Valdres (avis)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Valdres er ei regionavis som kjem ut på Fagernes, Nord-Aurdal i Valdres. Den fyrste utgåva kom ut laurdag 14. mars 1903. Avisa dekkjer dei seks kommunane i Valdres, nemleg Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Etnedal. Sidan 2015 har avisa kome ut tre dagar i veka; tirsdagar, torsdagar og laurdagar.
Til liks med dei fleste andre avisene i Noreg har opplaget til papirutgåva falle på 2000-talet. Opplaget var i 2006 på 9501 aviser, medan det i 2016 hadde gått ned til 7754. Valdres har òg nettutgåve.
Redaktørar
- Ivar Brynildsen (2016)
Journalistar
- Gudbrand Brager
- Olav Robøle (1959-2003)
- Tor Harald Skogheim
Kjelder og litteratur
- Heimeside
- «Valdres – avis» i Store norske leksikon
- «Avisa Valdres», Wikipedia
Vidare lesing
- Robøle, Olav (red.): 100 år i Valdres : «avisa Valdres» 1903-2003, 2004.