Ordførarar i Eikefjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nedanfor er ei liste over ordførarar i Eikefjord kommune. Eikefjord kommune vart utskilt frå Kinn kommune fyrste januar 1923, og var eigen kommune fram til Flora kommune vart oppretta fyrste januar 1964. Frå 2020 er Eikefjord og resten av Flora del av nye Kinn kommune. I desse 41 åra hadde Eikefjord kommune i alt åtte ordførarar, ein av dei satt to perioder.

Liste

Ordførar Periode Yrke Parti Merknad Bilete
Henrik Svarthumle 1923-1925 Kjøpmann 1923-Henrik Svarthumle.jpg
Kristoffer Langedal 1926-1928 Kristoffer Langedal vart valt til ordførar på heradsstyremøte den 14. desember 1925. Langedal og A. Storøy fekk begge 6 stemmer og valget vart avgjort ved loddtrekking. 1926-Kristoffer Langedal.jpg
Abraham Storøy 1929-1934 Lærar Venstre Abraham Storøy vart valt til ordførar på møte 20. desember 1928. Han fekk 6 stemmer, Kr. Langedal fekk 5 stemmer. 14. januar 1932 vart Abraham Storøy attvalt til ordførar med 6 stemmer. Kr. Langedal og L. Kalsvik fekk 2 stemmer medan J. Humlestøl fekk ei stemme. Storøy gjekk bort i 1962.[1] 1929-Abraham Storoy.jpg
Ludvig Langedal 1935-1941 Kjøpmann Ludvig Langedal vart valt til ordførar på heradsstyremøte 28. desember 1934. Han fekk 6 stemmer. A. Storøy fekk 5 stemmer og ei røst var blank. 8 desember 1937 vart Ludvig Langedal attvalt som ordførar med 11 røster. Alf Svarthumle fekk ei røst. Fylkesmann hadde invendingar mot valet, og 20. januar 1938 vart Ludvig Langedal valt til ordførar med akklamasjon. Langedal gjekk bort i 1953.[2] 1935-Ludvig Langedal.jpg
Leiv Vasset 1941-1945 Gardbrukar Leiv Vasset vart ordførar under krigen. 5. april 1941 var han ordførar i herredsrådets møte. Fram til denne tida hadde han vore varaordførar. Vasset gjekk bort i 1982.[3] 1941-Leiv Vasset.jpg
Alf Svarthumle 1946-1951 Arbeiderpartiet 28. desember 1945 vart Alf Svarthumle valgt til ordførar med 6 røster, N. Hovland fekk 5. Fylkesmann hadde innvendingar mot gjennomføringa av valet på formannskapet, og 18. januar 1946 vart det kalla inn til nytt møte. Alf Svarthumle vart på dette møtet valgt til ordførar med 11 røster. 1946-Alf Svarthumle.jpg
Alfred Høyset 1952-1959 Senterpartiet 1952 Alfred Hoyset.jpg
Erik Dreyer Hovland 1960-1961 Gardbrukar Senterpartiet Erik Dreyer Hovland gjekk bort i 2004.[4] 1960-Erik Dreyer Hovland.jpg
Alf Svarthumle 1962-1963 Lærar Arbeiderpartiet Alf Svarthumle vart valgt for ein ny periode i 1962. Han vart dermed den siste ordføraren i Eikefjord kommune. Han gjekk bort i 1982.[5] 1946-Alf Svarthumle.jpg

Fotnotar

  1. Firda Folkeblad, 15. mars 1962, framsida. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Firdaposten, 6. mars 1953, side 3. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Firdaposten, 31. juli 1982, side 3. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Firdaposten, 13. mars 2004, side 3. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Firda, 23. juli 1982, side 2. Digital versjonNettbiblioteket.