Olav Aukrust

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Aukrust. Udatert foto.
Foto: L. Forbechs eftf. (Kristiania)

Olav Aukrust (fødd i Lom 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann og kulturvernentusiast, men framfor alt diktar. Han blir rekna blant dei fremste lyrikarane i norsk litteratur, og er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også påverka av Austens religionar, og han vart sterkt oppteken av teosofien og antroposofien.

Olav Aukrusts dikting innbyr både til begeistring og til sterke motforestillingar, både kva gjeld innhald og form. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit tredje berande element, som også er tett innvove både i nasjonalismen og i religiøsiteten. Likeins er kjærleiksmotivet, både erotisk elskhug og den altomfattande Guds kjærleik, framherskande i mykje av diktinga hans. Han dyrka det «rotekte bondenorske» med utgangspunkt i ein tradisjonsbunden gardbrukarstand i ei fjellbygd som han sjølv kom frå. Den nasjonalistiske tankeverda og retorikken vekte begeistring ikkje minst i dei norrøndyrkande krinsane som slutta opp om Nasjonal Samling, noko som har gjort sitt til at Aukrusts dikting i periodar har vore ideologisk sterkt omdiskutert. Aukrusts språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar. Og det er blitt framhalde at hans barokke rikdom av ord, rim, rytme og biletbruk stundom kan ta overhand på kostnad av den eigentlege litterære kvaliteten.

Blant dei mest kjende og folkekjære dikta hans er «Fjell-Norig», «Ei naki grein» og ikkje minst ei rad burleske skildringar frå bygdelivet i «Aksion på Tande», «Tosten Raudskjegg», «Bilbeistet» med fleire.

Bakgrunn

Slekt, familie og ekteskap

Nordgard Aukrust 2008.
Foto: Margareth (Wikimedia Commons)
Statue av Olav Aukrust ved Lom kyrkje. Kunstnar: Dyre Vaa 1954. Lomseggen i bakgrunnen.
Foto: Hans P. Hosar 2013.
Gudrun og Olav Aukrust (bak til venstre) med foreldre og sine to søner. Biletet må vere teke litt før 1920.
Foto: Ukjent.

Olav Aukrust var fødd og oppvaksen på Nordgard Aukrust i Bøverdalen i Lom, som hadde vore slektsgard i generasjonar. Foreldra var gardbrukarparet Olav Olsen Aukrust (1851-1931) og Mari Pålsdotter frå Uppigard Andvord (1864-1936).

Olav var eldst i ein syskenflokk på fem:

Olav overlet odelsretten til garden til eldste broren Paal, som var fødd mindre enn eit år etter han sjølv.

Olav Aukrust gifta seg sommaren 1911 med Gudrun Blekastad (1887–1984) frå Gausdal, dotter av skulemann og forretningsdrivande Ivar Blekastad (1850–1936), opphavleg frå Sel, og Torø fødd Ofigsbø (1858–1929) frå Lom. Olav og Gudrun hadde vore trulova frå 1907. Prest ved vigselen var Christopher Bruun, som var nær ven både av Blekastad og Aukrust-familien. Frå 1918 bygde ekteparet seg heimen Lyvjaberg på ein tidlegare husmannsplass under Aukrust, Aukrusttrædet. Gudrun budde der heilt til i åttiårsalderen, og sommarstid også lenger, til ho kom på aldersheimen i Lom i 1977.

Olav og Gudrun Aukrust fekk to søner, Olav (1912-1999), som var laborant, forfattar og religionshistorikar, og Ivar (1913-1994), som var arkitekt og budde i Trondheim.

Frå 1922 til hausten 1926 var Olav og Gudrun Aukrust separerte, og ho og borna budde hjå familien hennar i Gausdal. Det hadde samanheng med at Olav og systera til Gudrun, Margit Blekastad, hadde eit kjærleiksforhold. Olav Aukrust og Margit Blekastad budde til dels i hop, mellom anna ein periode i eit eige hus på garden til Rikard Skjelkvåle i Skjåk.[1] Dei siste 3-4 åra av Olav Aukrusts liv budde igjen familien samla på Lyvjaberg.

Ein sosial og kulturell bygdeelite

Også bortsett frå ekteskapet mellom Olav og Gudrun var det kjennskap, skyldskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad. Kva meir er, familiane kan seiast å ha tilhøyrt eit større nettverk av norskdomsfolk og kulturpersonlegdomar knytta særleg til den folkehøgskule- og friskuleverksemda som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av. Målstrev og frilynt ungdomsarbeid var sjølvsagde ingrediensar i dette miljøet.

Olav Aukrust den eldre hadde gått på folkehøgskulen til Christopher Bruun på Sel på slutten av 1860-talet. Der vart han kjend mellom andre med Ivar og Sigurd Blekastad og Andreas Austlid. Austlid vart styrar på den friskulen som vart driven på Ofigsbø i Lom i 1870-åra, og både Ivar og Sigurd Blekastad og Olav Aukrust d.e. var lærarar der. Initiativtakar til skulen var gardbrukaren på Ofigsbø, Hallvard (1846-1928). Ivar Blekastad og Andreas Austlid vart gifte med kvar si av systrene til Hallvard Ofigsbø. Mor til Olav Aukrust d.e., Kari Hallvorsdotter (1830-1904), var også frå Ofigsbø, farsyster til Hallvard og syskena hans.

Sosialt tilhøyrde familien på Nordgard Aukrust det solide gardbrukarsjiktet i Lom, enda om garden ikkje var av dei aller største. Det var vanskelege tider for gardbrukarane i distriktet. Det kunne halde hardt økonomisk å skaffe borna på Nordgard Aukrust den uvanleg gode utdanninga dei faktisk fekk. Foreldra si kulturelle orientering og idealisme er nok hovudforklaringa på at dei strekte seg så langt det kunne gå, mellom anna med låneopptak for å greie utgiftene.

I diktsamlinga Hamar i Hellom gjev Aukrust oss dette (litterære) barndomsminnet frå ein gard som liknar Nordgard Aukrust:

«På snor under jarnslegne kistelòk skråmande silketurklæ' i rekkje og rad,
gule og svarte,
grøne og raude og blåe og bjarte,
stabbursloft og spir og tårnhus og klokkekolv - heim-ringjing til måls, skurdfolk rekande til gards, legdekallar i raudhuve, tuss og halvtumsing, kjerringar og fillute ungar, styr og ståk millom røys og reine: roglute fylgje, brandute hopar frå husmannsheimar mange; -
flesk og sylv og gamle jentur,
kjerringarv og rike rentur,-
vister og og gamle gongvegar, halvgløymde namn og nemne, kviskrande um tider då garden var i makt og alt i eit anna lag[...]»

Garden hadde sett betre tider, og mangt og mykje vitna om desse gode gamle dagar. Gardbrukarane hadde mista kornmarknadene da det billege utanlandske kornet kom med jernbanen frå 1880-åra. Og dei heldt på å misse den billege arbeidskrafta si: Plassfolk og lausarbeidarar fór til Amerika og drog på anlegg.

Under Nordgard Aukrust høyrde to husmannsplassar i diktarens oppveksttid, Øvre og Nedre Aukrusttrædet. Ein tredje plass vart nedlagd om lag på den tida Olav var fødd, da plassfolket emigrerte til Amerika. Ein fjerde plass følgde med det nye gardsbruket Nørdre Aukrust da dette vart frådelt Nordgard i 1833.[2]

Eit «eksotisk» bygdeproletariat

Om det ikkje var nokon påfallande rikdom på Nordgard Aukrust, var det på den andre sida stor sosial og kulturell avstand til husmannssjiktet og proletariatet elles i bygda, slik ein annan, yngre diktar frå same grannelaget, Tor Jonsson, har lagt så klårt i dagen.

Personleg hadde Olav Aukrust vener i det proletære miljøet. Særleg kan nemnast den jamaldrande barndomsvenen Jørgen Anders Andersson Bråten (1883-1957), «Jørgen jeger og fisker». Han var komen til Lom frå Hardanger før 1900. Han levde av arbeid som baud seg på gardane, og som tilnamnet seier, av jakt og fiske. Saman med kona og etter kvart 12 ungar budde Jørgen i ei lita stugu under Vålvål ikkje langt frå Nordgard Aukrust. Som gutungar gjette Olav Aukrust og Jørgen Bråten geiter saman.[3]

«[...] Tosten hét han, og sid var toppen/og raudt var skjegget, og heile kroppen/var stygg og motboden,/ orme-lugum og lang og rotloden» - frå diktet «Tosten Raudskjegg». Røyndomens Tosten Raudskjegg, Tosten Pålsen Auale (biletet), var i Aukrusts oppvekst småbrukar på Nedre Nørjordet tvers over elva frå Nordgard Aukrust. Tosten døydde i 1924, to år før diktet vart publisert.
Foto: Ukjent.

Olav Aukrusts haldning til bygdeproletariatet var tilsynelatande prega av nyfikne og fascinasjon, ja nesten av ei form for eksotisme. I barndomen var fascinasjonen ein grann skrekkblanda, der han kunne støyte på ei einsleg attgløyme av ei plasskjerring som hadde gått frå vitet, ein Tosten Raudskjegg som var kjend for å kunne trolle, og som dei sa «stal og drap sau i fjellé/ og bar heim skinn/ ved midnattsleite/ du store min!». Og vi møter dei andre i fleng: Randa-Knuten, Sanda-guten, Musken, Nygjordsvetlen, Beret burtafor («råe såta»), Dansar-Eli («den gratåta») og mange andre. Diktaren har lånt trekk til desse litterære figurane frå folk han sjølv kjende eller hadde høyrt om i grenda og bygda. I mange tilfelle kunne bygdefolket lett kjenne att desse personane når dei las «Aksion på Tande» og andre populære folkelivsskildringar frå Aukrusts hand. Kallenamna han brukar, er i mange tilfelle autentiske.

Skulegang og sjukdom

Olav gjekk berre fem år i folkeskulen, openbert av di han var uvanleg skuleflink. Som 12-åring byrja han på den toårige framhaldsskulen som ambulerte mellom Lom og Skjåk. Fyrste vinteren (1895-1896) var skulen på Geisar i Lom, så da kunne han nok bu heime. Da skulen året etter var i Skjåk, måtte 13-åringen bu borte i skuletida. Dei to neste åra hjelpte han til på heimegarden. Vinteren 1899-1900 gjekk han amtsskulenVingnes ved Lillehammer.

Han hadde planar om å bli forstmann, og søkte hausten 1900 på skogskulen på Kongsberg. Han var da for ung til å kome inn, så han vart igjen verande heime eit år. I folketeljinga 1900 finn vi Olav Aukrust som gardsarbeidar på heimegarden.[4] Han fekk ta til på Kongsberg i september 1901. Da hadde han allereie hatt ei ri med giktfeber. Eit nytt åtak av giktfeber og dertil leddtuberkulose, gjorde at han måtte avbryte skogskulen og leggjast inn på Dr. Jervells klinikk i Kristiania. Han måtte amputere ein finger på venstrehanda. Dette var særleg sårt for den unge Aukrust, da han også hyste visse draumar om ein musikalsk karriere. Sjølv med handikappet var han ein habil felespelar, og dyrka særleg den lokale folkemusikken. Igjen måtte Aukrust halde seg heime på garden i halvtanna år for å samle krefter att. Han bestemde seg nå for å gå inn i skulen.

Frå hausten 1903 gjekk han lærarskulen på Elverum og tok lærarprøva der våren 1906. Den kjende målmannen, venstrepolitikaren og frå 1907 skuledirektør Olav Andreas Eftestøl var rektor der, og Aukrust hadde han og den seinare språkprofessor Torleiv Hannaas som norsklærarar.

Etter lærarskulen flytta Aukrust til Kristiania for å lese til artium. Det var vinteren 1906-1907. Han budde i Studenterhjemmet i Underhaugsveien, og fekk noko økonomisk stønad frå «ei lærarinne i Elverum, frk. Torstensen»[5] høgst sannsynleg identisk med Ingeborg Torstejnson, markant pedagog og lokal venstrepolitikar, Noregs fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentant. På denne tida vart han nærare kjend med Gudrun Blekastad, og dei trulova seg i 1907. Bror til Gudrun, kunststudenten Hallvard, hadde Aukrust vore god ven med alt i fleire år.

Olav Aukrust gav opp artiumsplanane etter det fyrste året, dels på grunn av helsa, dels fordi det vart økonomisk vanskeleg å gjennomføre.

Folkehøgskulemannen

I staden for vidare studeringar byrja Aukrust i 1907 på ein lærarkarriere. Fyrste året, 1907-1908, arbeidde han i folkeskulen i Folldal. Der budde han hjå presten og diktaren Ivar Mortensson-Egnund, og denne kontakten skulle få mykje å seie for Aukrusts orientering både kva gjeld det nasjonale, den religiøse mystikken, målsaka og inngangen til den norrøne litteraturen.

I to år deretter, 1908-1910, var Aukrust framhaldsskulelærar i heimbygda. I løpet av dei to åra fekk han publisert dei fyrste dikta sine, alle i målbladet Den 17de Mai. Etter dette opphaldet i heimbygda tok han så til med det som skulle bli den viktigaste innsatsen hans som lærar, nemleg i folkehøgskulen. Han var fyrst i tre år (1910-1913) på Østfold folkehøgskule. Den var nystarta på Mysen i Eidsberg, under leiing av lærar Olaf Funderud. Lærarar der var utanom Aukrust og Funderud, Per Svindland frå Valdres og Louise Walmsnæss frå Åmot. Året etter vart bror til Olav, landbrukskandidat Lars Aukrust, også tilsett. Lars Aukrust og Louise Walmsnæss gifta seg sidan.

Ved folketeljinga 1910 finn vi Olav Aukrust som losjerande på Østre Haga i Eidsberg.[6] Sommaren året etter gifta han og Gudrun Blekastad seg i heimen hennar i Gausdal. Prest ved vigselen var Christopher Bruun. I Eidsberg leigde ekteparet seg nå hus på garden Gardsegg.

I 1913 vart Aukrust overtala av folkehøgskuleveteranen Andreas Austlid til på nytt å starte folkehøgskule i Østre Gausdal i den stolte tradisjonen etter Christopher Bruuns Vonheim. Den kom i gang om hausten på garden Austlid, og heldt på i to skuleår.

I 1915 kom det av ymse grunnar opp planar om å flytte skulen til Dovre. Primus motor for dette var Bjørner Vigerust, og planen om Dovre folkehøgskule vart realisert frå hausten 1915. Både Vigerust og Aukrust var spesielt motiverte for stadvalet på grunn av Dovre-namnets mytiske status i norsk historie. Aukrust skriv om dette i ein artikkel frå same året som skulen var starta:

«Held ein dette mystiske, mytisk-religiøse, historiske, national-symbolske og kristelege fast, - og ser ein so på landet med eit ørnesyn, ovanifrå, eller med eit hugsyn, innanifrå, - då vil Dovre straks bjode seg fram som ein høveleg stad for nationalt og religiøst nykveikjingsarbeid, for norsk folkehøgskule på gamal grunn.»[7]

Aukrust var nå i i ferd med å arbeide ferdig den fyrste store diktsamlinga si, Himmelvarden, og hadde praktiske problem med å kombinere dette med skulearbeidet. Han fekk Hallvard Blekastad til å trå inn som vikar, og hausten 1917 sa Aukrust opp posten sin. Han tok seg ikkje nokon lærarpost sidan, bortsett frå eit par månaders tid på Vest-Oppland folkehøgskule på Barndbu i 1923, men måtte gje seg der på grunn av sjukdom.

Kulturvernaren

Olav Aukrust kjøper antikvitetar. Opplysningar om tid og stad og dei andre personane på biletet vantar i kjelda.
Foto: Ukjent

Antikivitetar og husflid

Hausten 1918 kunne familien Aukrust flytte inn på Lyvjaberg, der Aukrust frå fyrst av hadde sett opp to gamle stover, ei frå Vigstad i Skjåk og ei frå Garmo. Dei utstyrte og møblerte huset med gammal brukskunst som Aukrust kjøpte opp og samla i Lom og Skjåk. Det vart mykje meir enn dei fekk plass til i sin eigen heim. I 1925 selde Aukrust ei katalogisert samling til Lom kommune, og dette vart grunnstomnen i bygdemuseet i Presthaugen, ått og drive av Lom heimbygdslag. Men Aukrust heldt fram med å kjøpe opp antikvitetar, og to år seinare selde han ei ny samling til Jørgine Boomer, husmannsjenta frå Bøverdalen som hadde gjort det stort i USA.[8]

Aukrust såg det som ei oppgåve å bevare og fornye dei gamle handverkstradisjonane. Han støtta opp om den nye husflidsrørsla, mellom anna ved å stille som dommar på utstillingar.

Dialektgransking og måldyrking

Både det materielle og immaterielle kulturvernet var viktig for Aukrust. Med omsyn til det siste, er det verdt å nemne at han i 1914, medan han var folkehøgskulelærar i Gausdal, fekk eit universitetsstipend på kr. 200 for å fullføre eit arbeid om bygdemåla i Lom og Skjåk.[9] Han hadde arbeidd meir eller mindre sporadisk med dette i mange år. I 1913 skriv han til sin tidlegare språklærar, professor Torleiv Hannaas, om korleis han da hadde planlagt at det ferdige arbeidet skulle sjå ut:

Målet i Lom og Skjåk
I. Bidrag til en norsk syntax.
II. Tillæg. (A. Ordliste. B. Eventyr. C. Folkeviser. D. Gåter. E. Ordsprog. F. Dyre- og plantenavne. G. Stedsnavne.) Alt under II med ljodskrift, og med merknader.[10]

Arbeidet vart aldri fullført og publisert, og gjennomgådde kjelder for denne artikkelen viser ikkje kva som måtte vere bevart av førearbeidet.

Folkemusikken

Aukrust engasjerte seg også sterkt for bevaring av folkemusikktradisjonane. Han medverka til at musikkgranskaren O.M.Sandvik byrja innsamlingsarbeidet sitt i Gudbrandsdalen, og særleg i Ottadalsbygdene, i 1916. Aukrust leverte sjølv mykje tradisjonsmateriale - slåttar og visestubbar - til dette samlingsarbeidet.

Ved stemner og kappleikar deltok Aukrust jamt som fagkunnig dommar, mellom anna saman med Sandvik ved Fel-Jakup-stemna i Skjåk i 1922. Aukrust spela sjølv fele, enda han vart hemma av å måtte amputere ein finger. Han hadde lært det av lokale spelemenn, fyrst og fremst Per Spelmann (Per Olsen, 1830-1907, plassmann i Bakkestugu ved Tande i Bøverdalen). Gode songarar og tradisjonsberarar som Aukrust også lærde av, var Barbro Klepp og døtrene hennar, Eldri Aukrustbakken og Rønnaug Vangen, som kom frå husmannsplassar rett i nærleiken av Nordgard Aukrust.[11]

Om Aukrust kunne spele på fele, vart han ikkje rekna som ordentleg spelemann av bygdefolket, men han hadde tillit som dommar på kappleikar. Han har elles betre renomme som munnharpespelar.[12]

Det rotnorske emnet

Olav Aukrust hadde velartikulerte motiv og grunngjevingar for kulturverninteressa si. Det gjekk i eitt med hans diktariske mål om å finne attende til det opphavsnorske i stil og substans. Mellom anna uttrykte han det i eit brev til kona, kanskje som ei orsaking for at han fylte opp heimen deira med gamle ting:[13]

Difor vil du ogso tilgjeva meg min rasande lidenskap for ting, gamle ting, der det bygdanorske (som er roti og søta i det samnorske) synte seg fram i heile sin barnlege velde, og mest alltid so vedunderleg ekte. [eg ser] noko fullkome fagert som i heile verdi ikkje finst maken til: ser den norske måten, den norske stil åndeleg forklåra, den norske sersvip og eigenart, soleis som han vil te seg, når han fær uttala seg gjenom eit ur-geni som låg og brann og pintest i og av Gud [...]

Og når han same stad skriv særskilt om folkemusikken, gjev han i klårtekst uttrykk for den nasjonalromantiske rasetenkinga:

Når den norske tonen heilt går upp for ein, so er det som å uppliva si barndomstid på ein ny, sublim, heilag, u-truleg måte; og med barndomstid her meiner eg både på eins eigen barndom her i tidi i dette livet, og på barndomen åt eins rase, eins folkeætt [...]

I diktarisk form fremjer Aukrust desse synsmåtane i det store diktet «Emne», som aleine utgjer ein stor del av diktsamlinga Hamar i Hellom.

Forfattarskapet

Aukrust rokk å gje ut berre to diktsamlingar før han døydde, Himmelvarden (1916) og Hamar i Hellom (1926). Han hadde nesten ferdig ei tredje samling, som vart utgjeve posthumt ved Gudrun Aukrust og Jens Lindberg, Solrenning (1930). Året etter Solrenning gav dei same ut ei samling av etterlatte og til dels tidlegare publiserte dikt som dei kalla Norske Terningar 1931. I tekstsamlinga Skaldespor ved Leif Mæhle (1965) er det attgjeve fleire tidlegare utrykte dikt, og ein del av desse kom med i den nye utgåva av Dikt i samling 1967.

Da debutsamlinga kom i 1916, hadde Aukrust allereie i ti år fått trykt enkeltdikt, dei fleste i målbladet Den 17de mai, men også i tidsskrift som Syn og Segn og Bonden, og jamvel eit som vart publisert i Bondelagets programhefte 1916.[14] Debuten var diktet «Det haustar» i Den 17de Mai 1908, som vart teke med i Himmelvarden.

Eit diktarisk program

Dei nasjonalromantiske og grundtvigianske vyene om ei nordisk og norsk kulturell atterføding står i fokus hjå Aukrust, og han set seg som mål som sjåar og skald å påpeike og utløyse den nasjonale stordom i språk, kultur og sjeleliv. Det vil skje i ein syntese av norrøn kraft og kristen forklåring, symbolisert i det Aukrust sjølv kallar det «olsoknorske», med referanse til Olav den heilages kristningsverk. Realiseringa eller frigjeringa av den ekte norske folkeånd skal oppnåast ved ei trinnvis foredling med inspirasjon frå det fjellnorske og genuint bondenorske via det landsfemnande samnorske til det olsoknorske.

Etter debutboka Himmelvarden hadde Aukrust tankar om å programmere diktinga si på grunnlag av dei tre stadiane. Fyrste bandet i ein mogleg planlagd trilogi vart samlinga Hamar i Hellom (1926), der han konsentrerer seg om det lokale og bygdenorske. I «fyre-runene» til denne samlinga formulerer han også sitt tre stadiums norskdomsprogram i diktet «Kjeldune»:

[...]
Det namnlause, einslege, sterke lokale,
det kavnorske, rotnorske, bygdenorske
– strøymande inn i det nasjonale,
det høgnorske, samnorske, folkenorske,
– gjevande sitt til det universale,
skira og reint som det olsok-norske,
det er vår norskdom med sjel og med kropp,
det er det norske frå rot og til topp.

Året etter at han døydde kom Solrenning, den samlinga som han i brev fleire gonger omtalar som «storboki». Her vender han attende til den religiøse tematikken frå Himmelvarden, det vil seie det som mest nærmar seg det universale og olsoknorske, og samlinga kan såleis oppfattast som den siste delen av den tenkte trilogien. Solrenning har i litteraturhistoria vore omtala som «et av de geniale diktverk i norsk litteratur».[15]

Det er noko uvisst kor konkrete planane var for å lage ei eiga samling til mellomstadiet, det nasjonale nivået i kulturen.

Olsok og Olavs-kultus

Det høver godt med Aukrusts interesse for Heilag-Olav at Dyre Vaa brukte han som modell til St. Klemens-skulpturen på Vestfronten i Nidarosdomen.
Omtale fra Olavsfestane i Gudbrandsdalen i 1921 der Aukrust var ein av talarane på folkefesten i Lom. - Reportasje i Den 17. mai 27. juli 1921
«Olavstreet». Skisse i manuskript til ein tale som Olav Aukrust heldt 1922. Det illustrerer diktarens tankar om den åndelege progresjonen frå det lokale via det nasjonale til det universale, her knytta særskilt til førestillingane om helgenkongens rolle i norsk nasjonsbygging.

Olav Aukrusts nasjonale og religiøse program kunne fusjonerast i ei nærmast kultisk dyrking av St. Olav. Eit konkret og varig utslag av dette var olsokstemnene i Lom, som starta på det tidlege 1920-talet på initiativ av Aukrust og sokneprest Peter Lorenz Smith. Stemneplassen var Presthaugen, der bygdemuseet etter kvart vart bygd opp, og olsokstemnet er årvisst i Lom den dag i dag (2014).

Mest utførleg gjer kanskje Aukrust uttrykk for innhaldet i Olavs-kultusen i olsoktala si i Lom i 1929:

Og dette har eg funne, meir og meir, at som Kristus bør vera det typiske menneskje i oss, det ideale symbolske menneskje for alle folk, på same måten er Heilag-Olav den typiske, sanne nordmann. Han var den som fullhøgt reiste framtidsmålet:
Kristus er kongen vår!
Det norske folk skal vera Guds folk.

[…]

Det norske folk må ein gong lære å gå vegen frå vår til full høgsumar. Her er atter Heilag-Olav vår rette mann. I honom møtest både vår og sumar, og samstundes både det naturnorske og det olsoknorske. Olav var ei gloande sameining, ein strålande synthese av både det kristelege og det nasjonale, for desse tvo skal nå einannan og få einannan her i landet: som såjordi fær såkornet, - og som såkornet fær såjordi.
Det var det som skjedde i Heilag-Olav, - dette er det no, gudskjelov, tek til å skje på nytt i Noreg. – ”Her i høinorden”, sa Grundtvig ein gong, ”her må Kristus tale Odins og Tors tungemål”.[16]

Skaldens kall

Aukrust var nasjonalist, heimbygds- og fedrelandspoet og kristen forkynnar. For han sjølv var det den religiøse, kristne dimensjonen som var det viktigaste. Og han såg uttrykkeleg si eiga rolle som poet eller skald som eit guddommeleg oppdrag. Etter ei filologisk utgreiing om det norrøne ordet skald i ei 17. mai-tale i 1914 konkluderer han tolkinga si slik:

Og då det ser ut til at skald frå fyrst av er eit gamalt namn på prest, på den som var millommann mellom folket og dei religiøse mysterier, so skulde altso grunntydingi av ordet skald verta: den som merkar seg, den som gjev gaum etter viljen åt gudane, den som tek imot og tolkar for oss dei guddomelege krefter, den himmelske visdom.

Våren 1915 hadde Aukrust ei skilsetjande oppleving av religiøst-ekstatisk karakter, ei forklårande bortrykking som gjorde han enn meir overtydd om sitt skaldekall. Hendinga er forsøkt formidla i det store diktet «Still meg ei storvengja sorg overskygde» frå Solrenning. Innsikt i mysteriet blir mellom anna uttrykt i desse strofene:

[...]

Sæl såg eg ånd og jord
samanfalle.
Himmel og nyfødd jord;
alt og alle.
Lengslune bar ikkje lenger
ei pinsle svar:
motsetnad var ikkje lenger;
men einskap var.

[...]

No veit eg det, kven du er,
du som lyser
i myrkret som kvar i ser
og allting hyser.
No vågar eg namnet ditt skrive,
eg veit det visst.
Vegen, sanningi, livet,
Jesus Krist.

Opplevinga speglar seg også etter alt å dømme att i Himmelvarden, særleg i titteldiktet «Ved himmelvarden».

Det er liten grunn til å tru at Olav Aukrust etter dette hadde særleg tvil om si eiga rolle som formidlar mellom det guddommelege og det dennesidige. Mellom anna skriv han til systera Kari dette i september 1924, i det han refererer til sitt eige dikt «Mot dag» i Himmelvarden:

[...]

– det er difor godt, at det, jamvel i vår tid, kjem ned frå himmelen sann diktargivnad, som kan setja heile fjell av sannings-to fram i ein einaste lysande krystall, som jamvel eit barn kann lesa – og som den djupaste filosof samstundes må undre seg over. – Eg veit no, som aldri fyrr, veit med visse, at eg er send av guddomsmagterne i serskild erend til vårt folk. Og aldri hev eg kjent meg meire audmjuk, rein, offerviljug, likesæl um eigi ære. Dette er so sant, eg hev aldri sagt noko sannare [...] [17]


Prosa

Aukrust nytta ikkje prosa i sin skjønnlitterære produksjon. Den prosaen han har late etter seg, er nokre artiklar i aviser og tidsskrift og manuskript til talar som har vorte trykte dels i samtida, men mest i ettertid. Dessutan er det bevart mange brev frå Aukrusts hand, og ein del av desse er også utgjevne i ettertid, i Skaldespor (1965). Aukrusts prosa er essayistisk i forma. Ein vil vegre seg mot å kalle det sakprosa, om ein med det meiner utgreiande, analytiske og drøftande framstillingar av eit emne. Også Olav Aukrusts prosa er skriven med poesiens verkeråder.

Den fyrste offentlege ytringa på prent frå Olav Aukrusts hand var ein artikkel i Den 17de Mai i 1907. Artikkelen, som vakte åtgaum, hadde tittelen «Vaart maal», eit forsvar for målsaka som retta seg direkte mot Bjørnstjerne Bjørnsons stilling for riksmålet. Emna for både artiklane og dei trykte talane er mest målsak og norskdom, folkehøgskulen, «åndeleg røyndom» - utgreiingar om den «objektivt» eksisterande folkeånd, olsok. Dessutan finn vi hyllande omtaler av Wergeland, Bjørnson, Kierkegaard og andre som Aukrust følte at han stod i gjeld til. Den samla prosaproduksjonen er 12 avis/tidsskriftsartiklar og 18 trykte talar (attgjevne i Skaldespor). Det finst fleire utrykte talemanuskript og anna i dei etterlatne papira etter diktaren.


Antroposof

Det var truleg Ivar Mortensson-Egnund som i Aukrusts lærarår i Folldalen 1907-1908 introduserte han for teosofien, ei religiøst-filosofisk retning som Rudolf Steiner og hans antroposofi hadde utspring i. Det fanst eit teosofisk selskap i Noreg frå 1893, og Egnund hadde nær kontakt med dette.[18] Frå 1908 og åra fram til fyrste verdskrigen var Steiner mange gonger i Noreg, og det danna seg eit antroposofisk miljø i Noreg etter at det vart brot mellom teosofane og Steiner i 1912. Olav Aukrust var nær knytt til dette miljøet gjennom sentrale antroposofar som Ingeborg Møller, Helga Geelmuyden, diktaren Alf Larsen og forretningsmannen og kunstnarvennen Einar Lunde. Styrar Olaf Funderud på folkehøgskulen på Mysen vart overtydd antroposof, og alt tyder på at Aukrust var sterkt medverkande til dette.

Antroposofien let seg ikkje utan vidare sameine med folkehøgskuleideologien. Christopher Brunn såg på åndsretninga som tøv og svermeri.[19] Ikkje desto mindre kan Aukrusts biograf Jon Inge Sørbø slå fast, etter å ha gjort greie for teosofien og antroposofien særleg frå og med Steiners første besøk i Kristiania 1908:

«Og sanneleg - etter ei tid finst det eit stort miljø av antroposofar i folkehøgskulen, hos Funderud, i Blekastad-familien, på folkehøgskulane i Gausdal, Dovre og Eidsvoll. Det har Aukrust avgjort ein finger med i, for ikkje å seie ei heil hand. Kor lojal han sjølv var mot dette antroposofiske miljøet, er eit meir komplisert spørsmål.»[20]

Gudrun og Olav Aukrust besøkte det antroposofiske «hovudkvarteret» til Steiner i Dornach, Sveits, i 1921. Om lag på den tida melde Olav Aukrust seg inn i Antroposofisk selskap, men mista medlemskapet da han forsømte å betale kontingent.[21]

Fascistoid tendens?

På 1960- og 1970-talet kom Aukrusts dikting og ideologi under sterkt åtak frå fleire hald, ikkje minst frå den politisk radikale og i utgangspunktet litterært modernistiske krinsen rundt tidsskriftet Profil. Forfattaren Tor Obrestad frå dette miljøet, og dessutan litteraturvitaren Eystein Eggen påpeikte det dei meinte er fascistoide trekk i Aukrusts lyrikk, og særleg sistnemnde påpeikar den nære ideologiske skyldskapen med den norske nasjonalsosialismen.

Partipolitiske haldningar kan vi av gjennomgådde kjelder ikkje sjå at Olav Aukrust har lagt for dagen. Han var oppvaksen i og inngifta i eit miljø som hadde gått frå Venstre frå 1880-åra av til Bondepartiet i 1920-åra. Broren Lars var stortingsmann for Bondepartiet, og den andre broren Paal var lokalpolitikar for det same partiet. Under krigen var Paal NS-ordførar i Lom. Også broren Lars fekk ein landssvikdom. Svogeren Lars Sulheim stod på felleslista til NS og Bygdefolkets krisehjelp i Oppland ved stortingsvalet i 1933. To framståande kunstnarvener av Olav Aukrust, David Monrad Johansen og Wilhelm Rasmussen melde seg inn i NS. Bjørnar Vigerust, som i si tid fekk folkehøgskulen og Olav Aukrust til Dovre, var NS-mann før og under okkupasjonen. Under nazistyret, allereie i desember 1940, ville Vigerust gjere ein freistnad på å realisere den mytiske lærdomsstaden Dovre ved å byggje opp eit stordimensjonert germansk og nordisk kultursentrum på Hjerkinn. Han la fram planane for statsråd Aksel Stang, men det kom ikkje noko vidare ut av det.[22]

Olav Aukrust sjølv døydde tre-fire år før NS vart stifta som parti. Det er sjølvsagt fåfengt og kanskje urett å spekulere i om han ville vorte nazist om han hadde levd lenge nok. Men den påfallande vendinga mot nasjonalsosialismen i nærmiljøet til diktaren gjer det relevant å stille spørsmålet om denne ideologien også kan avspeglast i den litterære produksjonen hans. Og det er ei kjensgjerning at bondeforherlegande, norrøndyrkande og blod- og jord-ideologiserte norske nazistar trykte Olav Aukrust til brystet som sin eigen diktar. Det er etter måten lett å skjøne når ein les liner som dette:

Då høyrde eg Solørnen hjala,
og eg høyrde vår folkeånd tala:
«Ei fylking av forne stor-menn
bed meg for folket sitt, so:
”Ei hird utav sanne nordmenn
nyreise Norig att no!”
Til viljen, til striden deim stører
mi nørarånd.
Til siger, til sanning deim fører
mi førarhònd.
[...]»

(Frå diktet «På Dovrefjell» som avsluttar samlinga Hamar i Hellom.)

Aukrusts dikting kunne for enkelte fungere direkte som motiveringsfaktor for å slutte seg til NS. Ein lærar frå Dovre, lokalt og på fylkesnivå ein sentral tillitsperson i partiet, skreiv etter arrestasjonen i 1945 følgjande som delforklaring på si tilslutning til rørsla:

«Olav Aukrust og andre diktarar og sjåarar hadde skrive om den åndelege utviklinga i landet og sagt frå om kva som stod på spel dersom ikkje jorda og bonden var midtpunktet og kjernen.»[23]

Det er i denne samanhengen viktig å påpeike at bonderomantikk, nasjonalisme og blod og jord-mystikk ikkje er ein spesifikt fascistisk eller nasjonalsosialistisk ideologi. I Noreg frå andre halvparten av 1800-talet og langt inn i etterkrigstida var dette eit åndeleg fellesgods for breie, nasjonalt sinna og demokratiske rørsler. Det hadde røter i den tyske nasjonalromantikken med filosofen Johann Gottfried Herder som ein viktig opphavsperson, og vart formidla til Norden og Noreg særleg av Henrich Steffens, Nikolai F.S. Grundtvig og Christopher Bruun. Store delar av norskdomsrørsla, derunder målrørsla, folkehøgskulane og dei frilynte ungdomslaga, hadde dette som ein felleskulturell ballast, og det strekte seg vel å merke langt utover nynorskmiljøa.

Nasjonalromantikk impliserer rasetenking, i det minste framheving og dyrking av ulike folkeslags eigenart, men ikkje nødvendigvis rasehat. Og det ligg ikkje innbaka i nasjonalromantikken å gå inn for diktatur og «om nødvendig» terror og krig, noko som derimot karakteriserer fascismen og nazismen. Blant dei mange nordmenn som meir eller mindre medvite og uttala delte nasjonal- og bonderomantiske haldningar og kjensler, var det trass alt eit lite mindretal som slutta seg til NS. Det galdt også i Lom, sjølv om NS fekk ei samanlikningsvis god oppslutning der, særleg i det sosiale sjiktet som Aukrust-familien tilhøyrde.

Diktarkvartetten frå Lom og Skjåk

Olav Aukrust er etter manges meining den fremste lyrikaren i den kjende diktarkvartetten frå Lom og Skjåk: Aukrust sjølv, Tore Ørjasæter (1886-1968), Tor Jonsson (1916-1951) og Jan-Magnus Bruheim (1914-1988). Dei fire tilhøyrde parvis to ulike generasjonar, men var nært ihopbundne i kjennskap og vennskap, og deira diktekunst og bakgrunn kastar gjensidig lys over kvarandre. Jonsson, Bruheim og Ørjasæter vart nære omgangsvener, og Aukrust og Ørjasæter var personlege vener over ein 15-20 års periode fram til den fyrstnemnde sin tidlege død. Derimot rokk ikkje Aukrust å bli nemnande kjend med dei to yngste i kvartetten. Jan-Magnus Bruheim var berre ein gutunge på den tida Aukrust vanka i Skjåk på 1920-talet. Tor Jonsson var rett nok oppvaksen så å seia i same grenda som Aukrust, i ubetydeleg geografisk, men med betydningsfull sosial avstand, og vi har ikkje kjeldebelegg for at dei to har hatt personleg kontakt. I alle høve døydde den eldre diktaren før Jonsson og Bruheim vart vaksne og sjølve gjorde seg gjeldande som lyrikarar. Ein bindelekk mellom alle fire, vennskapeleg og kunstnarisk, var komponisten Sparre Olsen (1903-1984), som var mykje saman med både dei eldre og dei yngre i diktarkvartetten, og som skreiv tonar til dikt av kvar av dei.

Med omsyn til sosial bakgrunn, representerte dei fire diktarane kvar sine av dei tre berande samfunnsgruppene i den type bygdesamfunn dei tilhøyrde. Olav Aukrust kom frå det som etter lokal målestokk var eit storbondesjikt (som var avhengige av leigd arbeidskraft i gardsdrifta), Tor Jonsson representerte det typiske bygdeproletariatet, medan dei to Skjåk-diktarane båe tilhøyrde det talmessig dominerande småbrukarsjiktet. Småbrukarane omfatta alt frå familiar på sjølvberga gardar som i hovudsak kunne drivast med familiearbeidskraft, og ned til mindre brukseiningar der familiane var avhengig av attåtnæringar, anten lønsarbeid eller handverk i eigen heim. Småbrukarsjiktet representerte eit modifiserande element i desse bygdesamfunna, både sosialt og politisk, og verka støytdempande i dei sterke motsetningane som elles gjorde seg gjeldande mellom storbøndene og husmanns-/arbeidarklassen. Både Bruheim og Ørjasæter kom frå den veletablerte, sjølvberga delen av småbrukarsjiktet i heimbygda.

Bibliografi

  • Himmelvarden, 1916.
  • Hamar i Hellom, 1926.
  • Emne, Gyldendal, 1930 (eiga utgåve av det store diktet «Emne» frå Hamar i Hellom).
  • Solrenning, Gyldendal, 1930.
  • Norske terningar, Gyldendal, 1931.
  • Dikt i samling, I-II, Gyldendal, 1942.
  • Dikt i samling, Gyldendal, 1954.
  • Skaldespor. Artiklar, talar, brev og dikt, Gyldendal, 1952. Utgjeve ved Leif Mæhle.
  • Dikt i utval, Gyldendal, 1999. ISBN 82-05-26257-8 – Les i fulltekst

Referansar

  1. Det er gjort utførleg greie for dette forholdet i Jan Inge Sørbøs biografi over Olav Aukrust.
  2. Kolden, J. 2005:548.
  3. Groth, H. 1948:79-80.
  4. Olav Aukrust i folketeljinga 1900 for Nordgard Aukrust i Lom frå Digitalarkivet
  5. Mæhle, L. 1965:8
  6. Olav Aukrust i folketeljinga 1910 for Eidsberg herad frå Digitalarkivet.
  7. Aukrust, O. 1965 (1915):84.
  8. Mæhle, L. 1965:35.
  9. Mæhle, L. 1965:14, der det blir referert til Universitets- og Skole-annaler (1914).
  10. Brev til T.Hannaas, Mysen 12.2.1913, trykt i Aukrust,O. 1965:221-225.
  11. Kjøk og Kjøk 1995:131.
  12. Kjøk og Kjøk 1995:131-132.
  13. Brev til Gudrun Aukrust, datert Lom desember 1922, i Aukrust, O. 1965:275-276
  14. Bibliografi i Aukrust, O. 1965.
  15. Houm, P. 1955:208.
  16. Aukrust, O. 1965:171-172.
  17. Brev til Kari Aukrust, datert Lom 24.9.1917. Aukrust, O. 1965:247-248.
  18. Sørbø, J.I 2009:79.
  19. Sørbø, J.I 2009:78.
  20. Sørbø, J.I 2009:72.
  21. Sørbø, J.I 2009:7.
  22. Statsarkivet i Hamar: Gudbrandsdal politimeisterembete, landssvikavdelinga. Saksdokument, eske 5 1947, brev frå Vigerust til Stang 7.12.1940..
  23. Moren, G. 1983:49.

Kjelder og litteratur

  • Aukrust, Olav: Dikt i samling
  • Aukrust, Olav: Skaldespor. Artiklar, talar, brev og dikt, Gyldendal, 1965. Utgjeve ved Leif Mæhle.
  • Eggen, Eystein: «Olav Aukrusts ideologi» i Samtiden, Oslo 1971 (side 120-126).
  • Eggen, Eystein: «Ilt mun øydast. Olav Aukrust og litteraturforskningen», i Vinduet, Oslo 1972 (side 45-57).
  • Hodne, Ørnulf: Artikkel om Aukrust i Norsk biografisk leksikon, digital utgåve.
  • Hosar, Hans P.: «Bonderomantikk og bunadssosialisme. Norskdomsrørsla i Gudbrandsdalen 1860-1945.» i Årbok for Gudbrandsdalen 2019. Dølaringen boklag.
  • Groth, Helge: Olav Aukrust. Problematikk og utvikling, Oslo 1948.
  • Kjøk, Erling og Kjøk, Jarnfrid: Ei spelmannsoge. Spelmenn, spel og dans i Ottadalen. Lom/Otta? 1995.
  • Kolden, Jon (red. A. Kjelland): Bygdabok for Lom, bd. 3. Lom kommune: Snøhetta forlag, Lesja, 2005. (Særleg side 547-555.)
  • Kvaale, Olav T.: Gamalt frå Lom. Folk og fylgje tå alle slag. Lom Heimbygdslag 1975. (Innleiinga «Himilsvaglen» er mykje om Olav Aukrust.)
  • Moren, Gudmund: «Oppland - et NS-fylke?» i Moren, G. (red.): Krise og konflikt. Lokalhistoriske emner fra mellomkrigstida i Oppland fylke. (Oppland distriktshøgskole. Skrifter 39, 1983.)
  • Mæhle, Leif: «Skaldespor i diktarlandskapet» (biografisk innleiing til Aukrust, O.: 1965).
  • Obrestad, Tor: «Du gufs av det norske, du ånd ifrå fjell - di klage er mi. Olav Aukrust og litteraturforskaren», i Syn og Segn 1969 side 110-118. Det Norske Samlaget.
  • Sandvik, O.M.: Artikkel om Aukrust i Norsk biografisk leksikon (1923)
  • Sørbø, Jan Inge: Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust. Det Norske Samlaget. 2009.
  • Sørbø, Jan Inge: Artikkel om Aukrust på Allkunne

Eksterne lenkjer