Lærar og ordfører Nils Lyslo Foto: Norske skulefolk, 1952 Nils Lyslo var fødd på Lyslo (gardsnr. 48, bruknr. 7) i Innvik i Nordfjord 30. januar 1900, og døydde på Bru i Sunnfjord 10. desember 1959. Han gjekk Volda lærarskule og var frå 1922 lærar i Åseral, før han drog til Lærdal og vart verande der til 1947. Han var ordførar i Borgund i 12 år og hadde fleire andre verv.
Frå 1948 til 1951 var han lærar i Lesja, der han òg var aktiv i Lesjaskog Arbeiderlag og leiar for Bjorli skilag eitt år. Han var òg aktiv i Lesjaskog skyttarlag og fortalde til Norges skyttere i ord og bilder. Østre del i 1953 at han begynte som skyttar i 1916 fordi han fekk delta i premieskyting med salonggevær på skulen. Les mer …
Rosekyrkja i Stordal Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard. Les mer …
Foto: Arnfinn Kjelland (2010) Lodalsulukkene 1905 og 1936 var to rasulukker i Lodalen i Stryn. Til saman omkom 135 menneske, dei fleste som følgje av flommen då steinmassane frå Ramnefjellet raste ut i Loenvatnet. Dei to rasa reknast som dei verste naturkatastrofane i Noreg i nyare tid. Lodalen vart fråflytta etter raset i 1936. Først i seinare tid har nokre få busett seg der; i 2011 budde det to familiar i Bødal.
Det er sett opp ei koparplate ved turistvegen mellom Bødal og Kjenndal, med namna på dei som ikkje vart funne att. Ved Loen kyrkje står det to minnesteinar med namna på alle dei omkomne. På Nesodden vart det reist ein stor kross, nær staden kor det første minnesmerket stod. Les mer …
Gamle Rand skule var det første skulehuset i Rand krins i Stryn kommune (tidlegare Innvik kommune). Huset står framleis i Randabygda i Skrede, på nordsida av Innvikfjorden.
På 1880-talet vart det bestemt at det skulle byggast skule i Randabygda, og Rand skule vart plassert slik at det skulle vere kortast mogeleg for ytterkantane i bygda. Det vart målt frå Hoplandstunet, Aalandstunet og Tvinnereimstunet, og Skrede låg omlag midt mellom desse ytterkantane.
Skulehuset vart bygd av tømmer frå Randaskogane. I 1879 bles mykje av skogen ned i ein spesielt kraftig hauststorm, og dette tømmeret vart frakta den lange vegen over Holmøyskaret med hest og slede på dugnad.
Gamle Rand skule hadde eit skulerom, eit kammers, ein gang, grovkjellar og loft. Kammerset var i tid brukt som lærarbustad, og seinare til utstyrsrom. Kjellaren var liten og med jordgolv og vart brukt til lagerrom for ved. Skulerommet var stort og lyst med heile seks store vindauge. Det var ikkje innlagt vatn i huset, og dei brukte oljelamper fram til 1928 då det vart lagt inn elektrisk lys. Skulen var utstyrt med ein stor omn, dobbeltpultar, eit høgt skap for bøker og utstyr, nokre kart og ei veggtavle. Les mer …
|