Forside:Vestland fylke

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland • Sogn og Fjordane

Om Vestland fylke
Vestland sitt fylkesvåpen.
Vestland fylke vart oppretta den 1. januar 2020 då Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg saman. Den politiske leiinga og administrasjonen har sete i Bergen, medan fylkesmannen i Vestland sit i Hermansverk.

Samstundes som fylka vart slått saman, vart òg Hornindal kommune i Sogn og Fjordane slått saman med Volda kommune i Møre og Romsdal og overført til det fylket.

Vestland fylke skal ha nynorsk som primært administrasjonsspråk.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen).
Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.

Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i BergSenja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.

  Les mer …

Eirik Bruhjell

Eirik Olson Bruhjell (fødd 2. desember 1853 i Balestrand, død 12. september 1941 i Fjære) var prest, målmann og ein av dei fyrste bondestudentane i Sogn. Bruhjell kom frå husmannsplassen Bruhjellshagen under garden Bruhjell i Balestrand i Sogn og Fjordane. Foreldra var husmann og bygningsarbeidar Ola Hermundson Langeteig (1804-1873) og Sigrid Antonusdotter Dale (1804-1895). Eirik var den yngste av fem born, og to av syskena utvandra til Amerika.

Etter å ha gått allmugeskulen i Balestrand vart Eirik i 13-årsalderen teken inn i prestegarden til sokneprest Harald Ulrik Sverdrup. Der var han tenestegut og fekk privatundervisning av prestedottera Elisa til 15-årsalderen. Frå august 1870 til desember 1871 gjekk han Balestrand lærerskole som H.U. Sverdrup hadde skipa nokre år før.   Les mer …

Postkort med Haus og Mjeldalen sett frå vest.
Foto: Fjellanger Widerøe VisKom AS, privat eige
Mjeldalen ligg på vestsida av innlandsøya Osterøy i Hordaland, ned mot tettstaden Haus, eller Hausvik, og Sørfjorden. Ein kjem til Mjeldalen ved å følgje E16 til Osterøyvegen over Osterøybrua til Kvisti, om lag 7 minutt med bil frå Arna, eller 15 minutt frå Vågsbotn. Forbi rasteplassen går vegen om Tirsåstunnelen til skilting mot Haus. Her, på toppen av Mjeldalen, ligg Ambogen (vegen er svinga som ein alboge), med oversyn over heile dalen. Dalen er ein typisk U-dal, som geologiske krefter har grave ut for lenge sidan. Elva renn gennom dalen og ut i Mjeldavatnet nederst i dalen, og vidare ut i Sørfjorden. Isen har forma dalen, og her er tre ulike morene-terrassar. Namnet Mjelde kjem av mjele, fin morenesand. Busetnaden går attende til dei eldste tider. Funn av ein flintsigd frå steinalderen tyder på at det har vore dyrka korn i dalen for om lag 4000 år sidan. Tidleg må garden Mjelde ha vorte delt i tre terrassar; Mjelde øvre, - midtre og -nedre, og dei var samla rundt kvart sitt tun (Øvstemjedla, Midtmjedla og Nedstemjedla). Mjeldalen er definert som LNF-område, og det har lenge vore byggestopp her.   Les mer …

St. Birgitta kirke i Ridehusgaten 26 med prestegården bak.
Foto: Anton Olsen/Nasjonalbiblioteket
(1920–1930)
St. Birgitta menighet er en katolsk menighet i Oslo katolske bispedømme som omfatter østfoldkommunene Fredrikstad, Sarpsborg og Hvaler. Menigheten som ble grunnlagt i 1878 har sitt sete på Cicignon i Fredrikstad og er viet til Birgitta av Vadstena. St. Birgittas første hyrde var pastor Karl Franciskus Carlén. Han ble utnevnt til sogneprest i 1878, og fikk i oppdrag å bygge opp menigheten. Allerede året etter forlot han Fredrikstad, og P.E. Kjelsberg, en av de første norskfødte katolske prester etter reformasjonen, tok over. Han forble hos sin menighet fra 1879 til han døde i 1887. Siden 2015 har pastor Premanath Jagath Gunapala O.M.I. fra Sri Lanka vært menighetens sogneprest.   Les mer …

Octavia Sperati i 1915
Foto: Stamsvigs atelier/Oslo museum

Octavia Sperati (født Salmine Octavia Svendsen i Kristiansand i 1847, død 22. mars 1918 i Bergen) var skuespiller. Hun virka både i Kristiania og Bergen, men huskes særlig fra sitt lange virke ved Den Nationale Scene i Bergen.

I 1871 gifta hun seg med kapellmester Robert Ferdinand Arnold Sperati (1848–1884), sønn av kapellmester Paolo Sperati (1821-1884). Muligens var det på dette tidspunktet hun begynte å bruke mellomnavnet Octavia. Hun var mor til skuespillerne Robert og Alvilde Sperati.   Les mer …

Henrik Mohn Dahl
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen.   Les mer …

Kåre Øvregard.
Foto: Torodd Joranger (2007)
Kåre Øvregard (fødd 19. februar 1933 i Jostedalen, død 30. januar 2025) var ein lærar, lokalhistorikar og politikar frå Luster kommune. Øvregard var ordførar i både Jostedal og Luster, men krona sitt politiske engasjement som stortingsmann for Sogn og Fjordane. Han har heile tida representert Arbeidarpartiet. I 2011 fekk han Luster kommune sin kulturpris for det breie lokalhistoriske og kulturelle engasjementet sitt.Kåre Øvregard var gardbrukar- og snikkarson og yngstemann i ein syskenflokk på ti. Han voks opp på husmannsplassen Øvregarden under Jostedal prestegard. Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule 1957 og arbeidde deretter som lærar ved Sperle skule i Jostedalen til 1962. Frå 1962 til 1975 var han lærar og styrar ved Gaupne barneskule i Luster.   Les mer …

Ormberg (Luster, gnr. 187) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Det er den sørlegaste garden på austsida av Jostedøla i Jostedal sokn. Ormberg er ein av dei få gamle gardane i Jostedalen som ligg i dalbotnen, og garden har lege utsett til for flaumar. Ormberg var ein av dei opphavlege gardane i Jostedalen og er nemnd i det fyrste dokumentet etter øydetida, skattelista frå 1596. Her skulle Olluff Aarebøe betale 2 geitskinn til presten. Alt i 1600 og 1603 er namnet skrive Ormberig/Ormeberigh.
Det nye tunet (bnr. 1) frå 1950-åra sett frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Futeenkja Birgitte Munthe fekk i 1681 skøyte på alle gardane i Jostedalen. Året etter vart så dette godset splitta opp ved at prestsonen Hans Ottoson Ravn kjøpte to av tre partar i Myklemyr, heile Ormberg og heile Fossen. Ravn sjølv budde på ein del av Myklemyr og hadde leiglendingar på dei andre bruka. Men alt i 1688 hadde Ormberg og Fossen gått attende til Birgitte Munthe.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Kategoriar for Vestland fylke
 
Andre artiklar