart det skrive om dette; Bjørnson skreiv sjølv ein artikkel i Chicago-avisa Skandinavien. Han fortel mellom anna at Margit Plassen, systera til Aasmund Vinje, var til stades med vesle Olav Aasmundsson på armen. Framfor minnesmerket ligg ein kvit stein som vart sendt frå heimbygda Vinje.

Vinje står som ein av bautaene i nynorsken sin historie, og han er også ein av dei første som verkelig gjorde journalistikken til eit fag i Noreg. Nynorsk pressekontor delar ut Vinje-prisen for framifrå pressearbeid på nynorsk.

Det er skulpturar av Aasmund Olavsson Vinje i heimbygda Vinje, i Skien, på Sogn studentby i Oslo og ved Eidsbugarden ved Bygdin. Sistnemnde er retta mot Falketind, for Vinje sa fleire gonger at når han var død ville sjela hans setje seg på toppen av det fjellet.

Han har fått veger oppkalla etter seg fleire stader:

Bygdesangen til Inderøy, «Her ser eg fagre fjord og bygder», er skrive av Vinje.

I 1906 bygde Porsgrunds mek. Verksted eit dampskip som fekk namnet D/S «Aasmund Vinje».

"Her med Far og Mor og Frænder, Voks du up i desse Grænder".
Foto: "Telemark."
Nasjonalbiblioteket

Bibliografi

Verker i utval
  • En Ballade om Kongen og Kongehuset. 1853.
  • Dølen (avis). 1.–8. årg. (5. årg. som «kjellar» i Vort Land 1867), 1858–60, 1862–70 (faksimileutg. ved R. Djupedal, 4 bd. (bd. 4 inneheld Ferdaminni), 1970–73).
  • Ferdaminni fraa Sumaren. 1860, 1861. Digital versjonNettbiblioteket
  • A Norseman's Views of Britain and the British, Edinburgh. 1863.
  • Diktsamling. 1864.
  • Olaf Digre. skrive 1864 (utg. ved O. Midttun, 1927).
  • Storegut. 1866 (ny, endra utg. 1868). Digital versjonNettbiblioteket
  • Blandkorn. 1867.
  • Elsk og Giftarmaal, i Vort Land nr. 3–20/1867.
  • Um vaart nationale Stræv. 1869.
  • Um Schweigaard. (posthumt) 1870.
  • Vaar Politik. (posthumt) 1870.
Posthume samlingar i utval

Noter

  1. Berge (B. 3), ss. 294.
  2. Sjå artikkel om St. Paul kyrkjelyd.

Kjelder

Primærkjelder