Åsmund Sveen (1910–1963)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Nationen 16. april 1940: utsnitt av anmeldelse av diktsamlinga Såmannen av Åsmund Sveen.

Åsmund Sveen (fødd 28. april 1910 i Elverum, død 31. januar 1963 i Oslo) var lyrikar. Han er særleg kjend for erotiske dikt, ofte homoerotiske og autoerotiske. Under andre verdskrigen melde han seg inn i Nasjonal Samling, og etter ein landssvikdom møtte han stengde dører hos forlaga. Først mot slutten av livet var han teken inn i varmen att.

Slekt og familie

Han var son av gardbrukar og landhandlar Gudbrand G. Sveen (1868–1935) og Bertha Amanda Emilie Lundquist (1873–1947). I folketeljinga 1910 ser vi at han hadde fire eldre søsken.

Frå kring 1934 til 1953 var Åsmund Sveen sambuar med fotograf Conrad Malvin Bringe (1901–1984), son til skomakar Ingebrigt Knutson Bringe og Jondine Severine Johnsen.

I 1956 gifta han seg i Stockholm med fysioterapeut Ilse Hårleman. Ekteskapet vart avslutta allereie i 1959.

Liv og virke

Han vaks opp på garden Moen i Sørskogbygda i Elverum kommune, der familien også dreiv daglegvarebutikk. I 1910 hadde dei to tenestejenter og ein tenestegut.

På skulen oppdaga han landsmålet (seinare nynorsk), sjølv om riksmål (seinare bokmål) var det skriftlege hovudmålet i kommunen. Det var særleg lærarane Nils KulsveenBrattberget folkeskule og Halvor FlodenHernes framhaldsskule som påverka han. Han byrja tidleg å skrive dikt, og debuterte 16 år gamal i avisa Austland. Der fekk han dei neste år 35 dikt på prent.

Skuleåret 1928/1929 gjekk Sveen på ein ettårig middelskule i Oslo, på Lektor Jensens Middelskole og Gymnasiumkurs i Josefines gate. Der vart han kjend med mellom anna Halldis Moren, Kai Fjell, Johs. Rian og Torleiv Moren. Medan han var i Oslo budde han på Heim for landsungdom i Nordahl Bruns gate 22. Han gjekk så på toårig latingymnas i Nordfjordeid, og etter examen artium tok han førebuande prøver ved Universitetet i Oslo og byrja studere filologi.

Bokdebuten kom med diktsamlinga Andletet i 1932. I formsikre vers kjem det erotiske tydeleg fram, og særleg det homoerotiske vart lagt merke til i ei tid då homofilt samliv var forbode i Norge, og få torde å seie noko positivit om homofili. Medan Andletet er ei modernistisk samling, endra stilen seg i seinare samlingar. Førebildene var mellom anna Olaf Bull, Olav Aukrust og Kristofer Uppdal, og mellom erotiske dikt og austerlandsk filosofi finn ein óg bolkar med bygdeviser der mijøet frå Hedemarken og Østerdalen står sentralt. Desse bygdevisene samla han i 1943 i Bygdeviser, med sjølvlagde melodiar til 40 av dei.

Sveen skreiv óg novellar og artiklar i mellom anna Arbeiderbladet og Norsk Tidend, og frå 1935 til krigsutbrotet var han teater- og litteraturkritikar i Dagbladet.

I 1934 flytta han saman med fotografen Conrad Bringe. Utad delte dei hybel i Wergelandsveien 5 for å spare penger, men det er ingen tvil om at dei var sambuarar. Sveen drog dette året til Tyskland etter å ha fått eit stipend. På denne tida seier han ikkje så mykje om nazismen; han er rett så nøytral, men sier at det ser ut til at dei fleste er nøgde med Hitler sitt regime. Medan han var der kom «dei lange knivars natt», ei valdeleg utreinsking av nazipartiet. Sveen bryr seg lite om det, og ser ikkje ut til å ha fått med seg at ain av grunnane til at SA-leiar Ernst Röhm måtte ryddast av vegen var at han var homofil. Attende i Noreg flyttar han fleire gonger, og alltid er Conrad Bringe med til neste bustad. Bringe var òg med heim til familien på Elverum fleire gonger, og fekk julegåver fra familien. Men i korrespondansen med familien er legning aldri eit tema - Sveen sin biograf Gatland meiner at mora i det minst må ha skjønt kva det gjekk i, men at ho ikkje snakka om det. Systera Aslaug ville heller ikkje snakke om det, men Gatland nemner at ungane hennar tok det opp.[1]

I 1940 var han anerkjend og respektert både som lyrikar og kritikar. Han hadde i fleire år levd saman med Conrad Bringe. Då er det overraskande at han omfamna nasjonalsosialismen og lot seg fascinere av Quisling som politisk tenkar. Skeiv, erotisk diktarkunst stod ikkje høgt i kurs i den rørsla. Men i november 1940 melde han seg inn i NS, og han fekk fleire viktige posisjonar i kulturlivet. Allereie nokre så dagar før han melde seg inn vart han førstesekretær ved Pressedirektoratet i Kultur- og folkeopplysningsdepartementet, under Gulbrand Lunde. Han vart seinare mellom anna direktør for Statens teaterdirektorat. Eldstebroren Gustav og sonen hans vart òg medlem av NS. Halldis Moren Vesaas, som Sveen hadde et varmt og godt venskap med, snudde ryggen til Sveen så han gjekk inn i NS - ein gong dei møttest på gata under krigen snudde ho seg bokstaveleg tala vekk. I 1944 skreiv han artikkelen «Hvorfor jeg er medlem av NS» i Nationen. Her argumenterar han for at vestverda - aftenlandene - treng ein sterk leiar. Han fryktar marxismen, og ser i nasjonalsosialismen eit forsvar av den guddommelege orden. NS var på papiret strengt imot homofili. Men i praksis var det ein del meir toleranse, til og med frå Quisling og Lunde. Johan Bernhard Hjort, som var med på å skipe partiet, vart seinare ein viktig talsmann for homofiles rettigheiter. Der NS greip inn, var stort sett når norske menn hadde forhold til tyske soldatar - då hamna ein gjerne på Grini. Det er liten tvil om at mange i NS må ha visst at Sveen var skeiv, men så lenge det ikkje vart eit tema, ville dei heller ikkje ta det opp.

Då krigen var over omtala Aftenposten Sveen som ein av dei største kultursvikarane. Rett etter krigen gjekk han i dekning, men flytta raskt heim til Conrad Bringe. Han venta å bli arrestert, men ingenting skjedde. Han reiste fleire gonger ut av byen, og var ein fri mann. I september 1945 vart han innkalla til avhøyr, men vart ikkje arrestert. Men den 3. oktober 1945 kom eit oppslag i Dagbladet om at han reiste fritt rundt, medan andre med mindre rolle i partiet vart arrestert. Han meldte seg sjølv, og vart sendt til Ilebu fengsel, det som før var Grini fangeleir. Etter ein tid slapp han ut, men vart så arrestert og sendt til Ilebu på ny den 6. desember 1945. Siktinga var medlemskap i NS, direktørstillinga i Teaterdirektoratet, medlemskap i Kulturtinget og kommissarisk leiar av Aschehoug forlag. I rettssaka fekk han ein dom på 4 1/2 års fengsel i Oslo byrett den 14. april 1947.

Etter å ha sona halve domen slapp Sveen ut, men møtte stengde dørar både hos forlag og aviser. Gyldendal hadde vore hans faste forlag, men dei ville ikkje gje ut noko av hans nå. Gamle vener, som Halldis Moren Vesaas, tok heller ikkje opp at venskapet. Sveen såg at andre forfattarar som vart dømde etter krigen vart tekne inn at i varmen, men sjølv var han utelukka. Det gjekk ut over den mentale helsa, og førte til at han fekk eit alkoholproblem med påfølgande dårleg helse. Eit lyspunkt var at Conrad Bringe ikkje snudde ryggen til han. Men i 1953 kom òg eit brot i det forholdet. Dei hadde kontakt seinare, men budde ikkje lenger i lag.

Det var til slutt Henrik Groth, som hadde sitti på Grini, og Cappelen som slapp han inn. I 1959 fekk han jobb som litterær konsulent der. Etter ei tid gav dei òg ut dikta hans.

Han døydde av hjartesvikt i januar 1963. Urna hans vart sett ned i familiegrava ved Sørskogbygda kyrkje. Samlinga Brunnen kom ut hausten 1963, og Tonemesteren kom i 1966. Det har òg kome samleutgåver seinare. Tonemesteren er det einaste verket hans på bokmål.

Bibliografi

Referansar

  1. Gatland 2003: 127.

Litteratur og kjelder