Norske Rigs-Registranter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norske Rigs-Registranter 1523-1660
Tittelbladet frå første band av Norske Rigs-Registranter.
Tittelbladet frå første band av Norske Rigs-Registranter.
Tittel Norske Rigs-Registranter 1523-1660
Forfatter Chra. A. Lange m.fl. (red.)
Utgiver: Chr. A. Lange m.fl. for Det norske historiske kildeskriftfond
Utgivelsessted: Christiania
Utgivelsesår: 18611891
Ant. bind: 12

Norske Rigsregistranter 1523-1660, bind I-XII er ei trykt samling av brev og forordningar utferda av kongen gjennom Danske kanselli. Kjeldesamlinga på 12 band vart utgjeve for Det norske historiske kildeskriftfond i tidsrommet 1861-1891.

Grunnlaget for avskriftene er to rekkjer med kopibøker, Norske registre (for opne brev, dvs. adressert til ålmenta) og Norske tegnelser (for missiv, dvs. adressert til enkeltpersonar eller mindre grupper). Dei originale kopibøkene er nå i det norske Riksarkivet (Danske magasin).

Avskriftene i riksregistrantane er ikkje heilt ord- og bokstavrette i høve til originalen. Det er gjennomført ei viss standardisert rettskriving, teiknbruk osv. Ein del brev er berre attgjevne i utdrag. Breva er kronologisk ordna.

Riksregistrantane innheld særs mykje kjeldemateriale til lokalhistoria for alle delar av landet frå 1500- og fyrste halvparten av 1600-talet, ein periode som ikkje så mykje anna arkivmateriale er bevart. Det er greit å finne fram i med gode stad- og personnamneregister.

Digitalarkivet har lagt ut alle banda som avfotograferingar, og ein del band finst på Nettbiblioteket.

På Nettbiblioteket

Per januar 2019 er sju av tolv band tilgjengelege på Nettbiblioteket.

  • Lange, Christian C.A., Edv. O. Heiberg og Siegwarth Petersen: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag. B. 1 : 1523-1571. Christiania. 1861. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Petersen, Siegwarth og Otto Gr. Lundh: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag. 2 : 1572-1588. Christiania. 1863. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Sars, Johan Ernst og Otto Gr. Lundh: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag. B. 5 : 1619-1627. Christiania. 1874. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Lundh, Otto Gr.: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag. B. 7 : 1635-1640. Christiania. 1880. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Lundh, Otto Gr. og O.A. Øverland: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag. B. 9 : 1648-1649. Christiania. 1887. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Nielsen, Yngvar og E.A. Thomle: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag. B. 10 : 1650-1653. Christiania. 1887. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Thomle, E.A.: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag. B. 12 : 1657-1660. Christiania. 1891. Digital versjonNettbiblioteket.

Band som per januar 2019 ikkje er lagt ut på Nettbiblioteket er:

  • Sars, Johan Ernst og Otto Gr. Lundh: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag : B. 3 : 1588-1602. Christiania. 1865.
  • Lundh, Otto Gr.: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag : B. 4 : 1603-1618. Christiania. 1870.
  • Sars, Johan Ernst og Otto Gr. Lundh: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag : 6 : 1628-1634. Christiania. 1877.
  • Lundh, Otto Gr.: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag : B. 8 : 1641-1648. Christiania. 1884.
  • Thomle, E.A.: Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag : B. 11 : 1653-1656. Christiania. 1890.

Ekstern lenke

Norske Rigs-Registranter på Digitalarkivets WebBok (nr. 122-133)