Johan Christopher Haar Daae
Johan Christopher Haar Daae (1759-1827) var sokneprest.
Han var fødd i Lindås prestegjeld i 1759. Foreldra var Ludvig Daae (1723-1786), sokneprest i Lindås, og Drude Cathrine Haar, ei prestedotter frå Voss.
Johan Christopher tok teologisk embetseksamen i 1781, og i perioden 1782-1785 arbeidde han med landmåling på Jylland, i regi av Videnskapernes Selskab. I 1785 vart han utnemnt til personleg kapellan i Lindås i Bergen stift. Deretter vart han personleg kapellan i Førde i 1788, residerande kapellan i Innvik i 1798, før han vart utnemnt til sokneprest i Norddal prestegjeld i 1804. Her vart han verande fram til 1820, då han vart innsett som sokneprest i Veøy prestegjeld i Romsdalen. Her døydde han i 1827.
Johan Christopher vart i 1790 gift med Susanne Grythen (1760–1828) frå Kinn prestegjeld i Sunnfjord. Saman fekk dei ni born.
Våren 1814 var Johan Christopher Haar Daae valmann for Norddal prestegjeld.
Kjelde
- Johan Christopherri Haar Daae i folketelling 1801 for Innvik prestegjeld fra Digitalarkivet
- Erlandsen, Andreas: Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Trondhjems Stift, s. 514-515.