Dale len

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Dale kyrkje i Luster. Dette var kyrkjeleg og administrativt sentrum i det vesle lenet.
Foto: Dag E. Bertelsen (1997)

Dale len i Luster i Sogn og Fjordane eksisterte frå 1565 til 1614. Lenet vart oppretta av kongen 4. oktober 1565 då Anders Nilsson i Kroken fekk råderett over Dale skipreide mot å vere lensherren på Bergenhus «hørig». Han skulle årleg betale «Afgift, Tjeneste, Tynge og Besværing». Anders Nilsson var gift med Anna Kruckow, dotter til den mektige riksråden og adelsmannen Johan Kruckow.

Til Dale skipreide høyrde sokna Fortun, Dale og Nes. Lensbrevet vart fornya den 10. september 1568, no på Dale prestegjeld som også inkluderte Gaupne sokn som høyrde til Marifjøra skipreide. Anders Nilsson fekk dessutan ettergjeve to års avgift.[1] Likevel måtte han gå frå lenet i 1570 grunna økonomiske problem.

Otte Galskjøtt fekk så lensbrev 27. mai 1570, og han skulle få tiende, leidang og "anden Kronens Rettighed fri uden Afgift ad gratiam".[2] Han hadde berre lenet i fem år før Anders Green fekk lensbrev 8. oktober 1575. Han fekk òg lenet avgiftsfritt med "Bønder, Tjenere, Tiende, Leding og al anden vor og Kronens Rente og Rettighed, aldeles Intet undertaget."[3] Green var på dette tidspunktet kansellisekretær og var 1604-14 «Norges Riges Kantsler».[4]

Green døydde i april 1614, og Dale len vart no lagt inn att under Bergenhus hovudlen. Nils Vind hadde fått lensbrev på Bergenhus i 1606.[5] Den 6. desember 1614 fekk han så lensbrev også på «Dals prestegjeld». Han skulle skrive godset inn i jordeboka «og for des visse og uvisse Rente og Indkomst aarligen lader os gjøre gode Rede og Regnskab» frå 1. mai 1615.[6]

Den fyrste lensrekneskapen etter innlemminga i Bergenhus 1615-16
Frå og med 1615 har ein såleis rekneskapar og jordebøker også for Dale len. I den fyrste rekneskapen heiter det at lenet var «lagt vnder Bergenhus lehnn»[7]

Dale len (Luster) heldt fram med å ha eigen fut etter innlemminga i Bergenhus len, og det vart såleis levert eigne futerekneskapar for Dale fram til 1630-åra som gjekk inn i lensrekneskapen for Bergenhus. Anders Lauritssen var fut ved innlemminga i Bergenhus og hadde truleg vore det ei god stund. Futane over Dale len fekk gradvis utvida embetsområdet, og det danna utgangspunktet for utskiljinga av Indre Sogn som eige futedøme i 1635. (Sjå Futar i Sogn for ei liste over futane i Dale len 1615-1635.)

Notar

  1. NRR bd. 1, s. 470 og s. 606
  2. NRR bd. 1, s. 655
  3. NRR bd. 2, s. 166
  4. Anders Green (Norsk Biografisk Leksikon)
  5. NRR bd. 4, s. 150-152
  6. NRR bd. 4, s. 549
  7. Lensrekneskap, Dale prestegjeld 1.5.1615-1.5.1616 (Digitalakivet)

Kjelder og litteratur