Niels Trønnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Niels Trønnes. Samtidig portrett. Teiknaren er omtala som «løytnant Bloch».

Niels Halvorsen Trønnes (fødd i Stor-Elvdal 1. juli 1821, død på reise i Hedalen i Valdres 22. juni 1851) var filolog, folkeminnesamlar og arkivmann.

Han var fødd og oppvaksen på garden Nystu Trønnes i Stor-Elvdal. Foreldra var Halvor Botolfsen Trønnes (1794-1875) og Kari Halvorsdotter frå Atnaosen (1798-1888). Niels var ein av i alt 13 sysken, nummer tre i rekka. Ein av brørne var juristen Peder Trønnes.

Niels fekk artiumsførebuande skulegang ved Overlærer Møllers Institut i Christiania, og vart student med laud i 1840. Han tok til å studere juss, men gjekk sidan over til filologi (germanske oldspråk).

Frå 1851 var han tilsett som assistent i Riksarkivet.

Han fekk utgjeve ei avhandling om norske stad- og folkenamn i Norsk Tidsskrift for Videnskab og Litteratur i 1849. Han skal ha etterlate seg eit større filologisk arbeid, men manuskriptet har gått tapt i ettertid. Han var språkkonsulent på A.E.Vangs Gamla Reglo og Rispo ifraa Valdris (Christiania 1850), og arbeidde ved sin død på det eigne verket Sagn og Eventyr fra Valders. Det var for å leggje siste hand på dette arbeidet at han drog på ei reise til Valdres i 1851, der han døydde undervegs og vart gravlagd på Hedalen kyrkjegard.

Det er framhalde at både Niels og Peder Trønnes kan ha vore medlemmer av foreininga Tollekniven i Christiania ca. 1850.


Kjelder og litteratur

  • Fosvold, Anders: Bygdebok for Stor-Elvdal. Utg. av en arbeidsnevnd. 1935.
  • Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1880. Av J.B. Halvorsen, fullført av Halvdan Koht. 5. bind.
  • Sæter, Ivar: Storelvedalen, Kristiania 1908.
  • Østigaard, Arne Dag: «”En Fjeldbygd” – eit glømt 150-års minne» i Dag og Tid 7. desember 2002.