Otto Hansson Ravn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Otto Hansson Ravn (fødd kring 1607 i Danmark og død kring 1652 i Jostedalen) var sokneprest i Jostedal prestegjeld frå kring 1635 til han døydde.

Familie

Opphavet hans er uvisst, men han var kanskje son av sokneprest Hans Mikkelson Ravn til Dreflette i Odense amt på Fyn (1566-1640) og kona Anna.[1] Otto Ravn vart gift med Anna (Ales) Christensdotter, som truleg òg var av dansk opphav (fødd kring 1610 og død kring 1690). Anna gifte seg opp att med den etterfølgjande presten i Jostedalen, Tøger Jensson. Ein kjenner til tre born etter Otto og Anna: Hans Ottoson Ravn (1635-1698), Lage Ottoson Ravn (1638-1691) og Sophia Ottosdotter Ravn (1644-1730). Sophia vart gift andre gong kring 1685 med Henrik Nitter, kapellan og seinare sokneprest i Jostedalen.

Prest i Danmark?

Etter ein lokal tradisjon nedskrive kring 1830 skal Otto Ravn ha vore prest i Danmark (København) og sendt til Jostedalen fordi han i sinne hadde slege til ein altargjest.[2]. Ein har ikkje kjennskap til prestar med det namnet i Danmark, og han er heller ikkje funnen mellom dei teologiske kandidatane frå København.[3]

Prest i Jostedalen

Han vart prest i Jostdalen kring 1635 og har sett spor etter seg i to dokument frå 1636. I det fyrste frå 16. mars 1636 har han fått med lensherre og kanslar Jens Bjelke og biskop Ludvig Munthe (1593-1649) på at Jostedalen burde slåast saman med Gaupne sokn i Luster til eit nytt prestegjeld med Gaupne som hovudsokn på grunn av dei dårlege inntektene i det vesle og fattige prestegjeldet.[4] Den tidlegare teorien har vore at initiativet må ha vorte stogga i København, for i eit brev 28. oktober 1636 gjorde Jens Bjelke det klart at Otto Ravn skulle ha dei same priviliegia som forgjengarane i prestekallet, det vil seie 4 tønner korn frå kyrkjetienda i Vik, Luster, Lærdal og Leikanger.[5] Problemet er berre at dateringa av brevet (Bergen 16. mars 1636) må vere feil - Munthe kom ikkje til Bergen som biskop før 13. mars 1636. Så dette spørsmålet er inntil vidare uavklara. Det fyrste sikre sporet etter Otto Ravn i Jostedalen er såleis brevet 28. oktober 1636 då Jens Bjelke fornya privilegia som forgjengaren hadde. Det heiter i brevet feildatert 16.3.1636 at Jostedalen "een Tiidlang, førend Hr. Ottho dertil blev kaldet, haver standet ledigt", og dette kan kanskje tyde på at Ravn ikkje kom til Jostedalen før i 1636.

Ein lokal tradisjon hevdar òg at Ravn vart tiltala for å ha slege til ein altargjest i Jostedalen, men døydde før saka vart pådømd.[6]

Notar

  1. Øyane 1994, s. 326
  2. Kallsboka, påbyrja 1830, fol. 31a; ref. i Lampe 1996, s. 1, og Laberg 1948, s. 179
  3. Øyane 1994, s. 326
  4. Brev 16.3.1636 frå Jens Bjelke og Ludvig Munthe (digital utgåve), jf. Øvregard m.fl. 2010, s. 176-178
  5. Brev 28.10.1636 frå Jens Bjelke (digital utgåve)
  6. Kallsboka, fol. 31a, ref. i Laberg 1948, s. 180

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Mikkel Nilsson 
Prestar i Jostedalen
(ca 16351652)
Etterfølgjar:
 Tøger Jensson