Valdres Folkemuseum
Valdres Folkemuseum på Storøya i Strandefjorden, rett ved Fagernes, er det fjerde største friluftsmuseet i landet. Det har sidan 2006 vore ein del av Valdresmusea. Sidan 2008 har Norsk institutt for bunad og folkedrakt vore ein del av museet.
Skipinga av museet
Museet vart starta opp som eit privat initiativ. Skulestyrar ved Oppland jordbruksskule Nils K. Ødegård foreslo å opprette eit folkemuseum i Valdre i avisa Samhold den 17. desember 1900, og det vart kalla inn til eit møte på Fagernes den 10. mars 1901. Dei seks kommunane i Valdres valde der kvar sin representant til ei arbeidsgruppe. Det var smått med kapital, sjølv etter eit par innsamlingar.
Ole E. Bøe starta på eiga hand å kjøpe inn gjenstandar til museet, og saman med styreformann Knut O. Alfstad fekk han samla kring hundre gjenstandar på kort tid. I 1906 kjøpte dei Valdreshaugen frå garden Nes, og sette opp Handeloftet med gjenstandane. I 1909 hadde samlinga auka til kring 600 gjenstandar.
I 1917 selde dei Valdreshaugen, og kjøpte i dstaden 18,5 dekar på Storøya, der museet sidan har halde til. Eit nytt «velkomstbygg» med festsal, utstillingsrom, magasin, kafé og butikk sto klart i 2010. Det er teikna av Lund Hagem Arkitekter, og er på kring 900 kvadratmeter.
Samlingane
Det er per 2018 kring 10+0 hus og anlegg på museet. Det eldste huset er Uppigard Høve-loftet, som er frå før 1350. Det er òg den eldste verdslege bygningen i Valdres. Eit av dei nyaste er Tvengestølen frå 1948, som vart sett opp på museet i 1998.
Gjenstandssamlinga er no på kring 27 000 ting. Folkemuseet har òg eit folkemusikkarkiv med over 14 000 enkeltspor, og eit fotoarkiv med kring 85 000 bilete. Opplandsarkivet har ein avdeling med kring 700 ulike arkiv på museet.
Bygninger i friluftsmuseet
Nr. | Beskrivelse | Datering | Attreist | Frå | Bilete |
---|---|---|---|---|---|
1 | Velkomstbygget | 2010 | |||
2 | Administrasjonsbygget | ||||
3 | Krigsminnesmerke (1940–1945) | ||||
4 | Minnestein etter Knut Hauge | ||||
5 | Vegrotestein fra … | ||||
6 | Gravhaug | ||||
7 | Folkemusikkhuset | ||||
8 | Garasje | ||||
9 | Andris Vang-støga | ||||
10 | Høyne skule | ||||
11 | Bygning frå Jonshegge | 1807 | 1977-1978 | Øystre Slidre | |
12 | Stue frå Skattebu | 1700-talet | 1923 | Øystre Slidre | |
13 | Gapestokk | ||||
14 | Hoveloftet frå Uppigarde Høve | 1200-talet | 1940-åra | Øystre Slidre | |
15 | Rognebygningen fra Sørre Rogne | 1600-talet | 1923 | Øystre Slidre | |
16 | Stall fra Måno | 1800 ca. | 1938 | Nord-Aurdal | |
17 | Loft fra Måno | 1700-talet | 1923 | Nord-Aurdal | |
18 | Stabbur fra Måno | 1700-talet | 1946 | Nord-Aurdal | |
19 | Brennbygningen frå Brenn | 1740 ca. | 1946 | Nord-Aurdal | |
20 | Handeloftet frå Øvre Hande | 1600-talet | 1923 | Vestre Slidre | |
21 | Kårbygning frå Nerre Lome | 1800 ca. | 1951 | Vestre Slidre | |
22 | Prestøybygningen frå Prestøyn | 1775 ca. | 1933/1934 | Etnedal | |
23 | Minnesten etter Jørn Hilme | ||||
24 | Haftonbygningen frå Hafton | 1763 | 1923 | Sør-Aurdal | |
25 | Amfiet | ||||
26 | Stabbur frå Midtre Sørum | 1700-talet | 1961 | Sør-Aurdal | |
27 | Bensinbu fra Fagernes | Nord-Aurdal | |||
28 | Bensinpumpe fra Gausdal | ||||
29 | Krambua Søvelheim fra Vang | Vang | |||
30 | Nystøga | ||||
31 | Kilometerskilt | ||||
32 | Kiosk | ||||
33 | Telefonkiosk | ||||
34 | Slidrehuset forsamlingshus fra Slidre | ||||
35 | Ishuset Susen fra Aurdal | ||||
36 | Tjærebrenning under gryte | ||||
37 | Stasjonsbu/Kvilebu fra Etna | ||||
38 | Bu for planovergang fra Leira stasjon | ||||
39 | Dresinskur fra Leira stasjon | ||||
40 | Bustadhus frå Flatigarde | 1750 ca. | 1953/1954 | Etnedal | |
41 | Dalestogo frå Dale | 1825 ca. | 1973/1976 | Nord-Aurdal | |
42 | Loft frå Bergji | 1663 | 1974 | Nord-Aurdal | |
43 | Totenbua frå Flatigarde | 1700-talet | 1954 | Etnedal | |
44 | Grisehus frå Løtaslette under Solbjør | 1954 | Etnedal | ||
45 | Badstoge frå Løteslette under Solbjør | 1952 | Etnedal | ||
46 | Melkerampe fra Øygarde | ||||
47 | Bygning frå Ni'igarde Kvie | 1849 | 1959/1960 | Vang | |
48 | Buahus frå Ni'igarde Kvie | 1700 ca. | 1959/1960 | Vang | |
49 | Raustestøgo frå Nordigarde Kvie | 1700 ca. | 1956 | Vang | |
50 | Fjøs frå Ni'igarde Kvie | 1800 ca. | 1959/1960 | Vang | |
51 | Låve frå Ni'igarde Kvie | 1700-talet | 1959/1960 | Vang | |
52 | Stall frå Ni'igarde Kvie | 1700-talet | 1959/1960 | Vang | |
53 | Tørrstoge frå Nordigarde Kvie | 1700-talet | 1956 | Vang | |
54 | Smie fra Lome | ||||
55 | Einangsferja fra Einangssundet | ||||
56 | Utvandrerhus fra Decorah, Iowa | ||||
57 | Vegrotestein fra … | ||||
58 | Bygning frå Høve | 1972 | Vestre Slidre | ||
59 | Stue fra Midtre Tvengji | ||||
60 | Eldhus fra Lome | ||||
61 | Lauvløe fra Sygarde Nørre Hamre | ||||
62 | Tjæreovn fra Dokken | ||||
63 | Stue fra Dølahushaugen | ||||
64 | Fjøs fra Kveto | ||||
65 | Kullgrop | ||||
66 | Stabbur frå Svinge | 1750 ca. | 1960 | ||
67 | Stogo frå Øvre Fristadplassen | 1750 ca. | 1954 | Vestre Slidre | |
68 | Skåle frå Øvre Fristadplassen | 1750 ca. | 1954 | Vestre Slidre | |
69 | Løe frå Øvre Fristadplassen | 1750 ca. | 1954 | Vestre Slidre | |
70 | Låve frå Øvre Fristadplassen | 1750 ca. | 1954 | Vestre Slidre | |
71 | Stall frå Øvre Fristadplassen | 1750 ca. | 1954 | Vestre Slidre | |
72 | Fjøs frå Nygard | 1750 ca. | 1969 | ||
73 | Lyftestein | ||||
74 | Sel fra Øygaardsstøle | ||||
75 | Fjøs fra Lehøvdstøle | ||||
76 | Seterbu fra Svartfjell | ||||
77 | Løe fra Vassetlien | ||||
78 | Slåttebu fra Beitostølen | ||||
79 | Løe fra Beitostølen | ||||
80 | Dusjbad fra Ølken hotell | ||||
81 | Fiskesløe fra Nystøga | ||||
82 | Kvernhus fra Mo | ||||
83 | Kvernhus fra Lalim | ||||
84 | Sel fra Rennsenn | ||||
85 | Fjøs fra Haugastølen | ||||
86 | Mjølkerampe frå Øydgarde | 1988 | Øystre Slidre | ||
87 | Sel fra Tvengjistølen | ||||
88 | Fjøs fra Tvengjistølen | ||||
89 | Sel fra Smørlien | ||||
90 | Reinsbu fra Galdeberg | ||||
91 | Fangstgrop | ||||
92 | Røys | ||||
93 | Røys | ||||
94 | Reingrav | ||||
95 | Bogahi | ||||
96 | Kullgrop | ||||
97 | Hellekiste | ||||
98 | Elvelund sag- og plogsmie/Leira perse og fargeri | ||||
99 | Fiskebu fra Haldorsynøyn |
Styrarar
- Eiliv Odde Hauge 1958-?
Litteratur og kjelder
- Valdres Folkemuseum, Valdresmusea.
- Valdres Folkemuseum på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Hvattum, Harald: Valdres folkemuseum : førar til samlingane. Utg. Valdres Folkemuseum. [Fagernes]. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket
Koordinater: 60.9796372° N 9.2346217° Ø