Stord lærerskole

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Stord lærarskule»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Stord seminar juli 1894. Fra boka "Stord Kyrkja 1857-1957"

Stord lærerskole vart etablert på Stord i 1839 under namnet Stord Seminarium. Skulen vart i 1994 ein del av Høgskolen Stord/Haugesund. Lærarskulen på Stord var eitt av stiftsseminara som starta opp etter at skuleloven av 1827 slo fast at det skulle opprettast skular for å gi opplæring til lærarar ved dei faste allmugeskulane. Lærarskulen heldt fyrst til på prestegarden på Stord, med soknepresten som skulestyrar, men flytta i 1866 til Rommetveit.

Hovudbygningen frå 1866 er i 2000-åra administrasjonsbygget til Høgskolen Stord/Haugesund. Fleire eldre bygningar er òg framleis i bruk, attåt nybygga frå 1960-talet, då talet på lærarstudentar auka kraftig.

Skulen gjekk på 1800-talet under namnet Stord seminar, men rundt 1900 vart han omdøypt til Stord offentlige lærerskole. Deretter heitte han Stord lærerskole mellom 1967 og 1981 og Stord lærarhøgskule frå 1981 til 1994.

Frå 1877 hadde lærarskulen eit mållag for elevane. Lærarskulen var frå kring 1870 eit viktig sentrum for målreisinga på Vestlandet.

Styrarar/rektorar

Personar med eksamen frå lærarskulen

Namn Eksamen Lærargjerning Samfunnsvirke
Rannfrid Aasland 1935 Lærar i Gjesdal, Vefsn, Time og Sandnes. Leder i Rogaland lærerinnelag på 1960-tallet.
Ellen Marie Belland (1883–1953) 1904 Lærer i Iveland.
Arne Haakonson Bjerke (1846-1919) 1868 Lærar og lærer og kyrkjesonga i Strandebarm. Heradskasserar og skulestyreformann.
Rasmus Blikken (1872-1961) 1900 Lærar i Åsnes kommune, frå 1909 i Toverud krins. Leiar i Åsnes venstrelag, Åsnes småbrukarlag og Åsnes kooperative handelslag.
Henrik Eilert Brekke (1897-1995) 1919 Lærar i Brekke i Sogn 1919-20, Biri i Vestoppland 1920-? Ap-politikar, ordførar i Biri 1935-51
Ole Devik (1856-1941) 1876 Lærer i Florø og Bø i Ytre Sogn ca. 1876-, i Aker (Ulven og Bryn skoler) 1893-1927. Formann i Akershus krets av Norges Lærerlag 1896-1908, i sentralstyret 1907-1914. I spissen Statens lærerkurser i jordbruksopplæring i 26 år.
Thorstein Eggum (1901-94) 1922 Lærar i Skjåk 1923-45 og Lier 1945-?. Styrar Egge skule 1950-? Varaordførar (Ap) i Skjåk 1934-41.
Halvor Fosmark (1860-1933) 1883 Lærar i Vardal ved Gjøvik. Ordførar i Vardal (for Arbeiderdemokratene) 1902-10.
Knut M. Frøyset (1857-1926) 1880 Lærar i Nes ved Flekkefjord, Eidsberg og på Sunnmøre, frå 1892 lærar og kyrkjesangar i Kolbu på Toten. Aktiv lokalpolitikar i Kolbu.
Bergit Færøy (1875–1951) 1895 Lærar i Solund, Bodø, Askvoll og Bjørnafjorden.
Sigurd Førsund (1884-1970) 1906 Lærar fleire stader, frå 1919 i Etne. Komponist, organist, norskdomsmann, lokalhistorikar og lokalpolitikar (Venstre). Skreiv melodien til «Å Vestland, Vestland».
Olav Gjørvad (1860-1951) 1880 Lærar ved Kviteseid Seminar og Vang høiere almueskole, lærar og klokkar ved Rud skole (Vestre Toten) 1891-1930. Ordførar i Vestre Toten 1908-16, lokalhistorikar.
Alvhild Granvin (1905-85) 1926 Lærarinne på Tessand skule i Vågå 1929-37 (ca.), Gjøvik skole 1937-?
Ove Wangensten Haug (1901-78) 1922 Lærar og klokkar i Jostedalen (1922-39) og Skjåk (1939-59), skuleinspektør i Skjåk frå 1959. Ap-ordførar i Jostedalen 1938-39.
Klara Seljen Hermansen (1900-2003) 1921 Lærer i bl.a. Frølandsdalen, Espevær, Bømlo. Under andre verdenskrig var hun ved den norske skolen i London. Ap-kvinne
Anders Hjellum (1870-1950) 1891 Lærar i Vinje i Telemark, Kvinnherad, Gaular, Jostedalen og Kvinesdal. Sentral i mål- og fråhaldsarbeid i Jostedalen.
Johannes Haarklou (1847-1925) 1868 Lærer i Eiker, før han viet seg til musikken. Gikk også på Balestrand lærerskole Kjent som komponist, organist, dirigent og musikkanmelder.
Knut Kirkhorn (1830-1885) 1850 Kyrkjesongar i Hornindal frå 1852. Stortingsrepresentant for Venstre og ordførar.
Gudrun Laland (1900-2002) 1927 Lærar i Hå (Nærbø) og Time på Jæren. Heldt mange opplesingar og kåseri.
Elias Melvær (1848-1924) 1869 Lærar fleire stader i Sogn og Fjordane, frå 1876 ved Fjordenes amtsskole. Venstre-politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane, i tillegg til at han var aktiv i Det Norske Totalavholdsselskap
Knut Monsen Nordanger (1883-1965) 1903 Lærar i Hole i Ryfylke 1903-1906, Høland 1906-1910 og Lillestrøm 1910-1019. Skulestyrar ved Volla skole i Lillestrøm 1919-1935. Faglærar ved Lillestrøm Tekniske Aftenskole. Representerte Arbeiderpartiet i Lillestrøm kommunestyre 1913-1916, var ordførar 1922-1931. Stortingsrepresentant for Akershus 1925-1936. Fykesmann i Hedmark 1935-1942 og 1945-1953. Hadde mange offentlege verv.
Ole Nydal (1899-1986) 1921 Lærar og kyrkjesongar på Garmo i Lom (1921/22), Valderøy i Giske (1923-24), Lund skole i Kolbu på Toten (1924-35), Kirkenær skole i Kolbu 1935-46, Bjørnsgård skole Ø. Toten (1946-50). Skoleinspektør i Ø. Toten 1951-64.
Hans B. Osnes (1872-1958) 1891 Lærar i Herøy (Skorpa, Moltustranda og Kopperstad krinsar) frå hausten 1892. Frå 1893 til 1895 ved Hatløy, Vattøy og Snipsøyrdalen udelte skular i Ulstein. Lærar og klokkar i Nordberg sokn i Skjåk i Gudbrandsdalen 1895-1898. Lærar og klokkar i Fiksdal i Vestnes 1899-1906. Lærar i Ulstein i fire år på 1920-talet. Gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann, aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. Sentral i Norges Bondelag og Bondepartiet.
Anne Pedersen (1902–1979) 1927 Lærer i Vaksdal, Hemnesberget, Hol i Lofoten, Ørland, Sulitjelma og Gjøvik fra 1938. Politiker
Gunnhild Rutledal (1895-1973) 1919 Lærar i Gulen Forfattar
Margit Kaspara Gade Sand 1927 Lærer i Sandefjord kommune
Olav Sande (1850-1927) 1871 Lærar i Leikanger frå 1872. Folkeminnesamlar, tonediktar og målmann.
Ole Michael Selberg (1877-1950) 1900 Lærar Overlærar/rektor ved ulike skular. Matematikar.
Randi Skeie 1934 Lærer i Grong, Strinda og Nes på Hedmarken.
Kolbein Skaare (1873-1932) 1890-åra? Lærar og kyrkjesongar i Skjåk frå 1898. Lokalpolitikar i Skjåk, ordførar for Arbeiderdemokratene 1914-16 og 1920-22.
Ole Ingebrigtsen Strømme (1876-1936) 1895 Lærar i Bremanger 1895-97, Sykkylven 1897-1919. Lensmann i Sykkylven og Ørskog 1919-36? Venstre-politikar. Ordførar i Sykkylven 1910-19, stortingsmann 1931-33, sosialminister 1933.
Ole Strømme (1856-1940) 1877 Lærar i Austevoll 1878-1823, klokkar 1878-1936 Ordførar i Austevoll 1886-1903
Rasmus Sunde (1857-1934) 1877 Først lærer i Vanylven og Voss, deretter lærer, senere overlærer, i Kristiania/Oslo 1883-1927 Aktiv innen lærerorganisasjonene.
Kristofer Sydnes (1881-1961) 1901 Lærar i Suldal kommune 1902-08, Etne kommune 1908-12, Vikebygd i Vindafjord kommune 1912-46. Formann i ungdomslag, fråhaldslag og mållag. Venstre-politikar og museumsmann.
Adolf Sørebø 1915 Solund 1915-1917, Lygra i Lindås 1917-1919, Ogna 1919-1921, Tinn kommune 1921-60. En rekke verv i Tinn. Aktiv i sangkor.
Magnus Takle (1883-1971) 1904 (ca.) Lærar i Jostedalen 1904-07, Årdal 1907-15, Tasta i Stavanger 1915-48. Fyrste leiar i Jostedal mållag, skrivar i Rogaland Venstre.
Mons H. Takle (1877-1958) 1898 Lærar i Jostedalen 1899-1903, Lindås til 1917, Brekke 1919- Mållagsmann, ordførar (V) i Brekke 1920-1922, 1926-1928 og 1932-1934.
Johannes J. Telle (1853-1940) 1873 Lærar i Bømlo kommune 1873-1875, i Tælavåg i Sund kommune 1875-1923 I 1913 var Telle var med og oppretta Sunnhordland Museum på Leirvik på Stord. Han sat i heradsstyret eit par periodar.
Thormod Tendeland (1867–1930) 1887 Cand.philol. i 1895. Lektor og bestyrer for Drøbak middelskole 1910-1922, Østre Akers kommunale middelskole 1922-1930. Opprettet og utviklet Østre Akers middelskole.
Ingrid Thorsland 1906 Lærer i Åseral. Leder av sanitetslaget, lærerlaget, aktiv i lokalpolitikken.
Lasse Trædal (1857-1924) 1878 Folkehøgskulemann og lærar Målmann, ordførar (V) i Lavik 1905-13, stortingsrepresentant (V) 1900-03 og 1909-15
Johan Tufteland (1913-88) 1942 Lærar i Austevoll, i Bergen, på Kvitsøy og i Kvam. Lyrikar, omsetjar og bygdebokforfattar.
Jens Tvedt (1857-1935) 1878 (ca.) Lærar i m.a. Fana og Kvinnherad. I Stavanger 1882-99. Sjefsbibliotekar i Stavanger 1901-35, forfattar.
Borgny Valvatne 1925 Lærer på Røros og Snertingdal
Johannes Halvorson Vamberg (1816-57) 1850 (ca.) Lærar i Hafslo (1840-åra), lærar og klokkar i Jostedalen 1850-57 (den fyrste seminaristen i bygda). Ordførar i Jostedalen 1853-56.
Christian Waage (1889-1970) 1912 Lærar fleire stader, etter kvart lektor. NS-aktivist.
Kåre Øvregard (1933-) 1957 Lærar Sperle skule i Jostedalen 1957-62, styrar Gaupne skule i Luster 1962-75. Ap-politikar, ordførar i Luster 1975-77, stortingsmann 1977-89.
Ola Jakobssen Aa (1877-1963) 1901 Lærar på Stord ca. 1901-07, Stalleland skole i Landvik 1907-11, 1911-15 lærar og klokkar i Fedje. Frå 1916 var han tilsett ved Sagvåg skule på Stord. Lokalpolitikar og aktiv fråhaldsmann.
Johs. Aaberg (1895-1980) 1916 Lærar i Fana høsten 1916 og arbeidde deretter eitt år ved framhaldsskulen Sogndal i Dalane. 1917-21 lærar i Skjold i Ryfylke. Frå hausten 1921 lærar i Borge ved Fredrikstad, skulens sekretær frå 1927. Lærarane sin representant i skulestyret og formann i lærarlaget i Borge.
Svanhild Aaberg (1902-?) 1924 Lærar ved Blomvåg og Alvheim skule, Øygarden, frå 1925.
Elen Aaberge (1897-?) 1919 Lærarinne i Sogndal frå 1919
Aslak Aabø (1888-1959) 1911 Lærar Bergens guttehjem 1911-13, Bø i Vesterålen 1913-15, Vinje i Telemark 1919-? Medlem av Vinje heradsstyre frå 1928
Finn Aakre (1904-80) 1925 Lærar i Halden, seinare skoleinspektør same stad.
Haldor Aakre (1866-1934) 1886 Lærar i Svalland og Aksdal krinsar, Fjelberg i Sunnhordland 1887-1898. Nygård skole ved Laksevåg, i dåverande Askøy kommune, 1898-1932.
Paul Aakre (1879-1968) 1901 Lærar i Oppdal krins i Tysnes 1901-04, Skåre herad 1904-10. Frå 1911 var han lærar i Haugesund, skulestyrar same stad frå 1933. Lærarrepresentant i skulestyret i byen.
Jacob Aaland (1865-1950) 1884 Lærar i Sigdal 1884-86, Brevik 1887-90, Kragerø 1891-92, Bergen 1892-1932. Bygdebokforfattar (Nordfjord).
Andreas Larsson Aanderaa (1900-?) 1923 Lærar i Baugstø skulekrins i Skånevik. Seinare tilsett ved Høylandsbygd skule. Aktiv i Heimefronten under andre verdskrigen.
Dagmar Aanensen (1881-1970) 1909 Lærarinne ved Haugesund folkeskole 1911-15, Haukeland skole i Bergen 1915-29. Frå 1929 tilsynslærerinne i kvinneleg handgjerning ved Christi Krybbes skoler.
Lars Aanestad (1893-1984) 1914 Lærar i Randaberg 1915-25, og 1918-25 var han også heradskasserar. Lærar ved Kinaforbundets skular på Fjellhaug, Østre Aker ved Oslo, 1925-45. Hausten 1945 vart Aanestad styrar ved forbundets nye ungdomsskule i Hurdal, der han vart til han gjekk av med pensjon. Kjend for sitt arbeid med kristne sangar og salmer.
Anders Aarebrot (1895-?) 1917 Lærar ved Høyvåg og Vestre Moland framhaldsskule 1917-19, Voss framhaldsskule 1919-24, Vestmar folkehøgskule i Drangedal 1924-30 før han i 1930 vart tilsett ved Vågård skole, Ådal i dåverande Norderhov kommune.
Gina Aaretun 1921 Lærar i Lærdal Leiar i Lærdal lærarlag og Lærdal helselag
Berta Aarrestad (1877-1967) 1898 Lærarinne i Eigersund 1901-11 og i Varhaug frå 1918.
Peter Apollon Aarrestad (1868-1958) 1889 Lærar på Mosterøy 1890-99, frå 1899 i Frue sokn i Hetland, i noverande Stavanger kommune. Aktiv fråhaldsmann
Torleiv Aarrestad (1905-98) 1926 Lærar i Solund 1930-34, seinare i Time.
Anders Aarsand (1899-1986) 1925 Lærar i Kvinnherad frå 1931. Med i kristeleg arbeid og fråhaldsrørsla.
Jens Aarskog (1875-1951) 1897 Lærar (frå 1897) og kyrkjesongar (frå 1900) i Fjærland. Skipa Fjærland privatbank, skulestyreformann, korinstruktør m.m.
Johan Brithanus Aarskog (1882-1965) 1903 Lærar og kyrkjesongar i Veldre i Ringsaker frå 1910. Venstrepolitikar, mål- og ungdomslagsmann.
Karl Olai Aas (1882-1958) 1903 Lærar i Hyllestad kommune 1906-1913, Hamre kommune 1914-1917 og Åsane kommune 1938-1946. Underoffiser, var med i indremisjonsarbeidet.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer