Johan Tufteland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Bygdebokforfattar, lyrikar og omsetjar Johan Tufteland.

Johan Tufteland (fødd i Austevoll 28. mai 1913, død i Kvam i Hardanger 25. februar 1998) var fiskar, lærar, lyrikar, omsetjar og bygdebokforfattar. Utdanninga hans var frå Stord lærarskule 1938-1942, Noregs Lærarhøgskule i Trondheim (NTNU) 1949-1950, Sløyd- og teiknelærarskulen på Notodden 1951-1952 og Universitetet i Oslo 1958. Han arbeidde som lærar i Austevoll, i Bergen, i Kvam og på Kvitsøy. Tufteland skreiv både fag- og skjønnlitteratur. Han gav ut kultursoge og tre gards- og ættesoger for Austevoll kommune, tre diktsamlingar og ein roman. Dessutan skreiv han artiklar i aviser og tidsskrift. I tillegg gjendikta han til nynorsk dikt av den amerikanske lyrikaren Emely Dickinson. Fleire av Tufteland sine gjendikta salmar av mellom anna Nikolai Grundtvig er med i Norsk salmebok.

I Kvam kommune gjorde han eit omfattande innsamlingsarbeid til ny ættesoge.

Tufteland etterlet seg upubliserte romanmanus, dikt, gjendiktingar, ulike lokalhistoriske tekstar og ei handskriven ordsamling frå Austevoll på 531 sider. I samband med 100-årsdagen for fødselen hans blir det gitt ut ei samling av upubliserte og tidlegare utgjevne dikt, prosatekstar og gjendiktingar med tittelen «Johan Tufteland. Dikt og prosa i utval». Dessuten blir ein omarbeidd versjon av Sogn og Fjordane teater si oppsetjing frå 2000, «Eit anna hav», sett opp på nytt i privat regi.

Tufteland vart tildelt kulturprisen i Austevoll i 1988 og i Kvam 1990.

Skjønnlitterære utgjevingar

Johan Tufteland sine diktsamlingar. Foto: Nils Steinar Våge
Johan Tufteland debuterte med ei tragikomisk forteljing med tittelen «Hauk over hauk» i For by og bygd nr. 19 1942. Det første diktet han fekk på trykk, hadde tittelen «Havstrilen» og stod i det same bladet i 1943. Dessutan skreiv han ein del korte og velforma prosadikt [1]før han i 1965 debuterte med diktsamlinga Eit anna hav. Samlinga vart svært godt motteken, og Ragnvald Skrede skreiv i Dagbladet: «Litt av ein sensasjon i nynorsk lyrikk».[2] På vaskesetelen står det: «Dikta hans har heimfestet sitt i barndomslandet; den grå øygarden ytst mot havet. Her møter vi fiskarens kvardag og mannens draum, lange dagar i liten båt, Santa Maria under segl mot tankens frie strender – over eit anna hav.»

Den neste diktsamlinga, Blå berg, kom året etter, og om den skreiv Arve Lillevold i Østlendingen: «Monumentalt enkel, formelt sikker og med ro som hos de store skalder.»

Før den siste diktsamlinga I skuggen av ljoset kom i 1970, gav han i 1968 ut romanen, Hollendaren, ein hendingsrik kulturhistorisk-poetisk roman med emne frå 1700-talet. Både diktsamlinga og romanen fekk god omtale.

Språket og billedbruken i lyrikken hans har eit gjennomgåande preg av kyst- og fiskarmiljøet han voks opp i. Tidlegare kulturjournalist i Bergens Tidende, Reidar Storaas, karaktiserer diktinga hans slik: «Tufteland opna eit nytt landskap i norsk lyrikk med skumsprøyt-friske, fantasifulle og treffsikre bilete frå den ytste havstranda, poesi med utsyn også mot eit anna hav og eit tilvære attom det me ser og ikkje skjønar».[3]

Gjendikting

Tufteland gjendikta 25 av dikta til den amerikanske lyrikaren Emely Dickenson [4], og nokre kom med i to større diktantologiar. Han omsette òg dikt av den norsk-amerikansk-kanadiske forfattaren Martha Ostenso. Begge er representerte i jubileumsboka. I ein av antologiane hadde han dessutan med omsette dikt av den engelske lyrikaren John Masefield. Tufteland omsette i tillegg tyske, franske og spanske lyrikarar. [5]

Tufteland gjendikta òg amerikanske, engelske og tyske og salmar, særleg salmar av Nikolai Grundtvig, og seks av Grundtvig-salmane kom med i Norsk salmebok frå 1985.[6] I forslaget til Norsk Salmebok finn ein Tufteland si gjendikting av sekvensen Veni sancte spiritus, den såkalla gylne sekvens frå 1200-talet. Tufteland skreiv òg salmar sjølv, og ei av dei er med i jubileumsboka.

Lokalhistorisk arbeid

Alt i tenåra viste Tufteland ei særeigen interesse for historier som fiskarar og andre fortalde frå eldre tider, og det han høyrde, skreiv han ned i dagbøker. Det han ønskte meir opplysning om, tileigna han seg ved kjeldegransking på Statsarkivet i Bergen. Dagboknotatane og avskrifter av arkivmaterialet utgjorde eit par tusen sider då han på oppdrag av Austevoll kommune begynte med bygdebøkene i 1970-åra. Til uvurderleg stor nytte for oppdragsgjevaren kunne han ausa av dette mangslungne materialet i det 15 år lange arbeidet med bygdebøkene.

I den første lokalhistoriske boka Tufteland gav ut, let han hovudpersonen fortelja store delar av innhaldet. Boka fekk tittelen Nils Djupevåg. På fiske i sytti år, og vart utgjeven privat i 1944. Djupevåg var fiskar og høvedsmann, båt- og brukseigar og gardbrukar. I 2010 gav Selbjørn fiskerisogelag boka ut på nytt med nyskrive forord og etterord.

I 1975 kom Tufteland med boka Kvalvaag. Man and Ocean. Dette var eit bestillingsverk frå Leif Lind Pettersen som dreiv handelsstaden Kvalvåg på øya Stolmen i Austevoll. Pettersen utvandra til Guatemala og dreiv kaffiplantasje der. Den norske utgåva fekk tittelen Kvalvåg. Et eldgammelt kremmerleie.

I 1978 kom det første verket i Tufteland sin omfattande bygdebokproduksjon. Her er eit oversyn:

  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Austevoll sokn. Utgjevar: Austevoll herad. 1978.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt II. Austevoll sokn. Utgjevar: Austevoll herad. 1981.
  • Tufteland, Johan, Jørgen Solbakken, Salomon Fagerbakke: Austevollsoga. Kultursoge I. Utgjevar: Austevoll herad. 1986.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll. Ættesoge III. Tidlegare Bekkjarvik kapellsokn. Utgjevar: Austevoll herad. 1991.

Tufteland skreiv i tillegg artiklar i mellom anna Sunnhordland Årbok og Bergens Tidende. I lokalavisa i Austevoll, Marsteinen, har ein del av både skjønnlitteraturen og lokalhistoria hans blitt publisert.

For Kvam kommune gjorde Tufteland eit omfattande forarbeid til ny ættesoge, mellom anna lydopptak med eldre menneske.

Markering av 100-årsdagen

Tekstane i den nemnde jubileumsboka er valde ut av tidlegare journalist i Bergens Tidende, Reidar Storaas, og professor Idar Stegane ved Universitetet i Bergen. Stegane har skrive innleiinga, og forfattaren Einar Økland ein artikkel om ei over 10 år lang brevveksling om litteratur og dikting mellom han og Tufteland. I jubileumsboka er noko av brevskiftet mellom Tufteland og Olav H. Hauge teke med. Saman med Emely Dickenson påverka Hauge Tuftelands lyrikk. Eit intervju Tufteland hadde med Hauge for det litterære tidsskriftet Profil i 1966, avsluttar boka.

Musikalsk drama

I 2000 sette Sogn og Fjordane teater opp stykket Eit anna hav som bygde på Tufteland sine lyriske og lokalhistoriske tekstar. Stykket handla om den risikofylte brugdefangsten på Vestlandet frå omkring 1770 til 1850-åra. Dikt frå samlinga med same tittel var sett tone til av sonen og komponisten Jan Tufteland som medverka i spelet på fløyte saman med sonesonen Endre på marimba og skodespelaren Terese Hugøy frå Sogn og Fjordane teater. All musikk elles i stykket var originalkomponert av Jan Tufteland. Dette var eit omreisande teater som besøkte fleire stader i Hordaland og Sogn og Fjordane. Utdrag frå dramatiseringa kan sjåast her

I samband med markeringa av Tuftelands fødsel er stykket sett opp på nytt i privat regi med tittelen Spelet om brugdefangsten. Både innhald og oppsetjing er omarbeidd, og det er tilført meir historisk stoff. Gjennom musikk, dikt og drama får ein oppleva den dramatiske harpunfangsten etter den nest største fisken i verda. Spelet er regissert og blir framført av Jan Tufteland og sønene hans Endre og Tormod. Framsyninga blir vist fleire stader i samband med Kystsogevekene i august 2013.

Munnlege kjelder

  • Jan Torstein Tufteland, son til forfattaren
  • Reidar Storaas, tidlegare kulturjournalist i Bergens Tidende

Kjelder og litteratur

  • Ellingsen, Svein Ellingsen: Med hyllings ljod. Salmar frå andre land og kyrkjer i nynorsk omsetjing. Antologi. Innleiinga finn ein her: http://www.nynorsklaget.no/default.asp?meny=5&id=451
  • Hevrøy, Olav: «Johan Tufteland – poeten frå Gåsneset». Kronikk i Marsteinen 16. desember 2010.
  • Johansen, Rune: «Møte vestpå med en stillfaren dikter». Arbeiderbladet 10. januar 1983.
  • Skrede, Ragnvald: «Litt av ein sensajon i nynorsk lyrikk». Dagbladet 1965.
  • Solheim, Peder A.: «En annerledes bygdesaga». Bergens Tidende 21. oktober 1986.
  • Stegane, Idar og Reidar Storaas: Johan Tufteland. Dikt og prosa i utval. Bergen 2013.
  • Storaas, Reidar: «Ein diktar frå havet i vest». Minneord over Johan Tufteland i Bergens Tidende 28. februar 1998.
  • Tufteland, Johan: «Glimt frå ein lagnad». I Vestlandsdiktarar. Ein antologi frå Norsk forfattarsentrum. Vestlandsavdelinga. Oslo 1978.


Referansar

  1. Idar Stegane i Stegane og Storaas 2013 s. 9. To av dei er med i jubileumsboka.
  2. Dagbladet 1965.
  3. Bergens Tidende februar 1998.
  4. Johan Tufteland: «Emily Dickinson frå Amherst». Kronikk i Bergens Tidende 13. januar 1978.
  5. Idar Stegane i Stegane og Storaas 2013 s. 14.
  6. Svein Ellingsen: Med hyllings ljod. Salmar frå andre land og kyrkjer i nynorsk omsetjing. http://www.nynorsklaget.no/default.asp?meny=5&id=451