Lærar og ordfører Nils Lyslo Foto: Norske skulefolk, 1952 Nils Lyslo var fødd på Lyslo (gardsnr. 48, bruknr. 7) i Innvik i Nordfjord 30. januar 1900, og døydde på Bru i Sunnfjord 10. desember 1959. Han gjekk Volda lærarskule og var frå 1922 lærar i Åseral, før han drog til Lærdal og vart verande der til 1947. Han var ordførar i Borgund i 12 år og hadde fleire andre verv.
Frå 1948 til 1951 var han lærar i Lesja, der han òg var aktiv i Lesjaskog Arbeiderlag og leiar for Bjorli skilag eitt år. Han var òg aktiv i Lesjaskog skyttarlag og fortalde til Norges skyttere i ord og bilder. Østre del i 1953 at han begynte som skyttar i 1916 fordi han fekk delta i premieskyting med salonggevær på skulen. Les mer …
Vevring kommune frå aust mot vest. Redalsgrend foran og Vevringsfjorden med Flokenes bakom. Foto: Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon, 1953 Vevring kommune i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1838, og omfatta område på både sider av Førdefjorden.
I 1964 vart kommunen delt. Området nord for fjorden vart delt mellom Naustdal kommune og Flora kommune, medan området sør for fjorden vart innlemma i Askvoll kommune. Ved delinga hadde Vevring eit areal på 120 km².
Vevring sokn svarar til den delen av kommunen som vart overført til Naustdal. Les mer …
Kalvåg kystlag er eit kystlag i Kalvåg i Bremanger kommune. Laget vart stifta den 19. februar 2004 etter initiativ frå Johan Frøyen og Åge Tansøy. Kystlaget hadde frå starten 19 medlemmar, i 2014 var medlemstalet 145.
Kalvåg kystlag har fire båtar: "Nigaren", som er ein rogavl bygd i Hardanger 1928; "Femkjeipen", som er om lag 150 år gammal, brukt til fiske, som kyrkjebåt og elles til frakting av dyr mellom holmane; "Slagkjeipen", kjøpt av kystlaget i 2006, kjem opprindeleg frå Hauge; Færingen "Sevald" er gitt i gåve frå Reidun Liset Svarstad. Kalvåg kystlag er medlem av Forbundet KYSTEN. Les mer …
Johan K. Thuland Foto: Ukjent.
Johan Knutsen Thuland (fødd 1862 i Fjaler i Sunnfjord, død?) var lærar, klokkar og norskdomsforkjempar. I ein tjueårsperiode budde og arbeidde han i Skjåk, og er der saman med Hans B. Osnes kjend som den fyrste typiske vestlandslæraren i bygda. Dei stod for venstrepolitikk, målsak, frilynt ungdomsarbeid og fråhald.
Thuland var fødd på garden Tuland i Guddal i det som den gongen var Ytre Holmedal prestegjeld og herad, i dag Fjaler kommune. Foreldra var Knut Hansson frå Tuland og Marta Eriksdotter frå Langeland (fødd 1818). Dei hadde gifta seg i 1841, og var brukarar på Nordre Tuland. Produksjonsoppgåvene i folketelinga 1865 viser at det var eit heller lite gardsbruk, med to kyr. Les mer …
Dette bilde av «Sigfred» er teke frå kaia på Vik. I bakgrunnen ser ein garden Hunneset MB «Sigfred» N-20-BR, var bygd i 1948 ved L/L Vik Båtbyggeri. Registreringsbokstavane fortel at båten er registrert i Nordland fylke, og i Brønnøy fiskeridistrikt i Sør- Helgeland.
«Sigfred» var truleg den fyste båten over femti fot som var bygd på Vik. Spesifikasjonar frå fiskeriregisteret er på båtlista for Vik. Båten var bygd for Arne Iversen, Brønnøysund, og vart overlevert 1 eller 2 mars 1949.
Båten var som alle kravellbygde båtane på 1940, 50 og 60 talet bygd på doblingspant. I artikelen om doblingspant vert begrepet forklart. Båten hadde to køyer i kahytta og seks køyer i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og keising var i stål. Byssa var i akterkant av keising. I akterkant rorhus var ein liten bestikklugar med kartbord. Oppgang frå keisinga til rorhuset var under kartbordet. Elles alle instrument som var vanleg den tida. Instrument vert elles skifta og fornya etter kvart som forbetringane dukkar opp, og det elles er formålstenleg. Les mer …
|