Luster kommune
Luster kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Historisk(e) navn | Lyster |
Kommunenummer | 4644 |
Fylke | Vestland |
Kommunesenter | Gaupne |
Areal | 2605.92 km² |
Areal land | 2605.92 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | 5 302 (2023) |
Sammenslåing(er) | 1963: Jostedal kommune 1963: Hafslo kommune |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Liste over ordførarar |
Luster kommune er ein kommune som ligg langs Lustrafjorden, ein arm av Sognefjorden, i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Kommunesenteret er Gaupne. Kommunen grensar til Skjåk, Lom og Vang i Innlandet, og til Årdal, Sogndal, Jølster og Stryn i Vestland.
Kommunen femner i tillegg til fjordområde òg delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. Luster kommune fekk utbreiinga han har i dag i 1963, då kommunane Hafslo, Jostedal og Luster vart slegne saman.
Luster var fram til 2004 òg namn på eit prestegjeld i Indre Sogn prosti. Prestegjeldet hadde sokna Nes, Dale og Fortun. Fram til 1967 høyrde òg Gaupne sokn til prestegjeldet, det vart då overførd til Jostedal prestegjeld. Luster kommune var delt inn i tre prestegjeld, Luster, Hafslo og Jostedal. Frå 2004 har den lokale prestetenesta vorte organisert av prosten i Indre Sogn prosti.
Mellomalderkyrkjene Urnes stavkyrkje og steinkyrkja Dale kyrkje ligg i Luster kommune.
I 1901 vart Gerhardine Helene Fredrikke Paasche vald inn på upolitisk liste som fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentant i Luster.
Sjå også
Kjelder og litteratur
|