Stord lærerskole
Stord lærerskole vart etablert på Stord i 1839 under namnet Stord Seminarium. Skulen vart i 1994 ein del av Høgskolen Stord/Haugesund. Lærarskulen på Stord var eitt av stiftsseminara som starta opp etter at skuleloven av 1827 slo fast at det skulle opprettast skular for å gi opplæring til lærarar ved dei faste allmugeskulane. Lærarskulen heldt fyrst til på prestegarden på Stord, med soknepresten som skulestyrar, men flytta i 1866 til Rommetveit.
Hovudbygningen frå 1866 er i 2000-åra administrasjonsbygget til Høgskolen Stord/Haugesund. Fleire eldre bygningar er òg framleis i bruk, attåt nybygga frå 1960-talet, då talet på lærarstudentar auka kraftig.
Skulen gjekk på 1800-talet under namnet Stord seminar, men rundt 1900 vart han omdøypt til Stord offentlige lærerskole. Deretter heitte han Stord lærerskole mellom 1967 og 1981 og Stord lærarhøgskule frå 1981 til 1994.
Frå 1877 hadde lærarskulen eit mållag for elevane. Lærarskulen var frå kring 1870 eit viktig sentrum for målreisinga på Vestlandet.
Styrarar/rektorar
- Johan Carsten Emil Kierulff (ca. 1865). Kierulff var òg sokneprest på Stord.
- Kr. Lilloe (ca. 1900)
- Peter Vogelius Bredal Deinboll (1904-17)
- Severin Eskeland (1917-?)
Personar med eksamen frå lærarskulen
Namn | Eksamen | Lærargjerning | Samfunnsvirke |
---|---|---|---|
Rannfrid Aasland | 1935 | Lærar i Gjesdal, Vefsn, Time og Sandnes. | Leder i Rogaland lærerinnelag på 1960-tallet. |
Ellen Marie Belland (1883–1953) | 1904 | Lærer i Iveland. | |
Arne Haakonson Bjerke (1846-1919) | 1868 | Lærar og lærer og kyrkjesonga i Strandebarm. | Heradskasserar og skulestyreformann. |
Rasmus Blikken (1872-1961) | 1900 | Lærar i Åsnes kommune, frå 1909 i Toverud krins. | Leiar i Åsnes venstrelag, Åsnes småbrukarlag og Åsnes kooperative handelslag. |
Henrik Eilert Brekke (1897-1995) | 1919 | Lærar i Brekke i Sogn 1919-20, Biri i Vestoppland 1920-? | Ap-politikar, ordførar i Biri 1935-51 |
Ole Devik (1856-1941) | 1876 | Lærer i Florø og Bø i Ytre Sogn ca. 1876-, i Aker (Ulven og Bryn skoler) 1893-1927. | Formann i Akershus krets av Norges Lærerlag 1896-1908, i sentralstyret 1907-1914. I spissen Statens lærerkurser i jordbruksopplæring i 26 år. |
Thorstein Eggum (1901-94) | 1922 | Lærar i Skjåk 1923-45 og Lier 1945-?. Styrar Egge skule 1950-? | Varaordførar (Ap) i Skjåk 1934-41. |
Halvor Fosmark (1860-1933) | 1883 | Lærar i Vardal ved Gjøvik. | Ordførar i Vardal (for Arbeiderdemokratene) 1902-10. |
Knut M. Frøyset (1857-1926) | 1880 | Lærar i Nes ved Flekkefjord, Eidsberg og på Sunnmøre, frå 1892 lærar og kyrkjesangar i Kolbu på Toten. | Aktiv lokalpolitikar i Kolbu. |
Bergit Færøy (1875–1951) | 1895 | Lærar i Solund, Bodø, Askvoll og Bjørnafjorden. | |
Sigurd Førsund (1884-1970) | 1906 | Lærar fleire stader, frå 1919 i Etne. | Komponist, organist, norskdomsmann, lokalhistorikar og lokalpolitikar (Venstre). Skreiv melodien til «Å Vestland, Vestland». |
Olav Gjørvad (1860-1951) | 1880 | Lærar ved Kviteseid Seminar og Vang høiere almueskole, lærar og klokkar ved Rud skole (Vestre Toten) 1891-1930. | Ordførar i Vestre Toten 1908-16, lokalhistorikar. |
Alvhild Granvin (1905-85) | 1926 | Lærarinne på Tessand skule i Vågå 1929-37 (ca.), Gjøvik skole 1937-? | |
Ove Wangensten Haug (1901-78) | 1922 | Lærar og klokkar i Jostedalen (1922-39) og Skjåk (1939-59), skuleinspektør i Skjåk frå 1959. | Ap-ordførar i Jostedalen 1938-39. |
Klara Seljen Hermansen (1900-2003) | 1921 | Lærer i bl.a. Frølandsdalen, Espevær, Bømlo. Under andre verdenskrig var hun ved den norske skolen i London. | Ap-kvinne |
Anders Hjellum (1870-1950) | 1891 | Lærar i Vinje i Telemark, Kvinnherad, Gaular, Jostedalen og Kvinesdal. | Sentral i mål- og fråhaldsarbeid i Jostedalen. |
Johannes Haarklou (1847-1925) | 1868 | Lærer i Eiker, før han viet seg til musikken. Gikk også på Balestrand lærerskole | Kjent som komponist, organist, dirigent og musikkanmelder. |
Knut Kirkhorn (1830-1885) | 1850 | Kyrkjesongar i Hornindal frå 1852. | Stortingsrepresentant for Venstre og ordførar. |
Gudrun Laland (1900-2002) | 1927 | Lærar i Hå (Nærbø) og Time på Jæren. | Heldt mange opplesingar og kåseri. |
Elias Melvær (1848-1924) | 1869 | Lærar fleire stader i Sogn og Fjordane, frå 1876 ved Fjordenes amtsskole. | Venstre-politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane, i tillegg til at han var aktiv i Det Norske Totalavholdsselskap |
Knut Monsen Nordanger (1883-1965) | 1903 | Lærar i Hole i Ryfylke 1903-1906, Høland 1906-1910 og Lillestrøm 1910-1019. Skulestyrar ved Volla skole i Lillestrøm 1919-1935. Faglærar ved Lillestrøm Tekniske Aftenskole. | Representerte Arbeiderpartiet i Lillestrøm kommunestyre 1913-1916, var ordførar 1922-1931. Stortingsrepresentant for Akershus 1925-1936. Fykesmann i Hedmark 1935-1942 og 1945-1953. Hadde mange offentlege verv. |
Ole Nydal (1899-1986) | 1921 | Lærar og kyrkjesongar på Garmo i Lom (1921/22), Valderøy i Giske (1923-24), Lund skole i Kolbu på Toten (1924-35), Kirkenær skole i Kolbu 1935-46, Bjørnsgård skole Ø. Toten (1946-50). Skoleinspektør i Ø. Toten 1951-64. | |
Hans B. Osnes (1872-1958) | 1891 | Lærar i Herøy (Skorpa, Moltustranda og Kopperstad krinsar) frå hausten 1892. Frå 1893 til 1895 ved Hatløy, Vattøy og Snipsøyrdalen udelte skular i Ulstein. Lærar og klokkar i Nordberg sokn i Skjåk i Gudbrandsdalen 1895-1898. Lærar og klokkar i Fiksdal i Vestnes 1899-1906. Lærar i Ulstein i fire år på 1920-talet. | Gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann, aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. Sentral i Norges Bondelag og Bondepartiet. |
Anne Pedersen (1902–1979) | 1927 | Lærer i Vaksdal, Hemnesberget, Hol i Lofoten, Ørland, Sulitjelma og Gjøvik fra 1938. | Politiker |
Gunnhild Rutledal (1895-1973) | 1919 | Lærar i Gulen | Forfattar |
Margit Kaspara Gade Sand | 1927 | Lærer i Sandefjord kommune | |
Olav Sande (1850-1927) | 1871 | Lærar i Leikanger frå 1872. | Folkeminnesamlar, tonediktar og målmann. |
Ole Michael Selberg (1877-1950) | 1900 | Lærar | Overlærar/rektor ved ulike skular. Matematikar. |
Randi Skeie | 1934 | Lærer i Grong, Strinda og Nes på Hedmarken. | |
Kolbein Skaare (1873-1932) | 1890-åra? | Lærar og kyrkjesongar i Skjåk frå 1898. | Lokalpolitikar i Skjåk, ordførar for Arbeiderdemokratene 1914-16 og 1920-22. |
Ole Ingebrigtsen Strømme (1876-1936) | 1895 | Lærar i Bremanger 1895-97, Sykkylven 1897-1919. Lensmann i Sykkylven og Ørskog 1919-36? | Venstre-politikar. Ordførar i Sykkylven 1910-19, stortingsmann 1931-33, sosialminister 1933. |
Ole Strømme (1856-1940 | 1877 | Lærar i Austevoll 1878-1823, klokkar 1878-1936 | Ordførar i Austevoll 1886-1903 |
Rasmus Sunde (1857-1934) | 1877 | Først lærer i Vanylven og Voss, deretter lærer, senere overlærer, i Kristiania/Oslo 1883-1927 | Aktiv innen lærerorganisasjonene. |
Kristofer Sydnes (1881-1961) | 1901 | Lærar i Suldal kommune 1902-08, Etne kommune 1908-12, Vikebygd i Vindafjord kommune 1912-46. | Formann i ungdomslag, fråhaldslag og mållag. Venstre-politikar og museumsmann. |
Adolf Sørebø | 1915 | Solund 1915-1917, Lygra i Lindås 1917-1919, Ogna 1919-1921, Tinn kommune 1921-60. | En rekke verv i Tinn. Aktiv i sangkor. |
Magnus Takle (1883-1971) | 1904 (ca.) | Lærar i Jostedalen 1904-07, Årdal 1907-15, Tasta i Stavanger 1915-48. | Fyrste leiar i Jostedal mållag, skrivar i Rogaland Venstre. |
Mons H. Takle (1877-1958) | 1898 | Lærar i Jostedalen 1899-1903, Lindås til 1917, Brekke 1919- | Mållagsmann, ordførar (V) i Brekke 1920-1922, 1926-1928 og 1932-1934. |
Johannes J. Telle (1853-1940) | 1873 | Lærar i Bømlo kommune 1873-1875, i Tælavåg i Sund kommune 1875-1923 | I 1913 var Telle var med og oppretta Sunnhordland Museum på Leirvik på Stord. Han sat i heradsstyret eit par periodar. |
Thormod Tendeland (1867–1930) | 1887 | Cand.philol. i 1895. Lektor og bestyrer for Drøbak middelskole 1910-1922, Østre Akers kommunale middelskole 1922-1930. | Opprettet og utviklet Østre Akers middelskole. |
Ingrid Thorsland | 1906 | Lærer i Åseral. | Leder av sanitetslaget, lærerlaget, aktiv i lokalpolitikken. |
Lasse Trædal (1857-1924) | 1878 | Folkehøgskulemann og lærar | Målmann, ordførar (V) i Lavik 1905-13, stortingsrepresentant (V) 1900-03 og 1909-15 |
Johan Tufteland (1913-88) | 1942 | Lærar i Austevoll, i Bergen, på Kvitsøy og i Kvam. | Lyrikar, omsetjar og bygdebokforfattar. |
Jens Tvedt (1857-1935) | 1878 (ca.) | Lærar i m.a. Fana og Kvinnherad. I Stavanger 1882-99. | Sjefsbibliotekar i Stavanger 1901-35, forfattar. |
Borgny Valvatne | 1925 | Lærer på Røros og Snertingdal | |
Johannes Halvorson Vamberg (1816-57) | 1850 (ca.) | Lærar i Hafslo (1840-åra), lærar og klokkar i Jostedalen 1850-57 (den fyrste seminaristen i bygda). | Ordførar i Jostedalen 1853-56. |
Christian Waage (1889-1970) | 1912 | Lærar fleire stader, etter kvart lektor. | NS-aktivist. |
Kåre Øvregard (1933-) | 1957 | Lærar Sperle skule i Jostedalen 1957-62, styrar Gaupne skule i Luster 1962-75. | Ap-politikar, ordførar i Luster 1975-77, stortingsmann 1977-89. |
Ola Jakobssen Aa (1877-1963) | 1901 | Lærar på Stord ca. 1901-07, Stalleland skole i Landvik 1907-11, 1911-15 lærar og klokkar i Fedje. Frå 1916 var han tilsett ved Sagvåg skule på Stord. | Lokalpolitikar og aktiv fråhaldsmann. |
Johs. Aaberg (1895-1980) | 1916 | Lærar i Fana høsten 1916 og arbeidde deretter eitt år ved framhaldsskulen Sogndal i Dalane. 1917-21 lærar i Skjold i Ryfylke. Frå hausten 1921 lærar i Borge ved Fredrikstad, skulens sekretær frå 1927. | Lærarane sin representant i skulestyret og formann i lærarlaget i Borge. |
Svanhild Aaberg (1902-?) | 1924 | Lærar ved Blomvåg og Alvheim skule, Øygarden, frå 1925. | |
Elen Aaberge (1897-?) | 1919 | Lærarinne i Sogndal frå 1919 | |
Aslak Aabø (1888-1959) | 1911 | Lærar Bergens guttehjem 1911-13, Bø i Vesterålen 1913-15, Vinje i Telemark 1919-? | Medlem av Vinje heradsstyre frå 1928 |
Finn Aakre (1904-80) | 1925 | Lærar i Halden, seinare skoleinspektør same stad. | |
Haldor Aakre (1866-1934) | 1886 | Lærar i Svalland og Aksdal krinsar, Fjelberg i Sunnhordland 1887-1898. Nygård skole ved Laksevåg, i dåverande Askøy kommune, 1898-1932. | |
Paul Aakre (1879-1968) | 1901 | Lærar i Oppdal krins i Tysnes 1901-04, Skåre herad 1904-10. Frå 1911 var han lærar i Haugesund, skulestyrar same stad frå 1933. Lærarrepresentant i skulestyret i byen. | |
Jacob Aaland (1865-1950) | 1884 | Lærar i Sigdal 1884-86, Brevik 1887-90, Kragerø 1891-92, Bergen 1892-1932. | Bygdebokforfattar (Nordfjord). |
Andreas Larsson Aanderaa (1900-?) | 1923 | Lærar i Baugstø skulekrins i Skånevik. Seinare tilsett ved Høylandsbygd skule. | Aktiv i Heimefronten under andre verdskrigen. |
Dagmar Aanensen (1881-1970) | 1909 | Lærarinne ved Haugesund folkeskole 1911-15, Haukeland skole i Bergen 1915-29. Frå 1929 tilsynslærerinne i kvinneleg handgjerning ved Christi Krybbes skoler. | |
Lars Aanestad (1893-1984) | 1914 | Lærar i Randaberg 1915-25, og 1918-25 var han også heradskasserar. Lærar ved Kinaforbundets skular på Fjellhaug, Østre Aker ved Oslo, 1925-45. Hausten 1945 vart Aanestad styrar ved forbundets nye ungdomsskule i Hurdal, der han vart til han gjekk av med pensjon. | Kjend for sitt arbeid med kristne sangar og salmer. |
Anders Aarebrot (1895-?) | 1917 | Lærar ved Høyvåg og Vestre Moland framhaldsskule 1917-19, Voss framhaldsskule 1919-24, Vestmar folkehøgskule i Drangedal 1924-30 før han i 1930 vart tilsett ved Vågård skole, Ådal i dåverande Norderhov kommune. | |
Gina Aaretun | 1921 | Lærar i Lærdal | Leiar i Lærdal lærarlag og Lærdal helselag |
Berta Aarrestad (1877-1967) | 1898 | Lærarinne i Eigersund 1901-11 og i Varhaug frå 1918. | |
Peter Apollon Aarrestad (1868-1958) | 1889 | Lærar på Mosterøy 1890-99, frå 1899 i Frue sokn i Hetland, i noverande Stavanger kommune. | Aktiv fråhaldsmann |
Torleiv Aarrestad (1905-98) | 1926 | Lærar i Solund 1930-34, seinare i Time. | |
Anders Aarsand (1899-1986) | 1925 | Lærar i Kvinnherad frå 1931. | Med i kristeleg arbeid og fråhaldsrørsla. |
Jens Aarskog (1875-1951) | 1897 | Lærar (frå 1897) og kyrkjesongar (frå 1900) i Fjærland. | Skipa Fjærland privatbank, skulestyreformann, korinstruktør m.m. |
Johan Brithanus Aarskog (1882-1965) | 1903 | Lærar og kyrkjesongar i Veldre i Ringsaker frå 1910. | Venstrepolitikar, mål- og ungdomslagsmann. |
Karl Olai Aas (1882-1958) | 1903 | Lærar i Hyllestad kommune 1906-1913, Hamre kommune 1914-1917 og Åsane kommune 1938-1946. | Underoffiser, var med i indremisjonsarbeidet. |
Kjelder og litteratur
- Stord (Tyse) Præstegaard i folketelling 1865 for Stord prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Stord seminar (Rommetveit) i folketelling 1900 for Stord herred fra Digitalarkivet.
- Seminariet i folketelling 1910 for Stord herred fra Digitalarkivet.
- Seminariet (Rommetvedt) i folketelling 1910 for Stord herred fra Digitalarkivet.
- Seminariet (Rommetveit) i folketelling 1910 for Stord herred fra Digitalarkivet.
- Seminariet i folketelling 1910 for Stord herred fra Digitalarkivet.
- Lærarutdanning på Stord gjennom 150 år : jubileumsskrift : Storøens seminar 1839, Stord lærarhøgskule 1989.
- Statsbygg.no: Verneverdig høgskole.
- Wikipedia på bokmål: Stord lærarhøgskule (vitja 31/7 12).