Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.

Geografi

Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.

Kultur med meir

Valdres er for mange mest kjend for sine mange kulturminne og levande tradisjonar, og ikkje minst for rakfisk. For andre er det alpinsentre som lokkar, og særleg Beitostølen er eit populært mål.

På Fagernes ligg Valdres Folkemuseum, med utandørsmuseum med ei rekkje gamle bygningar frå distriktet. Norsk institutt for bunad og folkedrakt held til på museet. Norsk Rakfiskfestival vert arrangert på Fagernes.

Valdres har heile seks av dei bevarte stavkyrkjane – sju om ein reknar med Vang stavkyrkje som står i Polen. Dei seks som står i dalen er Hedalen og Reinli i Sør-Aurdal, Hegge i Øystre Slidre, Høre og Øye i Vang og Lomen i Vestre Slidre.

Kulturlandskapet er prega av støylsdrift. Ein måte å oppleve dette landskapet på er å gå den historiske vandreruta Stølsruta. Gardsbruka er ofte små, etter omfattande bruksdeling, men dei har gjerne store beiteområde.

Lokalavisa Valdres har hovudkontor på Fagernes og dekkjer heile distriktet. Valdres Radio har òg lokalar på Fagernes, og sende tidlegare òg frå Dale i Øystre Slidre.

Administrativ inndeling

Valdres fogderi omfatta det same området, og det gjer óg Valdres tingrett under Eidsivating lagdøme i dag. I Den norske kyrkja dekker Valdres prosti òg desse kommunane.