Bernt Lund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Måleriet Fra Ulvik (1851) av Bernt Lund.
Foto: Nasjonalmuseet

Bernt Lund (fødd i Våler i Solør 14. juli 1812, død i Kristiania 30. oktober 1885) var offiser, vegingeniør, kunstmålar og forfattar. I ettertid er han best kjend som den som skreiv det patriotiske diktet om Trysil-Knut.

Familie

Foreldra var Ole Bergersen Lund (1769-1835) og Kassi Danielsdotter fødd Dahl (1780-1865). Dei åtte og dreiv garden Vestre Lunden (gnr. 50.1) på Braskereidfoss i Våler. Ole Bergersen var også tømmermerkar. Familien tilhøyrde det som er vorte kalla eit kondisjonert miljø av storbønder i Våler (Geir Vestad). I følgje Alexander Bugges bygdebok for Våler var Ole Bergersen «en interessert og opplyst mann». Men han ville ikkje leve som vanleg bonde, «men som herremann».

Bernt Lund gifta seg 24. oktober 1847 med kunstmålaren Hedevig Thorine Christine Erichsen (fødd i Kristiansand 1824 død i Kristiania 1888). Ho var dotter av marineminister Ole Wilhelm Erichsen og hans andre kone Abel Marie Isachsen. Ekteparet Lund overtok i 1880 etter mor hennar eigedomen Sem («Semb Hovedgård» eller «Statsråd-Semb») i Borre ved Horten.

Bernt og Abel Marie Isachsen Lund fekk borna Alf Lund (generalmajor) og Ole Wilhelm Lund (oberstløytnant). (Fleire born?)

Utdanning

Bernt Lund fekk som barn privatundervisning i Våler og på Elverum. Han gjekk ei stund på Katedralskolen i Christiania og på Borgerskolen der, men vart ført fram til artium ved prost P.V. Deinbolls institutt i Løten. Han var hjå Deinboll frå 1829, og vart student i 1831. I tre år studerte han teologi. I den tida arbeidde han også som lærar ved Christiania Søndagsskole, og han laga lærebøker i rekning til bruk i undervisninga der.

Visstnok av økonomiske grunnar etter farens død i 1835, avbraut Lund universitetsstudiane og gjekk over på Krigsskolen, der han avla offiserseksamen i 1837.

Offiser og ingeniør

Lunds militære løpebane kan samanfattast slik:

Vegingeniørverksemda vart eigentleg hovudyrket til Lund. I 1847 var han engasjert i oppmåling i samband med veganlegget over Hemsedalsfjellet mellom Hallingdal og Lærdal. Som ingeniør tok han for alvor til i 1853, og heldt fram med dette til 1878. Lund har offentleggjort faglege arbeid mellom anna knytta til vegen gjennom Rennebu og Oppdal (1859) og ved Flisa (1862).

Kunstmålar

I si løytnantstid utdanna Lund seg til kunstmålar. Han fekk frå 1840 undervisning av Thomas Fearnley (1802-1842), som elles sjølv hadde gått Krigsskolen. I to år frå 1843 hadde Lund permisjon med lønn frå si militære stilling, og med tillegg av eit offentleg stipend kunne han nå vidareutvikle seg fyrst og fremst som landskapsmålar i utlandet. Han var i Sverige, Danmark og Frankrike, men mest ved akademiet i Düsseldorf. Der lærde han å kjenne Hans Gude, som han vart inspirert av i si landskapskunst. Lund og Gude drog på studiereise saman på Vestlandet i 1849. Lund var også i si kunst sterkt påverka av akademiprofessor Schirmer i Düsseldorf.

Saman med kona måla Lund altartavla i Våler kyrkje, Jesus i Getsemane, som gåve til kyrkja i 1865. I Nasjonalgalleriet er Lund representert med landskapet Fra Ulvik (1851).

Forfattar

I andre halvparten av 1840-talet oppheldt Lund seg mest i Kristiania. Der var han mellom anna med i ein krins av litteratar i selskapsklubben Tollekniven. Ein av medlemmene i Tollekniven, Nikolai Ramm Østgaard, kjende Lund til frå barndomens heimetrakter. Dei var jamgamle, båe studentar frå 1831, og hadde sannsynlegvis gått saman på prost Deinbolls institutt i Løiten.

Lunds litterære produksjon er ikkje stor. Han gav ut samlinga Nogle Digte (Kristiania 1882). Elles var det eitt og anna dikt publisert i ulike blad. Det mest kjende er nasjonaleposet «Trysil-Knut» som stod i Illustreret Nyhedsblads Nytaarsgave i 1861. I same publikasjon året etter hadde han eit anna dikt med historisk motiv frå heimetraktene, «Det arvede Sværd».

Kjelder og litteratur