Nils Christian Ottosson Schreuder

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Christian Ottosson Schreuder (1748-1822) var handelsmann og gjestgjevar.

Han vart fødd i Innvik i Nordfjord i 1748. Schreuder tilhøyrde ei embetsmannsslekt som var etablert i Vanylven i perioden ca. 1760-1825. Faren Otto Pedersson Schreuder (1708-1782) var sokneprest i Vanylven 1759-1776, eit embete bror til Nils Christian, Peder Ottosson Schreuder (1747-1813), overtok og sat i fram til han døydde i 1813. Nils Christian sjølv bygsla i 1784 eit bruk under garden Åheim (bnr 2). Nils Christian var gift med Sophie Amalie Heiberg (1754-1825) frå Bergen, og dei fekk minst fem born saman.

Åheim var frå gammalt av både kyrkje- og handelsstad, og Nils Christian fekk i 1797 privilegium til å drive handel her. I tillegg dreiv han gjestgjeveri på garden. Schreuder-folket skal ha vore dugande føregangsmenn i bygda. Våren 1814 var Nils Christian Ottosson Schreuder valmann for Vanylven prestegjeld.

Kjelder

  • Fiskaa, Haakon: Bygdebok for Vanylven. Gard og ætt, 1957, s. 304-313.
  • Fiskaa, Haakon, Bygdebok for Vanylven, bd. 2, Ålmenn bygdesoge, 1965, s. 82-83.
  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr.: Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, s. 331-332.
  • Nils Schrøder i folketeljinga 1801 for Vanylven prestegjeld frå Digitalarkivet
  • Nils Schreuder i Skifteregister for Sunnmøre 1690-1886 fra Digitalarkivet.

Eksterne lenkjer