Eikefjord kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eikefjord kyrkje 1813, manipulert bilde

Eikefjord kyrkje står i Eikefjord i Kinn kommune. Ho er ei trekyrkje bygd i 1813.

Historikk

Behovet for eiga kyrkje i Eikefjord var stort, og kring 1810 gjekk bygdene rundt Eikefjord saman om å få bygd ei lita langkyrkje på Sørbøen, som då var midtpunktet i bygda. Kyrkja har gjennomgått fleire utvidingar dei siste to hundre åra og har utvikla seg frå eit lite kapell til den korskyrkja som står der i dag.

I 1788 delte sokneprest Claus Finde prestegjeldet inn i ni skulehaldardistrikt, og i Eikefjord var det 49 gardbrukarar. Kyrkja vart finansiert slik at alle gardbrukarane ytte likt, 1/50-del kvar, uavhengig av storleik på bruka.

Søren Agledal, frå Agledal, var den som dreiv i gang kyrkjebygginga i Eikefjord i 1813. Dugnad var vanleg, og tømmeret bøndene gav, vart hogge eller skore til plankar og bord. Byggmeister for kyrkja vart Anders Kjørslevik, som var kjent som ein flink smedkar og byggmeister.

Kyrkja vart vigsla den 26. september 1813 av presten i Kinn, og på den dagen var det 136 nattverdsgjester. Den gamle kyrkja hadde plass til 150–200 personar og vart bygd som kapell under Svanø soknekyrkje. Eikefjord kyrkje er ei av dei eldste kyrkjene i Sunnfjord, og den første kyrkjestaden som vart teken i bruk i fylket sidan 1600-talet. Ho var i privat eige i 60 år før Kinn herad kjøpte ho og bygde ho om til korskyrkje.


I 1847 vart koret utvida og fekk same breidde som resten av kyrkja. Same året bad Ole Hansen Ryg og fleire eigarar om ei uttale frå heradet om ei utviding. På grunn av stor folkeskare og trengsel i kyrkja under gudstenesta, ønskte eigarane å bygge kyrkja sørover for å få meir plass. Dei ville flytte trappa frå kyrkjerommet til våpenhuset, og dei ville også utvide galleriet for fleire sitjeplassar. Etter å ha fått løyve, vart kyrkja utvida og eit tårn vart bygt.

Ole Olsson Agledal gav kyrkja ei klokke, og ein mann frå Hågane rodde til Bergen for å hente den. På tilbakevegen møtte han uver, men kom trygt heim til Eikefjord med klokka, som er den med lys tone. Mads Hovland d.e. hadde ansvaret for arbeidet med denne ombygginga.

Heradet vedtok i heradstyremøte 23. juni 1870 å bygge ny kyrkje, eller å kjøpe Eikefjord kapell og utvide det. Bakgrunnen var at kyrkjelova av 1851 bestemte at soknet si kyrkje skulle ha plass til minst 3/10 av folketalet i soknet. Eikefjord sokn skulle då ha 300 sitjeplassar i kyrkja. Heradet bad eigarane av Eikefjord kapell om prisen for å overdrage kyrkja og gravstaden rundt.

I mars 1873 kom Johan Langedal, på vegne av eigarane, med eit nytt tilbod på 1000 Spd for å overføre Eikefjord kapell. Tilbodet vart behandla og godteke av Svanø Sogns Communebestyrelse 3. januar 1873. Dei meinte summen var for høg, men godkjente det for å unngå å utsetje saka vidare. Christoffer Svanøe laga ei skisse for ombygging til korskyrkje, som soknestyret godtok, men dei ville ha vindauge i kvar fløy for å få lys til galleria.

Kyrkjebyggar Alvær, som hadde fullført den nye kyrkja i Stavang, var tilstades på møtet. Han tilbaud å utvide Eikefjord kapell etter teikningane for 1100 Spd. Han ville byggje eit spir på det eksisterande tårnet, samt lage ny altertavle og preikestol om ønskjeleg. Kommunen godtok tilbodet, og arbeidet skulle vere ferdig innan oktober.

Kyrkja vart utvida med sideskip på midten av kvar langside, slik at ho fekk korsform. Det vart også bygt små inngangsparti på kvar korsarm. Det gamle våpenhuset med tårn vart ståande som før, men spir vart lagt på tårnet. Etter utvidinga i 1873 vart kyrkja ei korskyrkje, ein av berre tre i fylket, og ho hadde plass til 350 personar. Kyrkja var romsleg og intim, lys og stemningsfull, med galleri i tre av korsarmane og to store vindauge i kvart hjørne. Alt innvendig vart nytt i 1873, med raudaktige brune veggar og lyst tak.

Den ombygde kyrkja i Eikefjord vart ikkje vigsla på nytt, men vart handsama likt med kyrkjene i Nøsdal og Guddal, og i samsvar med Kyrkjedepartementet si avgjerd i 1840.

I 1936 gav departementet løyve til å byggje på eit sakristi med inngangsbislag og to rom. Inngangen til koret er bak altertavla. Kostnaden vart dekka av private. Grunnmuren under denne delen er i betong.

17. mai toget på veg til kyrkja i 2007.

Søndag 31 januar i 1954 var vi nær å miste kyrkja vår. Lars Eikefjord var kyrkjetenar og hadde fyrt i ovnane til preike på søndagen. Det var hett og godt i kyrkja og ovnane og pipene var heite. Ut på kvelden skulle kom Leif Refsøy forbi kyrkja såg han at det rauk og sprang heim etter nøklane. Det var fyr i søre galleriet. Skorsteinen var så oppvarma at det hadde byrja brenne.

Audvin Eikefjord hugsar godt at det stod rekkje med folk frå fjæra og sende vassbøtter opp mot kyrkja og kyrkja blei redda. Brannvesenet frå Florø rykte ut, men brannen var sløkt før dei kom fram.

I 1969 vart det laga sanitæranlegg. Langveggane på kyrkja vart forlenga fram til midt på tårnet for å gi plass til toalett og til trapp opp til galleriet. Mange ville ha tilbygget heilt fram til tårnhjørnet, men det gjekk ikkje riksantikvaren med på, då det ville føre til at tårnet ville få form som ein takryttar. Det var Ansgar Hovland som hadde arbeidet med utvidinga, og Erik Havn laga svingtrappa.

I 2013 blei det i tilknyting til trappa på vestsida mura køyrerampe for rullestolbrukarar slik at dei kunne nytte hovudinngangen til kyrkja. Frå kyrkja vart det laga ny veg over kyrkjegarden og ut gjennom vestmuren. På gangvegen og på parkeringsplassen vart det asfaltert slik at rullestolbrukarar lett kunne ta seg fram. Samstundes med dette arbeidet vart det lagt inn drensrøyr i grunnen for takrenner og overflatevatn.

Dei to kyrkjeklokkene

Dei to kyrkjeklokkene i tårnet

Første klokka er frå 1848. Ho vart laga av Bercher i Bergen, og har innskrifta "Støbt til Egefjordens kapell Soli Deo Gloria" (berre Gud skal ha åra).

Primus motor for kyrkja i Eikefjord, Søren Agledal, fekk ikkje barn, og det var Anders, barnebarnet til kona, som tok over garden i Agledalen. Anders døydde og enkja etter han gifte seg oppatt med Ole Olsson frå Naustdal, og det var dei som gav klokka til kyrkja. (Den gang kapell)

Til 150-årsjubileet i 1963 vart det installert ei klokke til i tårnet. Innskrifta på den er: "Eikefjord kyrkje anno 1963 - Gåve trå Ola O. Agledal. IN majorem dei golriam" (for å gjere Guds ære større). Det var Olsen, Nauen & Søn som støypte klokka. Ola O. Agledal var ugift bonde i Agledalen.

Altertavla

Kristusfiguren på alteret

Alterfiguren frå 1874 er ein kopi av Bertel Thorvaldsens Kristusskulptur frå 1829 i Københavns domkyrkje. Figuren er skoren i tre. På sokkelen star der "Han er vor fred"

På baksida av sokkelen står der "Kommer hid til mig Alle besvårede, og jeg vil give eder hvile" (Matt 11.28 (1863)).

Orgelet

Orgelet er plassert på galleriet bak i kyrkja

Orgelet i Eikefjord vart bygd i Kristiania av Olsen & Jørgensen i 1898. Det vart bygd for Eik kyrkje i Nordfjord, og der stod det heilt til 1961.

Ved hjelp av gåve frå Ola O. Agledal i Agledalen og innsamla midlar, kjøpte Eikefjord sokneråd orgelet frå Eid kyrkje. Orgelet har seks stemmer: Prinicpal 8', Gedackt 8', Gemshorn 8', Gamba 8', Octav 4', fløite 4', tremola. På grunn av for liten plass på galleriet, har ikkje orgelet den opphavelege basstemma som høyrde til.

Orgelet i Eikefjord  vart laga av det fremste orgelbyggereiet Norge nokon gong har hatt. Eit firma som vart grunnlagt av August Nilesen. Då Nilsen døydde, var det Jens Henrik Jørgensen (1864-1946) og Nils Reinhart Olsen som overtok i 1892. Begge hadde då hatt studieopphald i utlenadet, Jorgensen i London og Leipzig, Olesen i Køln, Paris og London. I 1998 hadde firmaet kring tjue tilsette.

Orgelet vart sett opp av orgelbyggar Heirich Ivers & son frå Bergen i november 1961. Klangidealet er ein stor og smidig dynamikk, inspirert av den tyske romantiske orgeltradisjonen. Olesen og Jørgensen har laga mange instrument av høg kvalitet, der klangen kan ha både varme og kraft. Diverre har fleire instrument vorte ombygde, utvida, utskifta eller på andre måtar øydelagde. Men Eikefjord-orgelet har overlevd og er etter alderen i god stand. Ein kan seie at orgelet er nesten som i 1989.

I mai 2009 vart det gjordt eit stort renoveringsarbeid på orgelet i Eikefjord. Eit omfattande arbeid med reinsing, reparasjon, intonering og stemming vart gjordt.

Benkane i kyrkja

Benkane frå 1873

Då kyrkja vart ombygd i 1873, vart stolane tekne ut og nye benkar vart monterte. Stolane i kyrkja frå 1813 var sitjeplassar som kvar familie fekk tildelt. Det var dør frå midtgangen og inn til stolane.

I 1999 vart det laga midtryggstøtte og det kom sitjeputer i seta, så benkane vart straks meir komfortable i sitje i. Benkane under preikestolen vart då fjerna.

Kjelder og litteratur

  • Eikefjord kyrkje 200 år