Forside:Sogndal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sogndal»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Balestrand • Leikanger

Om Sogndal kommune
1420 Sogndal komm.png
Sogndal kommune ligg i Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Den noverande Sogndal kommune vart etablert i 2020, då Leikanger og Balestrand vart innlemma.

Administrasjonssenteret er Hermansverk, som også er hovudsete for Fylkesmannen i Vestland og kontorstad for fleire statlege og fylkeskommunale etatar, medan Sogndalsfjøra er senter for handel og tenesteyting.

Sogndal er kjend som saftbygda, og er ein av dei store fruktprodusentane i fylket. Lerum Fabrikker har ein av sine fabrikkar i Sogndal. Det er og ein god del husdyrbruk i kommunen. Industrien er i stor grad knytta til landbruket, i form av slakteri, bær- og fruktforedling og anna næringsmiddelindustri.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Harald Gjesdal.
Foto: Asker og Bærums Budstikke 1942.
Harald Gjesdal (født 26. mai 1892 i Leikanger, død 26. mai 1974) var inkassosjef og politiker for Frisinnede Venstre. Hans arbeidsplasser som inkassosjef var O. Mustad & Søn og Margarincentralen; han var folkevalgt for tre perioder i Bærum kommunestyre og satt mellom 1943 og 1945 på Grini og Sachsenhausen. Han stilte til kommunevalg i 1928, og ble valgt inn som vara i kommunestyret den kommende perioden. Han satt så som fast medlem i tre valgperioder. Partiet var Frisinnede Venstre (seinere Frisinnede Folkeparti, FF), men ved kommunevalget i 1934 stilte de fellesliste med Nasjonal Samling, «Den nasjonale fellesliste», i Østre Bærum valgsokn. Gjesdal var listetopp, og ble innvalgt sammen med Hugo Borgen (NS) og Aashild Domaas (FF).   Les mer …

Tjugum kyrkje.
Foto: Per Olav Bøyum
Tjugum kyrkje i 1960
Foto: Nasjonalbiblioteket

Tjugum kyrkje ligg på nordsida av Esefjorden i Balestrand, Sogndal kommune. Då ho vart reist i 1863, hadde Tjugum både bank og gjestehus, og aktiviteten var større på nordsida av fjorden enn i Holmen.

Tjugum er startområdet for Mini Challenge, festivalen si vesle fjordkryssing. Artikkelen om Tjugum kyrkje er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden.   Les mer …

Stol, skrin og brett laget av Ivar Høyvik. Stolsete og åkle vevd av Eli Høyvik
Foto: Siri Iversen

Ivar Hansson Høyvik (født 18. august 1881, død 19. august 1961) kom opprinnelig fra Gulen men var bosatt i Balestrand fra 1905 til sin død. Han var treskjærer og møbelsnekker, og var gift med tekstilhandverker Eli Sætre fra Voss. Høyvik gikk i lære hos Lars Kinsarvik og Magnus Dagestad på Voss.

Ivar Høyvik er mest kjent for interiøret i Høyviksalen i Kviknes hotell i Balestrand hvor møbler, speilrammer og portaler er rikt dekorert i dragestil. Eli vevde åklær i tradisjonelle mønstre.   Les mer …

Fotograf Nils O. Reppen (1856-1925).
Foto: Ukjend.
Nils Olsen Reppen (født 1856 i Sogndal, død 1925) var fotograf.

Han blei født på garden Reppen i Sogndal. Gift første gong med Synneva Pedersdotter (1857-1931), og andre gong i 1906 med Eli Jonsdotter Elvagjeng (1878-1945). Reppen emigrerte til USA for første gongen 13. juni 1882. Han jobba som fotograf i Browns Valley, Minnesota i 1880-åra. Eit udatert visittkortportrett med firmaadresse Morris, Minnesota er også kjend.

Reppen returnerte til Norge, uvisst når, for så å emigrere til USA att den 13. september 1895. I 1898 overtok Reppen det såkalla tårnhuset i Sogndalsfjøra, og ved folketeljinga i 1900 er han registrert som fotograf busett i tårnhuset. Han er ført som fråskilt, med ei dotter i huset.   Les mer …

Henrik Mohn Dahl
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen.   Les mer …

Sogndal folkehøgskule på Nes i Sogndal (ca 1910). Til høgre Helgheimsstova, no på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum. Til venstre Hauge-huset som framleis står på skuleområdet.

Sogndal folkehøgskule (Sogndals folkehøiskole) vart skipa i 1871 av presten Jakob Liv Rosted Sverdrup i Sogndal i Sogn og Fjordane. Dette var ein av dei fyrste folkehøgskulane i Noreg og er, nest etter Sund folkehøgskole (frå 1868), den eldste som framleis er i drift.

Folkehøgskulen vart raskt etter starten etablert som eit danningssentrum og eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn. Skulestyrarane og lærarane hadde gjerne framståande posisjonar i samfunnet, somme òg som stortingsrepresentantar, og ei lang rekkje ungdom frå sognebygdene fekk si viktigaste utdanning og kulturelle fostring her. Skulen, som vart skipa på pietistisk grunnlag, har vore eit sentrum for målreisinga i Sogn og Fjordane.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sogndal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar