Jensine Klykken Schjelderup (1825–1907)
Jensine Petrine Grüner Klykken Schjelderup (fødd 28. desember 1825 i Levanger, død 15. desember 1907 i Leikanger) var prestekone. Ho var dotter av sorenskrivar Peder Klykken, og og vaks opp i ein herskapeleg heim kor datidas lokale overklasse møttes og det var mange store selskap. Då ho gifta seg med presten Søren Schjelderup vart det nok eit anna liv, først som lærarfrue i Steinkjer og så som den aller første prestefrua i det nye Hattfjelldal prestegjeld.
I Hattfjelldal måtte dei sjølv sørge for å få bygd Hattfjelldal prestegård, ny kyrkje måtte byggast og det var igså mykje anna å få på plass. Hattfjelldal var i ei overgangstid. Frå å være eit område dominert av sørsamar, gjorde innflytting og bureising at den norsktalande befolkninga var ein veksande majoritet. Søren Schjelderup var godt likt av den samiske befolkninga, og har vorte omtale som «den siste finnepresten» som ei heidersnemning. Då samar frå området kom til kyrkjevigslinga i 1869 vart det tatt eit bilete av dei og prestefamilien – her har Jensine på seg ein tradisjonell sørsamisk drakt.
Vegen gjekk videre til Lærdal kor ho budde dei siste 37 åra av livet, 25 år som prestekone og 12 som pensjonist. Her var det ein langt høgare materiell standard, med ein stor og veldreven prestegard. Dottera Anne Elise gifta seg med ein lokal godseigar, og dei siste leveåra budde ho på godset med dei.
Ho fødde åtte barn, kor seks vaks opp til vaksen alder.
Oppvekst og familie
Ho var dotter av Maren Marie, fødd Hegge, og Peder Danielsen Klykken, ho var yngst i ein stor søskenflokk. Ho vart døypt 26. februar 1826, truleg i Sakshaug gamle kyrkje.[1] Ho var fødd på Inderøya, faren var sorenskriver i Inderøy sorenskriverembete. I 1829 flytta dei til Skogn då faren var sorenskrivar i Stjør- og Verdal. Han kjøpte den gamle embetsgarden Rennan frå Eidsvoldsmann og oberst Fredrik Heidmann, og her vaks ho opp i ei herskapeleg hushaldning med mange store selskap for overklassen.[2] Lite er kjent frå hennar liv før ho stifta familie.
Ho vart gift med Søren Schjelderup på sin 28-årsdag, 28. desember 1853, i Alstahaug kyrkje. Han var utdanna cand. theol og var lærar i Steinkjer. Han var styrar for Steinkjer høyere Almenskole frå 1853 til 1860. Dei fekk åtte born. Christofer Andreas (f. 1854), Petra Marie (f. 1856), Sverre (f. 1857), Einar (f. 1859), Anna Elise (f. 1862), Helga (f. 1865), Henriette (f.1867) og Sara (f. 1869). Søren var av den gamle presteslekta Schjelderup, og faren Christopher Andreas Schjelderup hadde vore sokneprest i Lødingen prestegjeld. Livet som lærerfrue i Steinkjer var nok likevel langt mindre herskapeleg enn kva Jensine hadde vore vant med frå sorenskrivargarden.
Første prestekone i Hattfjelldal
Søren Schjelderup vart utnemd til sokneprest i Hattfjelldal prestegjeld i 1860. I fylgje ei kunngjering frå juni var utnemninga frå «1ste Juli d. A. at regne»,[3] og Kjell Jacobsen skriv at dei kom til Hattfjelldal sommaren 1860.[4] Dei var framleis i Steinkjer 15. juli då sonen Einar vart døypt.[5] Den første ministerialboka for Hattfjelldal prestegjeld var ikkje påbyrja av Schjelderup før 23. september 1860.[6] I følge mellom anna Olav Flotten døyde Einar i 1860.[7] Dødsdato er ikkje kjend, og gravferda er ikkje registrert i korkje kyrkjebøkene for Steinkjer eller Hattfjelldal. I alle høve må familien som flytta frå Steinkjer til Hattfjelldal vore prega av tapet av deira yngste born.
Hattfjelldal hadde nettopp blitt eige prestegjeld, og dei var den første prestefamilien som kom hit for å bu her. Det var ikkje ordna med eigen bustad, den første tida bodde dei i ei leilighet i den dåværande sameskola i bygda. Dei fekk for eiga rekning satt opp hus på det som skulle bli Hattfjelldal prestegard. Våningshuset sto ferdig hausten 1863.[4] Gleden over å kunne flytte inn i eit skikkeleg hus ble utvilsomt sterk dempa over at eldstesonen Christopher Andreas døydde i august 1863.[8]
Ved folketellinga i 1865 er dei ti personer som bur på det som skal bli prestegarden. Jensine og Søren med fem born i alderen 1 (Helga) til 11 (Petra), to tenestejenter og ein innerst, Torstein Eliasson frå Meråker som står oppført som landhandlar. Dei har to kyr, og det er anmerka «Forer mot forlønd».[9] Gardsdrifta er altså svært beskjeden, dei har nok ikkje meir enn melk til eige forbruk og må også betale for foret til kyrne.
Det skjedde mykje i det nye prestegjeldet dei ti åra dei budde der. I 1867 kjøpte Opplysningsvesenets fond garden med husa dei hadde fått sett opp av dei, og det var no ein riktig prestegard eig av det offentlege. Ny kyrkje vart og satt opp, Hattfjelldal kyrkje vart vigsla i 1869. Søren Schjelderup var og aktiv i styre og stell, han var mellom anna ordførar frå 1868.
Det var, og er, stor samisk befolkning i Hattfjelldal. Så seint som på 30-tallet nyttast uttrykk som «lappedistrikt». Då Jensine kom til hit var imidlertid demografien i endring. Tilflytting og bureising på midten av 1800-talet, først og framst frå Vefsn men og frå Austlandet, gjorde at samane ikkje lengre utgjorde eit fleirtall slik dei hadde gjort. Sokneprest Schjelderup synest å ha vore respektert og avholdt blant samane, og han har vorte kalla den siste «finnepresten».[10] Det er lite skriftleg dokumentasjon om korleis forhaldet var mellom prestekona og samane, men eit bilde frå kyrkjevigslinga i 1869 seier meire enn mange ord. Her er prestefolket (Søren, Jensine og sonen Sverre) og lensmannen avbilda i lag med ei gruppe samar frå området. Jensine sit i midten framst i samedrakt. At ho var ikledd same antrekk som dei samiske sokneborna vitnar vonleg om gjensidig respekt og anerkjenning.
Vestlandet
I 1870 vart mannen sokneprest i Lærdal i Sogn, og familien flytta hit. Han var prest i Lærdal i 25 år, til 1895, då han gjekk av med pensjon. Lærdal var nok eit langt «feitere kall». Ved folketellinga i 1875 bur framleis alle seks borna heime, i tillegg har dei gardsdreng, budeie og «kokkepige». Besetninga på garden er veldig mykje større enn ti år tidlegare i Hattfjelldal, dei har to hestar, ein okse, ni kyr, ein kalv, seksten sauar og to grisar.[11]
I 1891 bur to av døtrene, Sara og Henriette, heime. Døtrene Helga og Anna Elise er og lista i hushaldninga, men då som «Besøgende» – Anna Elise sin mann og hennar to born likeeins. Sørens brorson Søren Joakim Schjelderup (f. 1866) er også på besøk. Til husstanden høyrer også ein mann og tre kvinner lista som «tjenestetyende». Besetninga på garden er ikkje oppgjeve no.[12]
Dottera Anne Elise vart gift med godseigar Bjarnhard Rumorh. Han held til på Ytre Frønningen, og dei lot byggje eit eget hus på garden som Jensine og Søren fekk bu i då han gjekk av i 1895 og dei flytta ut frå prestegarden. Det vart kjend som «Presthuset.»[13] Søren døydde i 1896.
I 1900 finn vi Jensine i folketellinga hos dottera Anna Elise og svigersonen på Frønningen ytre, men då som husmoder i et eige hushald som består av ho sjølv og dattera Sara (med merknad «sidebygning enkefru»). Jensine er «Enkefru med pensjon av geistlige enkefond» og Sara er «Frøken Husholderske og hønserieierske».[14]
Jensine Klykken Schjelderup døydde 15. januar 1907. I dødsannonsen står det «Vor kjære Mor, Enkefru Jensine Schjelderup, født Klykken, døde stille og rolig inat, 81 aar gammel. Børnene.»[15]
Galleri
Dei måtte sjølv sørge for å få sett opp den første presteboligen i Hattfjelldal i 1863. Her er huset med ei gruppe konfirmantar framfor frå etter deira tid, ca 1890. Foto Ole Tobias Olsen.
Referansar
- ↑ Jensine Petrine Grunen Petersdatter i Ministerialbok for Inderøy prestegjeld, Sakshaug sokn 1822-1830 fra Digitalarkivet
- ↑ Peder Danielsen Klykken, historier.no
- ↑ Den Norske Rigstidende 1860.06.19. 18600619. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ 4,0 4,1 Jacobsen (2001) s. 172
- ↑ Einar i Ministerialbok for Steinkjer prestegjeld, Søndre Steinkjer sokn 1838-1868 fra Digitalarkivet
- ↑ Digitalarkivet, skann av tittelblad
- ↑ Flotten (1964) s. 87
- ↑ Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, AV/SAT-A-1459/823/L0324: Ministerialbok nr. 823A01, 1860-1878, s. 197 i Digitalarkivet Kloppen (1964) s. 87 oppgjev feilaktig dødsåret som 1864.
- ↑ 0006 Hatfjelddalen i folketelling 1865 for Hattfjelldal prestegjeld fra Digitalarkivet
- ↑ Svare (1970)
- ↑ Præstegaarden i folketelling 1875 for Lærdal prestegjeld fra Digitalarkivet
- ↑ Bostednr 50 i folketelling 1891 for Lærdal herred fra Digitalarkivet
- ↑ Espe (2005) s. 427
- ↑ !! Schjelderup i folketelling 1900 for Leikanger herred fra Digitalarkivet
- ↑ Bergens Aftenblad (Bergen: 1889-1942) 1907.01.17. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder
- Erlandsen, Andreas. Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift. Utg. Chr. Tønsbergs Forl .. Christiania. 1857. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Espe, Alfred. Lærdal bygdebok. Utg. Lærdal kommune. Lærdalsøyri. 2005. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Flotten, Olav. Klykkenslekta i Overhalla. Utg. O. Flotten. Namsos. 1964. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jacobsen, Kjell. Gardshistorie for Hattfjelldal. Utg. Vefsn kommune. Mosjøen. 2001. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Svare, Reidar: "Litt om finnar og finneprestar". Helgeland Arbeiderblad 1970.11.14. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jensine Klykken Schjelderup i Historisk befolkningsregister
| Artikkelen Jensine Klykken Schjelderup (1825–1907) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |