Knut Kirkhorn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Kirkhorn. Illustrasjon frå Verdens Gang, 1885.

Knut Rasmusson Kirkhorn (fødd 31. mai 1830 i Hornindal, død 3. mars 1885 på Tynset) frå Hornindal i Sogn og Fjordane var lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og politikar for Venstre. Han møtte på Stortinget 1875, 1877 og 1880–85 og var fyrste ordføraren i Hornindal.

Bakgrunn og lærarkarriere

Han var son av Rasmus Olsson og Olave Olsdotter Kirkhorn. Faren var gardbrukar og kyrkjesongar, og Knut Kirkhorn vart sjølv seminarist frå Stord i 1850. Deretter var han huslærar hos soknepresten Nils Nilssen DahlEid i Nordfjord, Walter Scott Dahl var då ein av elevane hans. Han var lærar og kyrkjesongar etter faren i heimbygda Hornindal frå 1852.

Gardbrukar og ordførar

På Kirkhorn var det ein sterk og gamal lærdoms- og skrifttradisjon, og det hadde vore ein privat framhaldsskule på garden frå kring 1750 som Knut Kirkhorn førte vidare. I 1859 tok han over farsgarden og var bonde livet ut. Eigedommen, som var ganske stor etter vestlandske tilhøve, fødde i 1865 2 hestar og 16 storfe. Knut Kirkhorn hadde på denne tida både dreng og to tenestejenter.

Kirkhorn var sentral i arbeidet med å få skilt ut Hornindal frå Eid som eige herad. Dette lukkast i 1867, og Kirkhorn var ordførar i den nye kommunen frå skipinga til han døydde.

Stortinget

Kirkhorn vart vald som 4. vararepresentant for Nordre Bergenhus i 1870 og som 2. vararepresentant i 1873, og han møtte fyrste gongen på Stortinget frå 20. februar 1875 og ut sesjonen. Som 1. vararepresentant etter valet i 1876 møtte han på 1877-sesjonen. På dei to neste vala kom han inn på fast plass, så han møtte på Stortinget 1880-1885. Han var i desse åra (og i 1877) medlem av kyrkjekomiteen, og i 1885 var han ein av dei 41 framleggsstillarane bak jamstellingsvedtaket mellom landsmålet og bokspråket. Han var 1880-85 også medlem av Lagtinget, og var såleis 1883-84 medlem av riksretten.

Den 2. mars 1885 vart han permittert på grunn av sjukdom, og dagen etter døydde han på Tynset på veg heim med toget.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker