Anders O. Øvregaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders O. Øvregaard (fødd 27. mai 1854, død 15. juni 1924) var lærar i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han kom frå husmannsplassen Øvregarden under Jostedal prestegard og var son av Ole Knutson Øvregard (1825-1875) og Britha Christensdotter frå Halveg under Nedrelid. Han gifte seg 9. juni 1876 med Siri Andersdotter (1849-1895) frå Gardshaugen under Nedrelid.

Anders Øvregard tok lærareksamen ved Balestrand lærerskole i 1874 og byrja som lærar i Jostedalen kring 1875. Han og Siri budde truleg fyrst nokre år i Knurrøyane under Sperla. I 1882 fekk han skøyte på Aspeneset under Åsen, men måtte alt året etter gje frå seg bruket på odel. Deretter pakta han Jostedal prestegard før han kring 1893 flytte til Knippa under Myklemyr. Same året var skulehuset for Myklemyr krins bygd her, så Anders rydda seg ein plass attmed skulehuset. Her vart han den fyrste postopnaren på Myklemyr i postkontoret som opna heime hjå han 1. juli 1898. Han var postopnar til han døydde i 1924 og lærar til kring 1920.

Knippa vart utskild i 1907 som Runningen (bnr. 10), og 26.8.1911 fekk svigersonen Otto Myklemyr skøyte på bruket, men Anders vart buande her livet ut. Svigersonen tok òg over som postopnar.

Anders var målmann, kanskje den fyrste i Jostedalen. Han hadde temmeleg sikkert fått kjennskap til målsaka i åra på Balestrand lærerskole, men det er ingen spor etter målengasjementet hans i Jostedalen før han var med på det fyrste vedtaket om å opne for nynorske lærebøker i Jostedalen i 1901 (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen). Han var medlem i Jostedal mållag (skipa november 1906) der me finn han som medlem i ei nemnd i april 1907 som skulle samle inn saker til ein målmarknad i Bergen.

Anders og Siri fekk eitt barn:

  • Brita Oline Andersdotter Øvregaard (1877-1948), gift med gardbrukar og postopnar Otto Henrikson Myklemyr (1883-1946) på Runningen (Knippa)

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer