Forside:Kinn kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Flora • Vågsøy

Om Kinn kommune
Kinn kommune sitt våpen.
Kinn kommune i Vestland vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåing av Flora kommune i Sunnfjord og Vågsøy kommune i Nordfjord. Namnet har tidligere vore nytta på ein kommune med andre grenser, sjå Kinn kommune (1838–1964).

Nye Kinn kommune har to kommunedelar som ikkje grensar til kvarandre, ettersom Bremanger kommune i Nordfjord ligg mellom. Dei to kommunesentra Måløy og Florø ligg 100 kilometer frå kvarandre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Eldevik sin 80-årsdag. Han sit til venstre, medan vi ser sønene Sigmund og Leif bak til høgre.

Lars Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna landsmålssak, ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken. Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i noverande Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter.

Lars Eldevik vart gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959).   Les mer …

Olav Joleik som barn, med mora Wanga og faren Albert.
Foto: Ukjend fotograf/faksimile frå Nordmenn i Afrika - afrikanere i Norge (2002)
Olav Joleik (fødd 22. februar 1907 i Lusambo i Kongo, død 23. september 1999 i Flora) var jordbruks- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita sunnfjordsbygd på det meste av 1900-talet. Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt akseptert og integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende han godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk.   Les mer …

Kvalheim krins 1861
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kvalheim krins låg opphavleg i Selje kommune. I 1910 vart krinsen ein del av nye Nord-Vågsøy kommune. Ved kommunereguleringa i 1964 vart kommunane Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og delar av Davik kommune slegne saman til Vågsøy kommune.

Under krinsreguleringa i 1861 vart Indre- og Ytre Kvaleheim i tillegg til Myra lagt til Kvalheim krins. Krinsen hadde då 30 elevar. Skulestove og kost skulle haldast hjå Ole Myre. Tilsynsmann var Peder Nilsen Ytre-Kvalheim.

Kvalheim krins fekk skulehus i 1911 og var for det meste ein todelt skule, utanom tidsrommet 1938-1945, då var den tredelt.

I 2003 vart Kvalheim krins lagt ned og elevane sendt til Raudeberg skule   Les mer …

Rognaldsvåg skule
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Rognaldsvåg skule i dåverande Flora kommune stod ny i 1972. Med det nye skulebygget i Rognaldsvåg vart krinsane Kinn, Skorpa, Reksta og Rognaldsvåg slegne saman og alle elevane sendt hit. I 2008 vedtok Flora kommune å leggje ned skulen, og skulelevane må no følgje båt inn til Florø barneskole. I dag blir skulebygget nytta som samlingstad og klubblokaler for grenda.   Les mer …

Historielaget sin logo.
Flora Historielag er eit historielag i Flora i Kinn kommune. Laget vart skipa 28. mars 2001, og har frå same året gjeve ut årsskriftet Floraminne. I 2018 hadde historielaget 218 medlemmer. Ideen om å skipe eit historielag i Flora kom frå dåverande kultursjef Edvin Helgheim.   Les mer …

Elias Melvær

Elias Melvær (fødd 1. mai 1848 i Askvoll, død 21. september 1924 i Bergen) var lærar, politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. Melvær var son av gardbrukar og fiskar Abraham Wilhelmson Melvær og Anne Arnesdotter Einen. Han voks opp på garden MelværBulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane. Melvær gjekk Stord seminar og tok eksamen 1869. Same året vart han lærar i Kjølsdalen i Davik (no Eid kommune) i Nordfjord, og etter to år fekk han i 1871 ein lærarpost i Grimelid i Askvoll. Her var han i tre år før han 1874-76 var allmugeskulelærar i Florø.

I 1876 vart Melvær tilsett som lærar på den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen. Han følgde med amtsskulen då han flytte til Innvik i 1886 og vidare til Florø i 1892. Etter 24 år som andrelærar slutta han då skulen flytte til Nordfjordeid i 1900.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Kinn kommune
 
Andre artiklar