Eikefjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Eikefjord»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eikefjord sentrum.
Foto: Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon, 1953

Eikefjord kommune i Sogn og Fjordane vart oppretta 1. januar 1923, då Kinn kommune vart delt i tre.

I 1964 vart Eikefjord, Florø, Kinn, Bru med unntak av områda sør for Førdefjorden og nokre mindre delar av Bremanger og Vevring slått saman til nye Flora kommune.

Eikefjord herad blei oppretta

I 1917 var deling av Kinn herad oppe i heradsstyret. Framlegget om tredeling av heradet blei vedtatt. I 1920 blei tredeling av Kinn vedtatt på fylkestinget.

Ved kgl. res. av 27de juli 1922 blev det bestemt å dele Kinn herred i 3 nye herreder: Kinn, Bru og Eikefjord samt endring av sognenavnet «Svanøy» til «Bru». Delingen er satt ikraft fra 1ste januar 1923.

Det var val på representantar til Eikefjord heradsstyre den 23. oktober 1922. Det var fleirtalsval og desse vart valgt inn i det første heradsstyret i Eikefjord:

L. Kalsvik (231), Kr. D. Langedal (231), Mads Holsen (226), Andr. S. Hovland (222), A. Vaset (219), I. Endestad (191), H. Svarthumle (183), Jens Humlestøl (177), Øystein Aalen (115), Anders Osa (160?), A. Sørgulen (88), Andr. S. Eikefjord (86, etter lutdraging med A. Edv. Hopen)

Vakretsane i Eikefjord Herad. 1 Ytre Eikefjord, 2 Hovland, 3 Eikefjord, 4 Endestad, 5 Langedal

Henrik Svarthumle blei valgt til den første ordføraren i Eikefjord herad.

Eikefjord herad følgde grensene til Eikefjord sogn. Gardane Jagedal og Aaspedal vart innkludert i sognet ved kongeleg reulusjon 8. august 1919.

Kommunesamanslåing 1. januar 1964

Fire kommunar blei slått saman til Flora kommune

Schei-komiteen, nedsett i 1946, var ein nasjonal komité oppretta for å sjå på og forslå endringar i kommunestrukturen i Norge. Schei-komiteen meite at Eikefjord burde fortsette som eigen kommune, men i tillegg få ein del av Bru kommune og Steindal frå Vevring.

Eikefjord kommune var einig med Schei-komitéen om at Eikefjord kommune burde fortsette som eigen kommune. Heradsstyret meinte at Nordalsfjord og Hyen også burde gå inn i denne kommunen. Mykje for å sikre seg vasskraft til industrialisering.

Fleirtalet i fylkesutvalet var einig med Schei- komitéen om at Eikefjord kunne fortsette som eigen kommune.

Det store stridsspørsmålet i distriktet var korleis Florø by skulle utvidast for å få moglegheit til å vekse. Kinn ville ikkje gje frå seg område med mykje folk og dermed store skatteinntekter.

Kommunalminister Andreas Cappelen kom til distriktet for å møte representantar for dei fire kommunane. Han fremja forslaget til mindretalet i Schei-komiteen om å slå saman Eikefjord, Bru, Kinn og Florø til ein storkommune.

Departementet såg problemet med utviding av Florø og konkluderte at det var like greitt å slå saman Florø og Kinn. Bru hadde Florø som naturleg sentrum og kunne bli med i samanslåinga. Eikefjord vart for liten og dermed meinte departementet at også Eikefjord måtte bli med i denne storkommunen.

Kommunalnemnda gjekk også med stort fleirtal inn for å danne storkommunen.

I Stortinget fekk forslaget om at Eikefjord skulle bestå som eigen kommune berre 10 røyster. Dermed var det vedtatt at det vart storkommune der Eikefjord, Bru, Kinn og Florø vart slått saman.

Kommunen fekk bystatus, men namnet var det diskusjon om. Til slutt vart Flora vedtatt som namn på den nye kommunen i bystyret.

Kjelder og litteratur

Sjå også