Bremanger kommune
(Omdirigert fra «Bremanger»)
Bremanger kommune ligg i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane), og grensar til Kinn (tidlegare Vågsøy) og Stad (tidlegare Eid) i nord, Gloppen i aust og Kinn (tidlegare Flora) i sør. Kommunen ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord.
| Bremanger kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 4648 |
| Fylke | Vestland |
| Kommunesenter | Svelgen |
| Areal | 833.12 km² |
| Areal land | 786.64 km² |
| Areal vatn | 46.48 km² |
| Folketal | 3 361 (2025) |
| Grunnlagt | 1838 |
| Samanslåing(ar) | 1965: Delar av Davik kommune innlemma |
| Frådeling(ar) | 1963: Eit par gardar i sør til Flora |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Kommunen har to tettstader: Administrasjonssenteret Svelgen og Bremanger. Bremanger har ein fastlandsdel og dei tre store øyene Bremangerlandet, Rugsundøy og Frøya.
Bremanger er ein industrikommune, med Elkem Bremanger i Svelgen som hjørnesteinsverksemd. Det finst òg ein del næringsmiddel- og trevareindustri. Langs Nordfjord er det ein del landbruk, dominert av husdyrhald.
Kjelder
- Bremanger kommune i Sogn og Fjordane i Store norske leksikon
- Bremanger på Wikipedia på bokmål og riksmål
Sjå også
Koordinater: 61.76864° N 5.28914° Ø
|
