Asbjørn Olai Aamot

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Asbjørn Olai Aamot
Foto: Norske skolefolk (1952)
Asbjørn Olai Aamot (fødd 26. september 1901, død 8. juli 1974) var lærar og fråhaldsmann.

Han var son av bonde Anton Aamot og Olina f. Solheim. Dei dreiv garden Sletten i Askvoll kommune i Sunnfjord. Asbjørn Olai Aamot tok eksamen ved Volda lærarskule i 1925.

Aamot var fyrst vikar på ymse stader i fire år, før han i 1931 vart tilsett som lærar i Eikefjord i noverande Flora kommune. Han arbeidde fyrst i krinsane Barlindbotn og Grov, deretter i Barlindbotn og Tonheim.

Asbjørn Olai Aamot var gift med Solveig Gulestø (1903-89), dotter av Augustinus og Synnøve Gulestø. Solveig og Asbjørn Aamot er gravlagde på Eikefjord kyrkjegard.

Kilder og litteratur

Eksterne lenker