Myklemyr (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myklemyr
Myklemyr-Lindahl.jpg
Myklemyr sett frå gamlevegen over Haukåsen. Foto av Axel Lindahl frå 1880-åra
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 186

Myklemyr (Luster, gnr. 186) er ein matrikkelgard og ei grend i Jostedalen, Luster kommune. Myklemyr er den sørlegaste garden i Jostedal sokn og grensar mot Alsmo i Gaupne sokn. I nord grensar Myklemyr mot Fossen. Jostedøla dannar grensa mot bruket Ormbergstølen under matrikkelgarden Ormberg som ligg på austsida av elva.

Myklemyr var òg namnet på ein skulekrins i Jostedalen fram til 1962. Det gamle skulehuset ligg på Knippa i den nordaustre enden av bygda, og rett framafor ligg ungdomshuset Bergheim.

Myklemyr tyder 'den store myra' og ligg på ei av dei største elveslettene i Jostedalen. Den eldste busetnaden ligg i nordenden litt opp frå sletta. Bruket Øvre Myklemyr er ein høgdegard og ligg kring 100 meter høgare enn dei andre bruka.

Den nyare busetnaden har breidd seg utover elvesletta og vore meir utsett for flaum enn den eldre. Flaumane har jamleg gått ut over mykje av flata, og bygginga av flaumvern kom i gang etter storflaumen i 1898. Det vart forsterka mykje etter den endå større flaumen i 1979.

Tre gamle bruk

I det fyrste dokumentet frå Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596, er det nemnt to gardbrukarar på Myklemyr: Anders Mycklemyre og Olluff Neder Mycklemyr. Det var to bruk på Myklemyr fram til ’Myklemyr øydegard’ (Øyen) dukkar opp i skattelistene frå 1670-åra.

I periodar har to av desse bruka vore drivne saman i varierande samansetjingar, og grensene mellom dei har vorte endra (sjå under kvart bruk). Likevel kan ein rekne desse tre ’stambruka’ som utgangspunkt for bruksdelingane sidan 1831.

Bruksdeling på 18- og 1900-talet

Bruk som stammar frå bnr. 4 Øvre Myklemyr (Oppigarden):

  • Bnr. 5, Teigen – fråskild 1831
  • Bnr. 2, Løkken (Lykkja) – fråskild 22.5.1888
  • Bnr. 13, Tunvoll – fråskild bnr. 5 den 5.6.1931

Bruk som stammar frå bnr. 7 Nedre Myklemyr (Innigarden):

  • Bnr. 8, Skjeret – fråskild 11.10.1879
  • Bnr. 10, Runningen (Knippa) – fråskild 10.6.1907
  • Bnr. 12, Runningen – fråskild bnr. 10 den 30.7.1929
  • Bnr. 25, Mo – fråskild bnr. 8 den 2.12.1947

Bruk som stammar frå bnr. 1 Myklemyr (Øyen) (Øy:

  • Bnr. 9, Øyen – fråskild den 11.5.1891
  • Bnr. 11, Bruhaug (Husøy) – fråskild den 26.9.1919
  • Bnr. 14, Nyset – fråskild bnr. 9 den 27.10.1932
  • Bnr. 18, Jørgenøy – fråskild bnr. 1 den 21.7.1943
  • Bnr. 19, Nygard – fråskild bnr. 1 den 21.7.1943

Husmannsplassar

Myklemyr var den garden i Jostedalen med flest husmannsplassar. Lars Øyane har registrert heile 17 husmannsplassar og heimar under Myklemyrs-bruka:

  • Endreheimen – i bruk frå kring 1844 til 1849, karrig plass nørdst på Myklemyr, plass under bnr. 7
  • Einestabb-bakken – truleg rydda i 1760-åra, og neppe i bruk lenger enn til kring 1780, plass under bnr. 7
  • Knippa – plass under bnr. 7
  • Runningen – plass under bnr. 7, frå 1911 under bnr. 10
  • Smieholet (Runningen) – rydda kring 1794, plass under bnr. 7, nedlagd 1873 – låg attmed Runningen
  • Johansplassen (Uppigarden) – plass under bnr. 4, rydda kring 1901, i bruk til kring 1947
  • Haugen – rydda kring 1856, plass under bnr. 7, i bruk til ut i 1870-åra
  • Hammaren – rydda kring 1836, plass under bnr. 4, i bruk til 1850-åra
  • Teigen 1 (Gjeili) – rydda i 1817, plass under bnr. 4, fråflytt kring 1860 etter at ei snøskrede nesten tok stovehuset
  • Teigen 2 (Nedre Teigen) – teken i bruk kring 1837 ved dei deling av Teigen 1, plass under bnr. 4, frå 1884 under bnr. 5, i bruk til 1911
  • Teigen 3 (Vetleåkeren) – rydda 1896, plass under bnr. 5, frå 1937 under bnr. 1, i bruk til 1942
  • Jørgenøy (Jørnøy) – rydda kring 1860, plass under bnr. 4, frå 1884 under bnr. 5 og frå 1937 under bnr. 1, utskild som bnr. 18 i 1943
  • Skjeret – rydda kring 1805, plass under bnr. 7, fråskild 1879 som bnr. 8 Skjeret, men det budde plassfolk her til 1915
  • Lykkja – rydda kring 1799, plass under bnr. 1, fråskild som bnr. 2 Løkken i 1888 då husmannen kjøpte bruket
  • Gamleøyen 1 – rydda kring 1828, plass under bnr. 1, nedlagd i 1885
  • Gamleøyen 2 (Ingeborgstova) – rydda rydda kring 1880, heim under bnr. 1, frå 1937 under bnr. 9
  • Haukåsen – i bruk ca 1732-1751, plass under bnr. 4

Kjelder og litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 1-81. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Myklemyr», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane