Magasinvakta

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Magasinvakta er nemninga på ei militær avdeling som var oppsett for å halde vakt over dei militære magasina i Trondheim vinteren 1940. Kjeldene er litt usamde om kor mange mann det var[1]. Mannskapa held vakt på fleire depot og militære stabar i byen, i turnusar på 24 eller 30 dagar. Vakta gjekk på omgang mellom dei tre regimenta i 5. divisjon, IR 11, IR 12 og IR 13.

Da tyskarane gjekk til angrep på Noreg 9. april tok den styrken som skulle ta Trondheim seg forbi Agdenes festning og Hysnes fort ute i Trondheimsfjorden og inn til hamna i byen kl 0500 om morgonen. Tyske soldatar marsjerte inn i byen, sette ut vakter på viktige punkt og slo opp plakatar om at dei kom med fredelege hensikter.

På eit kjent bilde frå denne dagen står ein norsk soldat, Jakob E. Kalvatn frå Austefjorden i Volda vakt saman med ein tysk soldat og begge har våpen.

Seinare på dagen vart soldatane avvæpna og internerte på hotellet Trønderheimen, men dei vart ikkje hindra i å bevege seg. 11. april gjekk 24 av dei, tilhøyrande Møre infanteriregiment nr 11, på toget sørover til Dombås. Der vart dei dagen etter sett under kommando av løytnant Anders Øverås frå Vestnes og opererte deretter som ei samla avdeling.

På Dombås vart styrken involvert i kampane mot dei tyske fallskjermjegrane søndag 14. – fredag 19. april. Om ettermiddagen 15. april vart dei beordra til å følgje statsråd Anders Frihagen sørover mot Otta, men kom i kamp med tyskarane nedafor Dombås og to mann falt.

Styrken vart verande på Dombås til 23. april. Da vart dei underlagt kp 5 / bn II / IR 11, som hadde hatt stor avgang av falne og heimsendte sjuke etter kampane med fallskjermjegrane. Magasinvakta vart derfor med i den siste kampen bataljonen deltok i ved Kvamsporten eit par km nord for Vinstra natt til 25. april. Deretter følgde dei nok kompaniet bakover til Brennhaugen over Lesja til Romsdalen der det vart demobilisert.[2]

Kjelder

  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Bind II. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag, s. 16,
  • Årflot, Odd 1985: Soldat, april 1940. Samlaget, s. 32-34,

Referanser

  1. Årflot oppgir 36, Munthe-Kaas 24.
  2. Rapport frå kaptein O. Sandnes, sjef kp 5 / IR 11 til kaptein Navelsaker dat. 29.1.1941. Riksarkivet: FKH Andre utskilte arkivdeler – Krigen i Norge 1940-1945 Hæren / II-C-11-512 – 5. Divisjon / Arkivenhet: RA/RAFA-2017/Y/Yb/L0113.