Ole Andreas Øverland
Ole Andreas Øverland (født 17. mars 1855 i Trondheim, død 20. juni 1911 i Kristiania) var historikar, kjend som ein popularisator med eit framifrå forfattartalent og ein stor produksjon. Noregshistoria hans var eit pionerarbeid.
Familie
Foreldra var tobakksspinner og handelsmann Ole Andreas Øverland (1819–71) og Gertine Birgitte, fødd Moe (1818–81). Han var gift første gong med Charlotte Louise Weltzin (1864-1900), gift andre gong i 1902 med Oline Brun (1858-1913).
Liv og arbeid
Ole Andreas Øverland gikk Katedralskolen i Trondheim før han i 1873 vart dimmitert til universitetet. Han fullførte i 1875 ex. phil. med dei beste karakterane. I dei neste åra studerte han historie og germanske språk i Christiania. Han vart først mellombels tilsett i Riksarkivet frå 1879. Frå 1881 -1885 som fast assistent. Her fekk han levande interesse for det rike historiske materialet han fekk tilgang til. Han oppgav dermed hovudstudiane sine og ofra alt for nyare norsk historie.
Det første større arbeidet Øverland fekk trykt, var avhandlinga "Armfeldts Tog nordenfjelds 1718" (i Historisk Tidsskrift 1878). Om somrane heldt han føredrag på lærarkurs ymse stader i landet, og fekk ry som ein populær og samstundes godt kunnig historieforfattar.
Han var allereie ein vide kjend vitskapsmann og historikar då han gjekk i gang med utgivinga av ’’Illustreret Norges Historie’’ som i nesten 11 år la all beslag på tida og kreftene hans.
Det var Jacob B. Bull som først engasjerte Øverland til å skrive ei noregshistorie. Det var meininga at verket skulle koma som tillegg til Folkebladet i ti år. Tiltaket vart møtt med stor interesse, m.a. av Johan Ernst Sars, og forleggjarar gjorde avtale med Øverland om å utgje ei større noregshistorie. Etter ei ny avtale med Folkebladet, kom verket heftevis og vart avslutta i 1898 med året 1814. Noregshistoria vart trykt i ei praktutgåve i sju band.
Øverland var òg medutgjevar av Norske Rigsregistranter og leverte elles spesialarbeid om ulike emne, t.d. "Kristiania Arbeidersamfunn 1864–89 (1889), "Jotunheimens Oppdagelse" (1896), "Møllergutten" (1896). Desse mindre arbeida vart utgjevne som sjølvstendige hefte, i alt nærare tretti stykke. Sidan vart dei samla i fem band med tittelen Norske historiske Fortællinger.
Da Øverland i 1897 var ferdig med den store noregshistoria, vart det teke initiativ til at han fekk ei fast årsløn frå Stortinget. Trass i at han var veikhelsa heldt han fram med historieskrivinga. I 1910 ga han ut Det gamle Norge i billeder og tekst, en norsk utgave av et plansjeverk med bilder av John William Edy.
Ettermæle

Ole Andreas Øverland vart berre 56 år gamal, men etterlét seg ein stor produksjon. Han var ikkje nokon nyskapande historikar; han var ein popularisator med eit framifrå forfattartalent. Noregshistoria hans var eit pionerarbeid av di han nytta halvgløymde kjeldeskrifter. Verket vart selt i over tjue tusen eksemplar og var med på å gje lesarane ei forståing av nasjonal identitet.
I ein nekrolog over Øverland i Morgenbladets aftenutgåve 20. juni 1911 (usignert), vart hans arbeid med Noregeshistoria skildra slik (utdrag):
Øverland viste sig under utarbeidelsen av sit store verk som den flittige og skjønsomme samler og den kyniske forsker. Med dygtighed, ihærdighet og seig arbeidskraft førte han arbeidet frem til dets avslutning og hadde da den glæde at se det omfattet med en interesse, som skaffet det en utbredelse i vort land, som neppe er blit noget andet saa omfangsrikt verk tildelt. | ||
Ole Andreas Øverland er gravlagd i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit bronserelieff av han.
Kjelder og litteratur
- Coldevin, Axel: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind XIX. Oslo 1983.
- Bratberg, Terje: Ole Andreas Øverland i Norsk biografisk leksikon på snl.no. Hentet 21. mars 2021 fra https://nbl.snl.no/Ole_Andreas_%C3%98verland
- Morgenbladet (aften) 20. juni 1911, nekrolog over Øverland
- Ole Andreas Øverland i Historisk befolkningsregister