Strandebarm

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Båttypen strandebarmar, her ein fembords færing.
Foto: Carl Henrik Lampe

Strandebarm er ei bygd i Kvam herad i Hardanger.

Namnet er set saman av strand og barm (bryst/barm, i tydinga vika av stranda) og var opphaveleg nytta om Strandebarmsbukta. I Norsk stadnamnleksikon heiter det at «Barmen er ofte brukt som stadnamn på Vestlandet i denne tydinga». Ein person frå Strandebarm kallast ein strandberming.

Bygda tilsvarar tidlegare Strandebarm kommune, som vart etablert i 1837. Kommunen vart delt i to i 1862, då Jondal vart delt ifrå. I 1902 vart òg Varaldsøy skilt ut. Mesteparten av det dåverande Strandebarm herad vart i 1965 samanslege med delar av Varaldsøy, Jondal og Kvam til nye Kvam herad. Gjennom mesteparten av 1900-talet, fram til samanslåinga i 1965, låg inbyggjartalet rundt 1600-1700.

Ein strandebarmar er ein robåttype som oppsto i Strandebarm i byrjinga av 1900-talet.

Stadnamnet er òg kjend frå Strandebarm prosti, eit kyrkjesamfunn som vart skipa då prestane Børre Knudsen, Per Kørner og Ludvig Nessa i 1991 forlot Den norske kyrkja.

Kjelder og litteratur