Ludvig Munthe (1593-1649)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ludvig Munthe (fødd 2. august 1593 i Tikjøb på Skjelland i Danmark, død 12. mars 1649 i Bergen) var son av sokneprest Hans Ludvigssøn Munthe (1560-1601) og Anne Catharina de Fine (1566-1601).

Munthe vart utnemnd til dansk hoffpredikant hjå Christian 4. i 1634 og biskop i Bergen 25. oktober 1636. Han kom til Bergen og overtok embetet 13. mars 1637. Han er stamfar til Munthe-ætta i Noreg.

Munthe var gift med Ingeborg Sørensdattar Friis, dotter av slottsskrivar Søren Friis. Dei fekk 15 born, og dei 12 som voks opp, var:

  • Johannes (Hans) Munthe (1625-1706)
  • Frederik Munthe (1627-1676)
  • Abel Munthe (1628-1676)
  • Catharine Munthe (ca 1628-1674)
  • Elisabeth Munthe (ca 1630-ca 1649)
  • Birgitte Munthe (1634-1708)
  • Maren Munthe (1635-1685)
  • Anne Munthe (1639-1688)
  • Helvig Munthe (ca 1642-1689)
  • Ludvig Munthe (1644-1688)
  • Søren Munthe (1646-1687)
  • Ingeborg Munthe (1646-1687)

Kjelder


Forgjenger:
 Niels Paaske 
Biskop av Bjørgvin
Etterfølger:
 Jens Pedersen Skjelderup