Jon Sørensen og familien. Foto: 1910-åra (Akershusmuseet/Digitalt Museum)
Jon Sørensen (fødd i Sandnes 23. august 1868, død i Ullensaker 1936) var lærar, fylkesskule- og folkehøgskulemann. Han var det ein kan kalle ein skuleentreprenør, ein av dei nokså mange i samtida som grunnla og leia privatskular på idealistisk grunnlag. Mange av dei gjorde seg også sterkt gjeldande innan det offentlege skulesystemet, og det gjeld i høg grad Jon Sørensen. Det meste av yrkeskarrieren sin hadde han på Romerike, og mest kjend er han som eigar og styrar av Eidsvoll folkehøgskole 1908-1918. Dette vart i samtid og ettertid vurdert som eit særs vellykka tiltak. Men eit samanfall av familiekrise og dyrtid under fyrste verdskrigen, gjorde at Sørensen gav opp prosjektet og la ned skulen. Han gjekk deretter igjen over i det offentlege skuleverket. Les mer …
Rognaldsvåg skule Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Rognaldsvåg skule i dåverande Flora kommune stod ny i 1972. Med det nye skulebygget i Rognaldsvåg vart krinsane Kinn, Skorpa, Reksta og Rognaldsvåg slegne saman og alle elevane sendt hit. I 2008 vedtok Flora kommune å leggje ned skulen, og skulelevane må no følgje båt inn til Florø barneskole. I dag blir skulebygget nytta som samlingstad og klubblokaler for grenda. Les mer …
Vevring kommune frå aust mot vest. Redalsgrend foran og Vevringsfjorden med Flokenes bakom. Foto: Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon, 1953 Vevring kommune i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1838, og omfatta område på både sider av Førdefjorden.
I 1964 vart kommunen delt. Området nord for fjorden vart delt mellom Naustdal kommune og Flora kommune, medan området sør for fjorden vart innlemma i Askvoll kommune. Ved delinga hadde Vevring eit areal på 120 km².
Vevring sokn svarar til den delen av kommunen som vart overført til Naustdal. Les mer …
Hovudmål for åtaket i Florø skulle vere kjøle- og eller fryseanlegg, Shell sine oljetankar og hermetikkindustri. Operasjon Kitbag var eit militært åtak retta mot Florø i Sogn og Fjordane. Første forsøket på å gjennomføre åtaket fann stad i desember 1941, men dette mislukkast. Ein redusert versjon av Operasjon Kitbag vart likevel gjennomført i januar 1942. I tre timar heldt fartøya seg i indre farlei, og delvis inne ved Florø. Dei opna kanoneld mot fartøy ved kai på Florø hamn og mot bygningar på land. I følgje sluttrapporten til Chiefs of Staff frå Lord Mountbatten, signert den 8. januar skal det ha blitt senka to trålarar som låg ved hermetikkfabrikken. Vidare skal denne bedrifta ha vorte tilført skade, og utanfor Florø vart eit skip senka. Les mer …
|