Gaupne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gaupne
Foto: Ukjent fotograf/Nasjonalbiblioteket (1930-1950).

Gaupne er eit kyrkjesokn, ein skulekrins, ein tettstad og kommunesenteret i Luster kommune. Staden ligg ved utlaupet av Jostedøla inst i Gaupnefjorden, ein sidearm av Lustrafjorden som igjen er ein sidearm til Sognefjorden. 1. januar 2009 hadde tettstaden 1075 innbyggjarar.[1]

Kyrkjesokn

Gaupne gamle kyrkje

Gaupne sokn er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det høyrde til Luster prestegjeld fram til 1967 og vart då overført til Jostedal prestegjeld. Her ligg Gaupne gamle kyrkje (bygt 1647-52) og den nyare Gaupne kyrkje (bygt 1907). Gamlekyrkja har sidan 1909 vore i Fortidsminneforeininga si eige.

Frå 1568 til 1614 høyrde Gaupne til Dale len. Luster prestegjeld utgjorde då eit sjølvstendig len og var ikkje underlagd Bergenhus. Men med unntak av denne perioden høyrde Gaupne som det einaste soknet i Luster prestegjeld til Marifjøra skipreide, ikkje Luster skipreide.

Etter avviklinga av prestegjelda i 2000-åra vart Gaupne sokn ein del av Luster kyrkjelege fellesråd.

Tettstad og kommunesentrum

Då dei tidlegare kommunane Hafslo, Jostedalen og Luster slo seg saman til nye Luster kommune frå 1963, vedtok kommunestyret at Gaupne skulle vera administrasjonssentrum i den nye kommunen. På dette tidspunktet var Marifjøra eit vel så viktig sentrum som Gaupne ved Gaupnefjorden. Her vart såleis Luster rådhus bygt i 1970-åra. Seinare har det skjedd ei stor utbygging av kommunale institusjonar, bedrifter og bustadfelt i Gaupne.

Skulekrins

Her finn ein Luster ungdomsskule, som er ein av to ungdomsskular i Luster kommune, og barneskulen Gaupne skule. Skulekrinsen grensar i sør mot Marifjøra, som soknar til Indre Hafslo skule. Nordover Jostedalen femner Gaupne skulekrins om gardane til og med Alsmo og Vigdalen medan gardane frå og med Myklemyr høyrer til Jostedal skule. I nordaust femner Gaupne skulekrins no òg om Nes.

Nærings- og kulturverksemd

I Gaupne ligg elles idrettshall og fotballbane, hovudkontoret til Luster sparebank og kjøpesenteret Pyramiden. Lustrabadet opna hausten 2012. Av større bedrifter finn ein elles AveryDennison NTP, regionkontoret til Statkraft og Luster mekaniske industri (LMI). På stemnearenaen Parken vert det gjennom sommaren skipa til fleire store utekonsertar.

Notar