Norddal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norddal kommune
1524 Norddal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1524
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Sylte i Valldal
Areal 943.54  km²
Areal land 902.19  km²
Areal vann 41.35  km²
Folketall 1 663 (2017)
Grunnlagt 1838
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Norddal kommune ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke og grensar til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust og Stranda i sør og vest. Kommunen er den einaste i Møre og Romsdal som har hatt uendra grenser sidan opprettinga i 1837/1838. Administrasjonssenteret Sylte er sentrum i den einaste tettstaden i kommunen, Valldal.

Husdyrbruk, hagebruk og fruktdyrking er viktige næringsveger. Kommunen har kring 80 % av fruktarealet i Møre og Romsdal, med vekt på eple og pære. Norddal har óg halvparten av bærarealet. I industrien er det mest møbel- og trevareindustri. Tidlegare har olivin vore utvinna i Tafjord, men drifta er nedlagd.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!