Forside:Luster kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Luster kommune
Luster kommune er ein kommune som ligg langs Lustrafjorden, ein arm av Sognefjorden, i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Kommunesenteret er Gaupne. Kommunen grensar til Skjåk, Lom og Vang i Innlandet, og til Årdal, Sogndal, Jølster og Stryn i Vestland.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Kristen Bakken som ordførar 1946-47.
Kristen Bakken (fødd 11. juli 1920, død 10. februar 2014) var kjøpmann i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Foreldra hans var kjøpmann Thor Bakken og Anna Dorthea (Thea) f. Yttri. Farfaren var ordførar Anders Christenson Ormbergstøl. Kristen Bakken tok i 1941 over som telefonstyrar og styrar av handelsverksemda til faren, og frå 1. januar 1943 var han òg postopnar på Gjerde. Frå 1. januar 1954 tok han over som eigar av handelsverksemda under namnet Thor Bakkens Etterfylgjar. Han dreiv butikken livet ut under namnet Joker Jostedal, som no er den einaste attverande daglegvarebutikken i Jostedalen.   Les mer …

Thor Bakkens Eftf i Jostedalen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Thor Bakkens Ettf er ein daglegvarehandel på Gjerde i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Butikken har sidan 2007 vore med i Joker-kjeda og er den einaste attverande daglegvarebutikken i Jostedalen. Landhandlaren Hans Hansson BjørgeHafslo starta opp handelsverksemda på Gjerde 3. januar 1903. Etter to-tre år tok Thor Bakken over. Sonen hans, Kristen Bakken (fødd 1920), vart styrar 1. juni 1941 og overtok verksemda 1. januar 1954 under firmanamnet Thor Bakkens Etterfylgjar. Han driv framleis butikken.   Les mer …

Hafslo og Hafslovatnet, sett mot aust med tettstaden til venstre og Lustrafjorden i bakgrunnen.
Foto: Peter John Acklam
(2005)

Hafslo er ei bygd, ein tidlegare kommune og ein tettstad i Luster kommune. Bygda Hafslo ligg på søraustsida av Hafslovatnet og har tradisjonelt vore ei rik jordbruksbygd. Elva frå Hafslovatnet renn ut i Årøyfjorden i Sogndal, og hovuddalføret strekkjer seg innover mot brebygda Veitastrond.

Hafslo sentrum utgjer ein tettstad etter SSB sin definisjon og hadde i 2009 305 innbyggjarar. Dette var administrasjonssentrum i den nedlagde Hafslo kommune, og her ligg butikkar, Hafslo barne- og ungdomssskule, Hafslo samfunnshus, Luster vidaregåande skule og barnehage. Hafslo kyrkje ligg noko vest for sentrum. Hafslobygda har i seinare år hatt den sterkaste folkeauken i Luster kommune på grunn av nærleiken til Sogndal, og det er kome til ei rekkje byggjefelt.   Les mer …

Bukti (Sagarøy, bnr. 4) med stova frå 1917, fotografert frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Sagarøy er ei lita grend i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Grenda ligg i dalbotnen på den sørlege delen av området til matrikkelgarden Bakken og grensar mot Jostedal prestegard.

Grenda ligg i midten av bygda ca 1 km nord for kyrkja. Her var bygde- og kommunesenteret i Jostedalen frå slutten av 1800-talet til opp i etterkrigstida.

Sagarøyelvi renn gjennom grenda. Ho skifta løp og gjorde store øydeleggingar i grenda i storflaumen i august 1979.   Les mer …

Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.

Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.

Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen.   Les mer …

Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Luster kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar