Kristian Stakston

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Stakston dokumenterte livet i Skjåk gjennom meir enn femti år som fotograf. Her prest og klokkar under ei gravferd.
Foto: Kristian Stakston (1925).

Kristian Stakston (født 12. november 1874, død 17. desember 1957) var fotograf og urmakar i Gudbrandsdalen.

Han var son av Thora (Tore) Stakston og Hans Christian Stensrud. Faren døydde tidleg, og mor og tre barn flytta attende til Stakston i Skåbu der mora kom frå. Han vart gift med Anne Viken (f. 1889). I folketeljinga 1900 finn vi han oppført som ugift fotograf.

Kristian Stakston mista høgre hand ved ei jaktulykke 18 år gammel, men var allereie neste vinter på tømmerhogst. Han vart fotograf og urmakar etter å ha prøvd seg som snikkar og mekanikar. Han var også felespelar. I 1900 flytta han til Lalm, og i 1902 til Vågåmo. Han byrja å fotografere i Skjåk i 1906, der han dreiv forskjellige stader inntil han bygde sitt eige hus med atelier og mørkerom. Her fotograferte han sine sambygdingar gjennom eit langt liv, mellom anna ved bryllaup og gravferder. Det finst etter ham ei rekkje opptak frå de gamle gards- og veganlegga og frå skredulykka i Nordberg i 1913, da 13 menneske omkom.

Skjåk Historielag har teke vare på hans store platearkiv, og held på med å identifisere materialet.

Verkestader:

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenkjer


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Kristian Stakston er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.