Hans Strøm: Kart over Austefjorden 1762 syner vegen over Kviven på den tida.
Kvivsvegen vert det kalla veganlegget som frå 2009 vart bygd i Austefjorden i Volda kommune, Møre og Romsdal og i Hornindal kommune i Nordfjord, Sogn og Fjordane - dei to kommunane vart i 2020 slått saman til nye Volda kommune. Anleggsområde var frå Geitvika i Austefjorden, Volda kommune, og til Grodås, den gongen i Hornindal kommune. Før veganlegget er heilt ferdig skal det utførast forbetringar mellom Grodås og kryss ved Riksveg 15 (Kjøsbru). Sameleis på riksveg 651 frå Volda til Geitvika. Da hovuddelen av veganlegget var ferdig i 2012, vart det fergefritt og kortare samband mellom Søre Sunnmøre og riksveg 15 austover eller Europaveg 39 sørover.
Kvivsvegen har namn etter fjellet Kviven. Det er 1027 moh. og ligg på grensa mellom Volda og Hornindal. Truleg kjem namnet av verbet kvive, som tyder suse eller kvine. Då er det nok vinden på toppen som det vert utleida frå. Les mer …
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter. Les mer …
|