Runningen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Runningen
Knippa.jpg
Knippa (Runningen, bnr. 10) med skulehuset til venstre
Alt. namn: Knippa
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 186
Bnr: 10

Runningen (Knippa) (Luster, gnr. 186/10) er eit gardsbruk i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Myklemyr.


Husmannsplassar

Runningen: Jens Olson Ospeneset rydda seg i 1750-åra ein husmannsplass på Myklemyr, og dette var truleg Runningen, som då vart den fyrste plassen under Nedre Myklemyr. Det vart då den nordlegaste buplassen på Myklemyr.

Knippa: Skulehuset for Myklemyr krins vart bygt på Knippa ved Runningen i 1893-94 og teke i bruk hausten 1894. På same tida fekk læraren Anders O. Øvregaard rydde seg ein plass attmed skulehuset der han og huslyden busette seg. Her vart han den fyrste postopnaren på Myklemyr i postkontoret som opna heime hjå han 1. juli 1898.

Runningen (Knippa) (bnr. 10)

Den 10.6.1907 vart Nedre Myklemyr (bnr. 7) delt i to jamstore lutar, og det fråskilde bruket Runningen (bnr. 10) omfatta mellom anna dei to husmannsplassane Runningen og Knippa.

Den 26.8.1911 fekk Otto Henrikson Myklemyr skøyte på bruket. Han var gift med Brita Oline Øvregaard, dotter til læraren Anders O. Øvregaard som frå før budde på Knippa. Otto og Brita Oline flytte inn på Knippa, og Otto tok over som postopnar etter svigerfaren, som vart buande her til han døydde i 1924.

I 1920-åra vart ungdomshuset til Myklemyr ungdomslag, Bergheim, bygt på Knippeneset framafor skulehuset.

Runningen (bnr. 12)

Runningen (bnr. 12) sett frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Husmannen på plassen Runningen vart buande der til han døydde i 1929. Den 20.7.1929 vart så bruket (bnr. 10) som femnde om Runningen og Knippa delt, og plassen Runningen fekk bnr. 12. Dette bruket vart i 1954 slege saman med bnr. 2 Løkken.

Kjelder og litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 40-43 og 55-64. (Digital utgåve, NBdigital)