Jan-Magnus Bruheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Bruheim med portrett av seg sjølv, måla av Knut Ljøsne da Bruheim var lærar i Skogbygda i Vågå 1957-1958. Fotografiet er teke i 1987 i heimen til Bruheim i Lundagrenda i Skjåk.

Jan-Magnus Bruheim (fødd i Skjåk 15. februar 1914, død same stad 10. august 1988) var forfattar, fyrst og fremst lyrikar, men også med innslag av prosa i sin litterære produksjon. Han gav ut 20 diktsamlingar, og er også kjend for ei rekkje barnebøker med dikt, rim og regler og forteljingar på vers. Bruheim var ein populær opplesar, i Kringkastinga (Ønskediktet), i skular og foreiningar mange stader i landet. Bruheim verka også som folkeskulelærar i ein periode. Han var samfunnsengasjert, i ungdomen med sterke antisosialistiske og antinazistiske haldningar, etter krigen mellom anna i freds- og antiatomvåpenarbeid og i motstand mot skulesentraliseringa. Men engasjementet gjorde seg sjeldan eller aldri gjeldande som agitasjon eller tendens i lyrikken hans.

Familien, garden og grenda

Familien Bruheim 1921. Jan-Magnus heilt til venstre.
Bruheim ved diktarstova si heime hjå han i Lundagrenda. Biletet er teke i 1987.
Foto: Kristian Hosar

Jan-Magnus Bruheim var son av Mathias Bruheim (1882-1967) og Torø Jonsdotter Lund (1880-1929). Jan-Magnus var nummer fire i ein søskenflokk på i alt seks, tre gutar og tre jenter, fødde i tidsrommet 1908-1920.

Foreldra åtte og dreiv garden Larskvea i Lundagrenda i Skjåk. Larskvea var etter dei heilt lokale forholda eit mellomstort bruk på ca. 40 dekar dyrka mark og med seks kyr eller så. Halvparten av arealet hadde faren Mathias dyrka sjølv etter at han kjøpte bruket ca. år 1900. Lundagrenda bestod elles av tre-fire større gardar, der brukarane sokna til Bondelaget, omkransa av ei rekkje småbruk, der eigarane var organiserte i småbrukarlaget. Småbruka var mest tidlegare husmannsplassar, men også bureisingsbruk frå 1920- og 1930-åra og nokre eldre sjølveigarbruk. Larskvea tilhøyrde den siste kategorien.

To av syskena til Jan-Magnus var blant dei som tok til på bureisingsbruk i Lundagrenda (Hans, fødd 1908, rydda Lunde, Maria, fødd 1911, var i Asplund). Ei tredje syster byrja saman med mannen bureisingsbruk i Billingsdalen (Matilde, fødd 1920, på bruket Heggli). Alma (fødd 1916) bygde saman med mannen Peder opp heimen/småbruket Høgvoll som var utskilt frå Larskvea. Erling (fødd 1909) slo seg også ned med familien i ein heim rett ved. Det gjeld også Jan-Magnus sjølv, som det meste av livet budde fyrst på heimegarden, sidan i sin eigen heim på gardens grunn. Med unntak av den yngste systera som flytta til Billingsdalen, vart altså heile syskenflokken buande i same grenda.

Kulturell og ideologisk ballast frå heimen

Familien i Larskvea såg på seg sjølv som ein småbrukarfamilie. Faren Mathias Bruheim var ein sentral person i småbrukarrørsla både lokalt og på fylkesplan. Jan-Magnus las eigne dikt på møte i småbrukarlaga i bygda allereie i 15-16-årsalderen. Faren hans var også elles ein særs ivrig organisasjonsmann med stort engasjement i fråhaldsarbeid og i kristeleg foreiningsliv. Han hadde gått underoffisersskule og var sanitetssersjant. Han var elles mykje nytta som rekneskapsførar og revisor, og han var eit skrivande menneske mellom anna som lokal korrespondent for Gudbrandsdølen og med lokalhistorisk produksjon. Han var kristelegkonservativ, sterkt påverka av sin avhaldne lærar Ole Lund.

Mor til Jan-Magnus døydde da han var 14 år gammal. Vi kjenner ikkje spesielt til hennar engasjement og haldningar i kultur og samfunnsliv, men ho var musikalsk og hadde stor forteljarevne.

Jan-Magnus sjølv og syskena var i barndomen og ungdomen medlemmer i fråhaldslosjer og ivrige deltakarar i den frilynte ungdomsrørsla. Dei markerte seg ikkje spesielt i partipolitikken, men Jan-Magnus gav på 1930-talet offentleg uttrykk for at han såg både sosialismen og nazismen som noko vederstyggeleg (sjå nedanfor). Med unntak for eldstebroren Hans, som vart lokalpolitikar for Arbeidarpartiet, var i følgje systera Alma familien ideologisk sett helst for venstrefolk å rekne. Ho omtalar også faren som venstremann, og det kan ha mykje for seg. Men hans på mange måtar konservative haldningar fekk han også til å nærme seg høgresida, iallfall i rikspolitikken. Til stortingsvalet i 1936 stod Mathias Bruheim på lista til «Opland borgerlige velgerforening», i listesamband med Bondepartiet og med front både mot mot Venstre og sosialistpartia.[1]

Skulegang

Jan-Magnus gjekk sjuårig folkeskule i Holmork. I storskulen der fekk han Thorstein Eggum som lærar. Systera Alma fortel at Eggum gjorde mykje til at dei vart nynorskfolk. Det var ikkje nokon sjølvsagd ting. Skulemålet for Jan-Magnus og syskena i småskulen var riksmål. Så vart det innført landsmål i krinsen i 1925, medan Jan-Magnus gjekk fjerde eller femte året der. Målskiftet gjekk ikkje utan strid. Det var underskriftskampanje for å behalde riksmålet, og både far og mor til Jan-Magnus var med blant dei som underskreiv.

Den kultur- og samfunnsengasjerte skreddaren og småbrukaren Syver Bøje skal også ha verka direkte til at Jan-Magnus Bruheim vart nynorskdyrkar. Dette i følgje ein som sjølv var aktiv målmann i Skjåk på same tida (Ivar Øygard).[2]

Etter folkeskulen gjekk Jan-Magnus to år på framhaldsskule, der han mellom anna hadde den avhaldne læraren Doro Heyerdahl. Det er grunn til å tru at «ho Doro» har oppmuntra Jan-Magnus til å dyrke diktarevna si, slik ho påviseleg gjorde for den to år yngre diktaren frå grannebygda, Tor Jonsson. Etter framhaldskulen gjekk Bruheim eit år på Viken kristelege ungdomsskole ved Gjøvik. Han byrja også på mellomskulen i Skjåk, som nett på den tida var sett i gang på privat basis. Der gjekk han berre det eine året før han avbraut. Han ville etter eiga utsegn heller arbeide på garden.

Arbeidskar, diktar og lærar

Etter avslutta skulegang arbeidde Jan-Magnus på Larskvea. Han tok noko arbeid også utanfor heimen. Mellom anna var han på veganlegg i grenda der, nokre veker kvart år frå 1933 til 1936 på såkalla «naudsarbeid», dvs. sysselsetjing for arbeidslause med statstilskot til lønningane.

Bruheim budde heime og hjelpte til på Larskvea også etter at han hadde fått eit namn som diktar, og etter at eldstebroren Hans tok over garden. I åra 1957-1961 hadde Jan-Magnus lærarstillingar i småskulen, fyrst eit år i Skogbygda i Vågå, deretter i Øygardskulen i heimbygda.

Jan-Magnus bygde seg sitt eige hus og diktarstove ved heimegarden i Lundagrenda. Nokre år på sine eldre dagar budde han i Botnane i Bremanger (1978 til 1985). Men han flytta igjen heim til Skjåk og Lundagrenda, og døydde der.

Antisosialist, Finlands-ven og antinazist

På 1930-talet markerte Jan-Magnus Bruheim seg som ein skarp motstandar av både sosialismen og nazismen. I eit innlegg i bondepartiavisa Laagen 19. oktober 1936 ironiserer han over og går til kraftig åtak på Arbeidarpartiet og deira slagord for det tilstundande stortingsvalet: «Norge for folket». Innlegget er plassert på fyrstesida i avisa under ein redaksjonell appell til veljarane om å stemme borgarleg «imot diktaturpartiene - Arbeiderpartiet og Nasjonal Samling!» Bruheim skriv mellom anna:

«Det er nemleg ikkje "Norge for folket" det står når ein objektivt granskar etter. - Det er ikkje "Norge for arbeidarklassa" ein gong. Men: Det er "Norig for Folkets Hus!". Og den sanninga er det styggaste i det stygge. Avdi at i det me da fær auga på er diktaturet. Det er den blodute baksida av "medalja".»

Bruheim var sterkt oppteken av nasjonal fridom og sjølvstende. I heimbygda som i landet elles var det eit breitt og tverrpolitisk solidaritetsarbeid for Finlands sak under Vinterkrigen, og Jan-Magnus deltok ivrig i dette. I februar 1940 fekk han publisert eit satirisk dikt i Demokratenes Blad. Det vart oppfatta som ei oppmoding om å gje militær støtte til finnane, ikkje berre uforpliktande sympati og fagre ord. Dette utløyste ein polemikk i avisa, der Bruheim meir eller mindre direkte vart oppmoda til sjølv å melde seg som frivillig. Det skal han også ha gjort, men det var på det tidspunktet for seint.[3]

Bruheim deltok aktivt i haldningskampen mot okkupantane og NS-regimet under krigen. I oktober 1940 vart det hengt opp ei rekkje smededikt på telefonstolpar fleire stader i bygda, retta nettopp mot tyskarane og nazistane. NS-lensmannen fekk nyss om at Jan-Magnus Bruheim kan ha hatt med dette å gjere. Saka vart lagd bort som uoppklara, men etter krigen stadfesta Bruheim at det var han som stod bak.[4]

Om kvelden 1. nyttårsdag 1941 var det halde eit folkemøte i forsamlingslokalet Solheim i høve av at NS forsøkte å overta leiinga i UL Fram. Det vart eit rabaldermøte der NS-føraren i bygda og hirden kuppa møtet. Jan-Magnus Bruheim var ein av dei som tok ordet i protest. Han spurde frå salen opp til NS-føraren på talarstolen, og etter seiande var den unge diktaren drivkvit i andletet: «Kva var Kuusinen for Finland?» Jau, han sveik sitt land og samarbeidde med Sovjet svara NS-mannen naturlegvis. Så spør Bruheim: «Kva var Quisling for Norge?». Svaret vart visst hengande i lufta.[5]

Sommaren 1942 var lensmannen og hirdleiaren i Skjåk på rassia på Larskvea for å sjå etter ein radio der, som det var rapportert at Jan-Magnus Bruheim skal ha hatt. Det vart ikkje funne noko. Radioen var da på Lunde hjå broren Hans. Hans Bruheim vart seinare (frå hausten 1943) eit sentralt medlem av Milorg i Skjåk. Han var sprengjingssjef og ein av fire lagførarar. Også faren deira, Mathias Bruheim, var aktiv i det sivile motstandsarbeidet, mellom anna ved å organisere innsamling av pengar til løn for presten som hadde trekt seg frå embetet under den såkalla kyrkjekampen.

Da freden kom, var Bruheim misnøgd med det han meinte var ei for snill og forsonleg behandling av landssvikarane. I eit inserat i Dagbladet 18. juli 1945 gjekk han til sterkt åtak på «silkefronten»: «Sume såkalla gode jøssingar driv eit ufyse arbeid for tidi, med å vera hjelpesmenn åt ymse nazisar dei kann ha personleg sympati for». Og han er ikkje nådig mot dei som tek unna: For «kven av oss kann forsvara å gå heilt inn for ein som av fri vilje har gått inn i NS, og såleis m.a. er medskuldig i massemyrdingi av landsmenn på Trandum og andre stader? Slike som det gjer, kann vi ikkje vyrde meir enn nasistane.» Det er grunn til å tru at Bruheim var spesielt provosert av ein tverrpolitisk støtteaksjon for NS-lensmannen i bygda som pågjekk akkurat da. Aksjonen gjekk inn for å få behalde han i stillinga også etter krigen.[6] Det var den same lensmannen som hadde vore på rassia i heimen til Jan-Magnus og familien.

Samfunnsengasjement elles

Etter krigen engasjerte Jan-Magnus Bruheim seg i fredsarbeid og motstand mot atomvåpen. Allereie i 1946 fekk han høve til å besøkje det krigsherja Tyskland. Seinare var han mellom anna med i ein norsk freds- og kulturdelegasjon på ei lengre reise i Sovjetunionen. Bruheim var i det heile teke mykje på reisefot, i Europa og USA.

Han var ei tid medlem i Den norske forfatterforenings litterære råd. Elles framgår det ikkje av gjennomgått kjeldemateriale om Bruheim var aktivt med i anna organisatorisk og politisk arbeid, utanom eit sterkt engasjement mot skulesentralisering og for lokal sjølvråderett. Han protesterte mot nedleggjinga av grendeskulane i Skjåk. Øygardskulen, som han sjølv var lærar på, vart nedlagd i 1961. Han var også blant dei i Skjåk som stod hardt mot foreslått samarbeid med Lom om niårig ungdomsskule og mot kommunesamanslåing som det var lagt opp til av Skei-komiteen midt på 1960-talet. 1965-1967 sat han i kommunestyret i Skjåk, vald inn på ei bygdeliste, Frie Velgere. Frie Velgere var danna i protest mot skulesentraliseringa, særleg mot planar om niårig ungdomsskule saman med Lom. Grupperinga var sterkt mot Scheikomitéens framlegg om kommunesamanslåing med Lom, og gjekk inn for å byggje opp Bismo som bygdesentrum i Skjåk.

Forfattarskapet

Jan Magnus Bruheim fekk gjeve ut nær 40 bøker i tidsrommet 1941-1990 (den siste posthumt). Av desse er 20 diktsamlingar og 12 barnebøker.

Lyrikken: Kjærleik og personleg ansvar

Den fyrste diktsamlinga hans, Stengd dør, kom i 1941. Ho handlar mykje om ein ung, einsleg manns kamp mot einsemdkjensla og hans søkjing etter kjærleik. Mange av dikta er av ganske eksplisitt erotisk karakter. Kjærleiksdikt og variasjonar over eit «eg» versus eit «du» er gjennomgåande i det meste også av den seinare diktinga til Bruheim. Den neste samlinga, Nordmed Bångråt-tjønn, kom allereie året etter, og innheld dikt frå same emnekrinsen som den fyrste.

Med dei neste par samlingane, som kom rett etter krigen, kom ein annan emnekrinsen som står sentralt i Bruheims verk, og som har vorte kalla ein «kjempande humanisme»[7]. Det gjeld det personlege etiske ansvaret overfor medmenneska og vår plikt til å kjempe mot vondskapen og for det gode i tilveret.

«Skapte er vi te bera
og lette børene for kvarandre.
[...]
Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.
[...]
Den mann ber tyngste børi
som ingen ting har å bera.»

(Frå «Um å bera» i samlinga På skålvekti, 1947.)

Ein finn sjeldan og aldri nokon direkte politisk bodskap i Bruheims dikting. Han er personleg engasjert i verda rundt seg, med sterke meiningar om mangt, men han vil ikkje med dikta sine vere blant dei høgrøysta «vegvisarar». Dikta skal heller vere til sjølvrefleksjon og sjølvransaking. Diktet «Vegvisaren» står i samlinga Ved kjelda som kom i 1972, midt i striden om norsk EF-medlemskap, midt under ungdomsradikaliseringa, den militante kvinnekampen, økorørsle og hippietid, og ikkje minst i straumen av politisk engasjert litteratur i dikt og prosa. Det var mange vegvisarar på den tida. Og Bruheim føler seg freista sjølv:

«…når eg trur
eg har funne,
kjenner eg og
ein brennande trong
til å rope
ut over hav og jord:
Dette er vegen, syster,
dette er vegen, bror!»

Men Bruheim avheldt seg frå agitasjonen. Dikta kan knappast knytast til tid, stad og konkrete historiske omstende. Det var for hans eigen del noko han truleg såg som ungdommelege, velmeinte villfaringar, da han skreiv ibsensk broder-i-nød-dikt for Finland og smededikt mot okkupasjonsmakt og landssvikarar. I si «vaksne» dikting vil han helst berre fremje det personlege etiske imperativet, som for hans del også kan sjåast å vere kristent grunngjeve.

Når vi ein sjeldan gong finn konkrete historiske referansar, som i diktet «Nevada» frå 1957, ligg det ikkje nokon politisk bodskap i namnet frå ørkenen i USA der atombomba vart utvikla og utprøvd. Diktaren nemner gifteimar og vanskapte barn i mors liv. Men han knyter ikkje imperialismen eller kommunismen, korkje USA eller Sovjet, til djevelskapen. Nevadaørkenen blir symbolet på «mi sjels øydemark» og mitt «sjølskapte redsle-lende» - den menneskelege, individuelle evna til å forkrøple tanken og avle ondskap.

Barnebøkene

Livsvisdom, kjærleik, vennskap og sorg er også underliggjande tema i den omfattande diktinga for born frå Bruheims hand.

Den fyrste barneboka hans, Skrythøna og andre barnerim kom i 1956. Mest kjend er kanskje biletboka Reinsbukken Kauto frå Kautokeino (1963), illustret av Reidar Johan Berle. Den handlar om reinskalven Kauto som vart seld frå Finnmark til tamreinlaget i Skjåk. Han saknar så dei ungane han voks opp saman med at han rømer, og vi følgjer ferda hans gjennom landet frå Skjåk nordover gjennom resten av landet. Eit nærskyld tema finn vi På langferd med Mjo monsemann (1970). Som boka om Kauto er også den om Mjo monsemann ei landkunne for skuleborn, denne gongen frå aust mot vest gjennom landet, frå Skjåk til Bergen. Den kvite hjorten (1980) er ei sorgsam historie om å miste nokon ein er glad i, om mobbing og rasisme.

Bruheim gav ut i alt 12 barnebøker, og oppnådde prisar for ni av dei.

100-årsjubileet i 2014

I 2014 ville Jan-Magnus Bruheim ha fylt 100 år, og diktaren vart feira fleire stader. I heimbygda vart 2014 gjort til eit Jan-Magnus Bruheim-år med mange arrangement, bok- og cd-utgjeving med meir. I august 2014 vart det opna ein «diktarstig» i området der Bruheim hadde hytta si, på seterstulen Billingen i Skjåk. Feiringa føregjekk i regi av Vennelaget Jan-Magnus, som vart skipa i høve jubileet.[8] I Skogbygda i Vågå, der han var lærar i 1957/58, skipa Mållaget Ivar Kleiven til ein mimrekveld, der fleire av dei tidlegare elevane hans var til stades. Det vart òg avduka ei minneplate som heidra Bruheim.[9] Også i Botnane og andre stader vart jubileet markert på ulikt vis.

Bibliografi

Diktsamlingar

  • Stengt dør (1941)
  • Nordmed Bångråt-tjønn (1942)
  • Yta og djupe (1945)
  • På skål-vekti (1947)
  • Spegelen (1950)
  • Ord gjennom larm (1954)
  • Bilete med bakgrunn (1957)
  • Vide er vegane (1960)
  • Strålar over stup (1963)
  • Menneskehagen (1965)
  • Dikt 1941-1966 (1966)
  • Innover viddene (1968)
  • Ved kjelda (1972)
  • Aldri eldest tidi (1974)
  • Lyrespelaren (1977)
  • Du i meg (1979)
  • Leikande menneske (1982)
  • Flo og fjøre (1984)
  • Årringar (1987)
  • Spegelbrot (posthumt, 1990)

Barnebøker

  • Skrythøna og andre barnerim (1956)
  • Hornsmeden og andre barnerim (1958)
  • Røyskatten og andre barnerim (1961)
  • Dei kalla meg Jo (1962)
  • Reinsbukken Kauto frå Kautokeino (1963)
  • Grashoppa og andre barnerim (1966)
  • Romferda og andre barnerim (1970)
  • På langferd med Mjo monsemann (1970)
  • Doggmorgon (1977)
  • Norske barnepreiker (1980)
  • Den kvite hjorten (1980)
  • Morgonglede (1986)

Andre bøker

  • Broren (1970)
  • Ljosringen (1971)
  • Møte i myrkret (1973)
  • I kveldseto (1974)
  • Brevet til kjærleiken (1976)
  • Gapet (1978)
  • Tankefuglar i tunet (1980)

Høyrespel

  • Myrke strålor (produsert 1949, reprise 1953)
  • Hus under hengefjonn (produsert 1950)

Litterære prisar

  • Sunnmørsprisen 1954
  • Kyrkje og undervisningsdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur 1956, for Skrythøna og andre barnerim (2. premie)
  • Kyrkje og undervisningsdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur 1958, for Hornsmeden og andre barnerim (2. premie)
  • Kyrkje og undervisningsdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur 1961, for Røyskatten og andre barnerim (1. premie)
  • Kyrkje- og undervisningsdepartementets biletbokprispris for barne- og ungdomslitteratur 1963, for Reinsbukken Kauto fra Kautokeino (saman med Reidar Johan Berle og Isak Østmo)
  • Doblougprisen 1963
  • Kyrkje og undervisningsdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur 1966, for Grashoppa og andre barnerim (2. premie)
  • Kyrkje og undervisningsdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur 1969, for Romferda og andre barnerim (1. premie)
  • Nynorsk barnelitteraturpris 1969 (saman med Albert Olafsson)
  • Kyrkje og undervisningsdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur 1972, for Syskenringen og andre barnerim (1. premie)
  • Kyrkje- og undervisningsdepartementets biletbokprispris for barne- og ungdomslitteratur 1973, for Då dyra samlast til dyreting (saman med Eva Storsveen)

Referansar

  1. NOS IX. 107. Stortingsvalget 1936. Side 44.
  2. Ivar Øygard i samtale med Hans P. Hosar 1990.
  3. Demokratenes Blad 7.2.1940 og etterfølgjande innlegg frå Tore Juland og J-M. Bruheim. Hans P. Hosars samtaler med Bruheim sis syster Alma Høgvoll og med lærar John O. Moen (om lag jamaldrande med Bruheim og frå same skulekrinsen, båe intervjua i 2003.
  4. Riksarkivet: Landssviksak nr. 7057/46 (gjennomgått av Hans P. Hosar).
  5. Fleire intervju, dagboknotatar frå okkupasjonstida og landssviksaker. Kjeldene er gjennomgått av Hans P. Hosar i samband med bygdebokarbeid.
  6. Hosar, H.P. 1991:92.
  7. Rottem, Ø. 1995 side 356
  8. Heimesida til Vennelaget Jan-Magnus
  9. Fjuken, 20. mars 2014.

Litteratur

  • Fjuken, 20. mars 2014: «Vi vart glade i deg alle saman».
  • Haganæs, Jul: Artikkel om Bruheim i Norsk biografisk leksikon
  • Hartenstein, Tilman: Det usynlige teatret: Radioteatrets historie 1926-2001, Oslo 2001.
  • Hosar, Hans P.: «Klasse, grend, kjønn. Danning av delkulturar blant bygdefolket i Skjåk 1800-1940», i Marthinsen, L. og Winge, H. (red.): Bygdesamfunnet - en sammensatt helhet. Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 1991.
  • Losnegård, Gaute: Artikkel om Bruheim i Allkunne
  • Rottem, Øystein: Fra Brekke til Mehren. Norges litteraturhistorie bd. 6. Cappelen, Oslo 1995.
  • Wikipedia, artikkel om Jan-Magnus Bruheim
  • Ættebok for Skjåk, bd II. Skjåk historielag 1969. Side 203-204.
  • Ørjasæter, Tordis: Barne- og ungdomslitteraturen. Norges litteraturhistorie bd. 7, Cappelen, Oslo 1997.