Flora kommune
Flora kommune låg i Sogn og Fjordane, og grensa til Bremanger i nord, Gloppen og Naustdal i aust og Askvoll i sør. Opphavleg var berre ladestaden Florø med i kommunen. Storkommunen vart oppretta i 1964, då ladestaden vart samanslegen med Kinn og Eikefjord kommunar, størstedelen av Bru kommune og mindre delar av Bremanger og Vevring kommunar. I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Vågsøy og Flora å slå seg saman til nye Kinn kommune, med verknad frå 1. januar 2020. Vågsøy og Flora har ikkje felles grense.
| Flora kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 1401 |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Kommunesenter | Florø |
| Areal i km²(2020) | 693,3 km² |
| Folketal 2020 | 11988 (2018) |
| Grunnlagt | 1838 |
| Opphørte | 2020 |
| Slått saman med | 1964: Kinn, Eikefjord og delar av Bru, Bremanger og Vevring innlemma. |
| No del av | Kinn kommune |
| Målform | Nynorsk |
Flora var ein industrikommune, med mykje av verksemda lagt til Florø. Aker Solutions, Skaarfish, Cermaq og oljerelatert industri knytta til Fjord Base er blant dei største aktørane i den tidlegare kommunen. I ytre strøk finn ein jordbruk og fiske drive i kombinasjon. Det er stor eksport av laks, sild og makrell, foredling av laks og produksjon av fiskefôr.
Ytterøyane fyrstasjon ligg i Vågsøy. Kinn kystlag vart etablert i 2005.
Kjelder
- Flora kommune i Sogn og Fjordane i Store norske leksikon
- Flora kommune på Wikipedia på nynorsk
