Johan Brithanus Aarskog

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kirkekretsen skole i 1910-åra, ikkje lenge etter at Johan Aarskog kom til Veldre. Han sit midt i andre rekkja.

Johan (Brithanus) Aarskog (fødd 28. august 1882 i RovdeSunnmøre, død 2. juni 1965) var lærar og kyrkjesongar. Målmannen og vestlendingen Aarskog verka lengst i austlandsbygda Veldre i Ringsaker, der han utanom skolen engasjerte seg sterkt i ungdomslagsarbeid og lokalpolitikk. Aarskog, som var venstremann, hadde ifølge journalisten Oddvar Røst en «resonerende evne og en klar form», noe som gjorde han til «den utvilsomt beste debattant i Ringsaker herredsstyre».

Bakgrunn og familie

Johan Aarskog
Foto: Norske skolefolk (1952)

Han vaks opp i Rovde i Sande kommune, som son av bonde Johannes Aarskog og Berte Oline. Som tolvåring opplevde han at faren og tre brør vart borte på sjøen.

Johan Aarskog tok eksamen ved Stord lærarskule i 1903, og gjekk seinare på kurs i teikning, song og gymnastikk. Den eldre broren Severin hadde òg teke lærarutdanning.

I 1907 vart han gift med Dorothea Kristine Liseth (1888-1968) frå Sogndal, dotter av kyrkjesongar D. Liseth og Sara. Ekteparet Aarskog fekk seks søner og fire døtrer.

Lærar

Som nyutdanna hadde han fleire stutte engasjement. Aarskog var lærar i Ibbestad (1903), Hosanger (1904), Sande (1905) og Sunnylven (1907-10). I 1910 kom han til Austlandet og Ringsaker, der han vart tilsett som lærar og kyrkjesongar i Veldre.

folketellinga for 1910 vart teken opp, var Aarskog på plass med familien i klokkargarden i Veldre. Han arbeidde heile tida ved Kirkekretsen skole.

Som lærar hadde Johan Aarskog òg fleire stipend. I 1913 fekk han Ole Gabriel Uelands stipend til folkeskulen i Kristiania, medan han i 1922 fekk Statens reisestipend til Danmark og Sverige.

Ombod

Veldre kyrkje, der Johan Aarskog var kyrkjesongar. Kyrkja brann ned i 1996, og i 2000 vart det sett opp eit nytt kyrkjebygg like ved den gamle tomta.
Foto: Per Martin Tvengsberg/Hedmarksmuseet

Aarskog var medlem av skulestyret i både Sunnylven og Ringsaker, og han sat som formann i Ringsaker lærarlag i ti år. Like lenge var han formann i Hedmark krins av Noregs lærarlag.

Johan Aarskog var sentral i mål- og ungdomsarbeidet i alle bygdene han virka i. I Ringsaker, der gardbrukar Mikkel Sveinhaug sto i spissen for riksmålsfolket, vart det kjempa mange harde kampar om målet. Like eins var det med ungdomssaka, der dei møtte motstand frå konservative kristne. Aarskog og andre som sokna til Venstre, fekk reist ungdomshuset Veldrom, før soknepresten fekk bygd bedehuset sitt.

Det var nettopp kyrkjesongar Aarskog sin overordna, soknepresten, som var blant hans hardaste motstandarar i Veldre. I portrettintervjuet med Oddvar Røst fortalte Johan Aarskog at soknepresten ville at han skulle slutte i stillinga, men at dette berre gjorde at «jeg besluttet meg for å bli».

Røst skriver:

Denne konstellasjonen i den lokale kulturkampen er ikke ganske fri for komikk. På den ene siden den alvorlige, pertentlige, stokk konservative og tungt arbeidende prelat med sitt bedehus og sin anemiske språkoppfatning, og på den andre siden den muntre, lynende intelligente og kampglade klokker med sin syngende ungdomsflokk og med stadig framgang og seir. Og til slutt de to i sakristiet hvor presten myndig og mutt ber klokkeren hjelpe seg på med kjolen. Det ligger et tre aktes lystspill skjult i denne situasjonen.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker