Alma Høgvoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Alma Høgvoll på hundreårsdagen. Ordførar i Skjåk, Elias Sperstad, møtte opp for å gratulere på kommunens vegner.
Foto: Hans Erik Kjosbakken

Alma Høgvoll (fødd Bruheim i Skjåk 11. juli 1916, død same stad 21. april 2018), var småbrukar og husmor. Ho vart nær 102 år gammal, og nokså sprek til det siste. Dei siste åra budde ho på aldersinstitusjonen Skjåkheimen. Hundreårsdagen i 2016 vart feira fyrst på Skjåkheimen med ordføraren til stades, deretter saman med den næraste familien heime på Høgvoll, der Alma budde frå 1938 til ho kom på Skjåkheimen. Laurdagen føreåt, den 9. juli, var det fest for 120 gjestar på ungdomshuset Moar, eit festlokale i grenda som Alma hadde støtta aktivt opp om frå fyrste stund da huset vart reist midt på 1930-talet. På festen var Alma i åtte timar. I-pad hadde ho brukt i mange år for å kunne fylgje betre med på det som skjedde, mobiltelefon og SMS hadde ho vore fortruleg med enda lenger attende.

Familien Bruheim 1921. Alma står fremst, mellom foreldra.

Barndom og oppvekst

Ho var fødd på garden Larskvea, ein mindre gard i Lundagrenda. Foreldra var Mathias Bruheim (1882-1967) og Torø Jonsdotter Lund (1880-1929). Alma var nest yngst av ein syskenflokk på seks, fødde i tidsrommet 1908-1920. Ein av brørne var lyrikaren Jan-Magnus Bruheim. Heimen var prega av kristelege og kulturelle interesser, engasjert mellom anna i kyrkjelydsarbeid, i småbrukarrørsla og i ideelt arbeid på område som fråhald og frilynt ungdomsarbeid. Særleg Alma og broren Jan-Magnus vart ivrige nynorskbrukarar.

Attått ei lang rad verv i organisasjonar og offentleg verksemd, tok faren på seg arbeid for å skøyte på småbruksøkonomien, mest rekneskapsarbeid og revisjon. Han var også fast lokalkorrespondent for Gudbrandsdølen/Lillehammers Tilskuer.

Mora hadde vore ei tid i Amerika før ho gifta seg, og hadde mellom anna lært finare saum der. Men mora vart sjuk og døydde da Alma var 13 år gammal. Dermed fall også ein større del av arbeidet på småbruket på borna. «Det var slik at fjosarbeid var kvinnfolkarbeid», fortel Alma i eit intervju i 2012. Så «fyrst måtte syster Maria hjelpe til, men da ho måtte ut og tene fekk vi andre prøvd oss.»

Ekteskap og yrkesliv

Alma Bruheim gifta seg med Peder G. Lund (1912-?) i 1935. Han dreiv da som anleggssnikkar. Dei to rydda og bygde seg bureisingsbruket Høgvoll frå 1938, på grunn utskilt frå familiegarden Larskvea. Dei tok familienamn etter den nye bustaden sin. Alma og Peder fekk ni born, men tre av dei døydde som spebarn.

Frå 1948 til 1966 dreiv Peder maskinstasjon i bygda, dvs. han kjøpte traktor og reiskap og tok på seg onnearbeid for gardbrukarane på ei nærare bestemt strekning i bygda etter avtale. Alma fortel levande om denne tida i eit stykke i det lokalhistoriske årsskriftet Kvelds-seto frå 2004. Ho var interessert i lokalhistorie, og har gjeve opplysningar til bruk i bygdeboka for Skjåk.

Livssyn og livsvisdom

Alma Høgvoll heldt heile livet fast ved barnetrua si. «Eg kan ikkje Gud fulltakke for helsa mi», seier ho i eit intervju i 2012. «Eg trur det er ei allmakt - og heldigvis for det, det er ei god støtte. Det er klart eg tvilar, men har ein ikkje tvil så har ein heller ikkje tru.»

Nøysemd, å sjå det gode i det ein har - og å behalde humøret! er verdiar som Alma framheva. Ho meinte sjølv at ho levde i den beste tida ein har hatt her i landet. Særleg framheva ho 1950- og 60-talet. Da oljen kom, byrja rett nok velstandsauken å gå litt for raskt, og vi vart «bortskjemde» - syntes aldri det vart nok og godt nok.

«Alt har vore til frå før, alle moglegheiter for utvikling, men menneskja oppdagar meir og meir difor er alt i utvikling og ein får framsteg. Utvikling og framsteg er til det gode berre det ikkje blir misbrukt.»

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, bd. 4, Historia 1914-1945. Skjåk kommune 2016.
  • Høgvoll, Alma: «Frå hest til traktor - da fyrste Gråtassen kom til Skjåk», i Kvelds-seto. Gåmålt frå Skjåk. Utg. Skjåk Historielag 2004.
  • Norske gardsbruk Oppland fylke VI, Forlaget K.S.Granum AS, 1998.
  • Fjuken 20. desember 2007. Intervju med Alma Høgvoll ved Liv Eide.
  • Fjuken 9. august 2012: Intervju med Alma Høgvoll ved Hans Erik Kjosbakken.
  • Fjuken 9. juli 2016. Reportasje frå 100-årsfeiringa.
  • Ættebok for Skjåk, bd. II side 124-125 og 203-204.


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.